Gaupne, administrasjonssenteret i Luster kommune.            

Gaupne er ein tettstad i Luster kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,5 km², og har 1282 innbyggjarar (2023). Fakta om Luster kommune (B)

Tettstaden Gaupne hadde 5302 innbyggjarar i 2023 og eit areal på 2 706,35 km². Gaupne ligg innerst i Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden. Gjennom bygda går fylkesveg 55, som startar i Vadheim i Ytre Sogn og strekkjer seg hele vegen til Lom i Gudbrandsdalen.

Kommunane Luster, Jostedalen og Hafslo vart frå 1. januar 1963 slegne saman til ein kommune og Gaupne vart kommunesenter(B).

Gaupne er ei bygd i kraftig vekst og er den største tettstaden i kommunen.

Det første heradsstyret i storkommunen kan du sjå her(B). Luster Rådhus vart planlagt og bygd i tidsrommet 1964/1968 og hadde offisiell opning den 7. september 1968(B).

Fylkesveg 55 gjennom Gaupne hadde ein betydeleg flaskehals ved passering av Røneid bru(B), noko som pressa fram bygging av ny veg frå Røneidsgrandane til Sandvik. Arbeidet med nyevegen starta i 1964 med støyping av brukar i Jostedalselva(B). Vegstrekningen vart overlevert hausten 1967(B)(B). Vegen vidare til Neshøgda vart også utbetra. I september 1970 er arbeidet med å sprenge Neshammaren i gong, og det er planar om å gå laus på Råumstunellen til vinteren, skriv avisa(B).

Røslebakkene, det første byggefeltet i Gaupne. Kommunen vedtok å laga reguleringsplan for området i 1972 og dei første husa vart truleg bygd i 1974.Tomteprisane(B).

Luster kommune i 1905

Dåverande Luster kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Dale hovudsokn og anneksa Fortun, Nes og Gaupne. Kommunen var eige tinglag i Sogn fogderi og eige lensmannsdistrikt. I 1917 endra kommunen namn til Luster. Kommunen grensa i 1905 til fylgjande kommunar: Hafslo, Innvik, Stryn, Jostedal, Skjåk, Lom, Vang og Årdal. I følgje folketeljinga i 1900 budde det 3006 personar i Luster kommune.

Kommunen var delt i 15 skulekrinsar med 512 born i skulepliktig alder, ni lærarar og ei "lærarinne " (1895). Kommunen delte distriktslækjar med nabokommunane Jostedal og Hafslo. Det var og ein hagebruksskule i kommunen, Lærums hagebruksskule. På Harastølen i Luster låg også Luster Sanatorium, etablert i 1902, som var behandlingsinstitusjonen for tuberkuløse på Vestlandet.

Landbruk og hagebruk

Jordbruk var den viktigaste næringa, og det omfatta både tobakk, frukt- og bærdyrking. Fruktdyrkinga gav i gode år like mykje inntekt som dei andre greinene av jordbruket. Ein god apal kunne vere like lønsam som ei god kyr. Fruktdyrkinga skaut fart på slutten av hundreåret, og dyrking av hagebær kom også for fullt i denne perioden. Dette var ein konsekvens av den veksande konservesindustrien i kommunen. Det drivande klimaet langs fjorden gjorde også tilhøva optimale for tobakksdyrking. I Dalsdalen vart det drive to helle- og eit skiferbrot, sistnemnde vart drive som eit bygdeselskap. På Feigum var det mølle- og sagbruk og på nokre stader var der sirkelsagbruk. Meir her

Bildet er teke 4. september 1964 og ein ser brukara til den nye brua.

Dampskipet Alden kom til Hotla fyrste gong 10. april 1910. Meir om dette (B)

Dei folkevalde 2023-2027(B).