Utsyn frå Klebergseggi: Her ser du Jørongabøgdi, Gaupnefjorden, Neshøgdi, Lustrafjorden, Feigum med Feigefossen og Feigedalen.

 bildet ser ein mykje av Jørongabøgdi som ligg i Luster kommune.

Nederst, midt i bildet ser ein husa til dei to bruka som flytta ut frå "klyngjetunet" i 70 åra.  Lengst til venstre Øvretun og Tørvi. Gardane aust for Tørvi er Joranger øvre Dei 4 bruka øverst er Opheim, den øverste kjend som Sjåflat. Lengst til høgre Joranger kyrkje og Joranger nedre.

Stølane Høgistølen, Ulvongo, Brekka, Midtstølen, Saupsete,Trollsete, Røyteholet, og Lyngsete, ligg i fjellområda ovafor innmarka. Området høyrer til Indre Hafslo.  Ikkje uvanleg at folk tek seg ein tur til Skogavarden,  Lyngsetnipa eller Molden

Skulehuset på Joranger var i bruk som skule i 50 år fram til 1914. Då vart krinsen slått saman med Fet, og det vart bygt nytt skulehus på Kjørlaug, Livdtun skule som var i drift til 2007. Då vart Indre Hafslo skule Ljosvang teken i bruk.

Joranger kyrkje og "Klyngjetunet" Joranger nedre var inntil vassverket kom avhengig av same vasskjelda. Vatnmangel var nok opphavet til denne som mange andre "klyngjetun" i gamal tid.

Joranger kyrkje, og kalla Jørongakyrkja.

Sjølv om kyrkja ikkje er stor, har ho på avstand noko høgreist og majestetisk over seg der ho ligg på eit høgdedrag med utsyn mot Lustra- fjorden. Her har det lege kyrkje kanskje så langt tilbake som 1200-talet. Kor lenge veit vi ikkje, like lite som vi veit den faktiske alderen på kyrkja som står på staden i dag.  Meir om kyrkja

     Forutan Jørongabøgdi soknar Høgi, Kjørlog, Sviggaplassane, Marheim, Marifjøra, Hundshammer, Dvergsdalane og Eikjastrondi, til  Joranger kyrkje.

Frå kyrkja ser ein ned på Gaupne og Lustrafjorden. Ein ser noko av Engja-dalen, Råum, Nes og Feiga samt Feigefossen.  Ein ser det meste av Svigga-plassane  og utover mot Fet- bøgdi. Ein ser deler av Lambhaug og Morki, samt nedre og øvre jørongo, Tørvi og Opheim.

Garden øverst til venstre kallast Bekken. Nedunder ligg garden La, og nederst ser ein noko av Marifjøra. Ein ser og ein bete av Gaupnefjorden som endar opp ved kommunesenteret Gaupne

Den gulmerka vegen var sjøvegen til Jørongane og kyrkjevegen til dei som budde i Marifjøra og omland. Den går via gardane La og Bekken.   

Marifjøra er ein tettstad i Luster kommune ved utløpet av Maradalen. Marifjøra var hamn, handelsstad og tingstad for bygda Indre Hafslo, som femner om Fet og Joranger sokn. Marifjøra høyrde såleis til Hafslo kommune før kommunesamanslåinga i 1963.

Mange av butikkane som fanst på 1900-talet er i dag nedlagde. Men det vert satsa mykje på turisme og Marifjøra har framleis plass til mange overnattingsgjester med Tørvis hotell som den leiande verksemda. Staden ligg ikkje så langt frå Gaupne, kommunesenteret i Luster, og mykje av handelen - og andre ærend - kan gjerast der. Både postkontor og telefonstasjon er borte, men Marifjøra har både skule og barnehage i sin umiddelbare nærleik. 

Marifjøra tapte posisjonen sin som leiande handelsstad ved Gaupnefjorden då Gaupne vart administrasjonssentrum i den nye storkommunen Luster i 1963.

Meir om Marifjøra her