Andre utdanningsinstitusjonar

Buskerud Husflidsskule I 1954 sette eigarane av Gol Trevarefabrikk opp ein bygning attmed fabrikken som dei skulle leiga bort til Buskerud kvinnelege husflidsskule. Då såg bygningen slik ut. Husflidskulen hadde sitt første elevkull skuleåret 1956/57. Det var to klassar, ein i saum og ein i vev. Skuleåret 1962/63 fekk skulen tre klassar. Dette krevde meir plass og eigarane bygde på ei høgd. Huset stod klar til skulestart hausten 1962. Buskerud Husflidskule utvida klassetalet skuleåret 1977/78 med ein klasse. Denne gongen vart det ikkje utviding av eksisterande lokaler, men vevklassen flytta til eit leigd lokale i Samfunnshuset. Seinsommars 1981 flytta skulen frå Dalabakken til leigde lokaler i det nye LK-bygget. Frå nå av var Buskerud Husflidskule under same tak og det var rom for fleire klassar og skulen fekk tidsmessige romforhold for både elevar og personale.

Frå 1956 Buskerud kvinnelege husflidsskule, frå 1972 Buskerud husflidskule.

Husflidsskulen vart i 1994 offisielt slege saman med Gol vidaregåande skule, og skulen var igjen på flyttefot. Rombehovet vart dekka opp  ved å ta i bruk lokale i Samfunnshuset.

Hallingdal Folkehøgskule

Hallingdal folkehøgskule  (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.

Hallingdal Gymnas

Hallingdal gymnas, nå Gol vidaregåande skule (fylkeskommunal) ligg på Gol i same komplekset som Gol ungdomsskule og Gol samfunnshus. Skulen vart teken i bruk hausten 1965. Les om Hallingdal Gymnas her. Skulen har gjennomført to utvidingar. Den første i 1974/75 og den andre i 1998/99. 1975 utbygginga skuldast gymnasreforma som kravde meir romareal. 1999 utbygginga var eit resultat av at Nesbyen vidaregåande skule skulle leggjast ned og elevane måtte delast på Gol og Ål vidaregåande skular.

Hallingmoanlegget

Bildet må vera frå hausten 1993 eller våren 1994. Ein ser at det er planert og gjort klart for grunnmursarbeid på klubbhuset.

Hallingmoanlegget: Formanskapet godkjende planane i 1963. Hallingdal gymnaset starta opp i 1965. Gol ungdomskule starta opp i 1966. Biblioteket, Gol Folkeboksamling flytta frå kommunehuset (Tingstugu) til Hallingmo hausten 1966. Kari Schei var den første bibliotekaren i fellesbygget 1967. Men biblioteket vart fort for lite og alt i 1987 kunne ein ynskje golingane velkomne i nye lokale.  Hausten 1968 vart fellesbygget teke i bruk. Du kan lesa om opninga av Hallingmoanlegget 28.september 1968 her og her.

Lysløypa: Den offisielle opninga av lysløypa på Hallingmo var i februar 1970. Men alt i desember 1969 vart det første skirennet avvikla. Då Tronderudvegen vart bygd ferdig våren 1978 fekk lysløypa to undergangar.

Skuleidrettsanlegget: Skuleidrettsanlegget som ligg aust for Samfunnshuset består av ei fotballbane og ei tennisbane. Framdrifte av utbygginga er avhengig av bevilgningar. Slik også her. Men hausten 1971 kunne  fotballbana takast i bruk. I skuletida er det skulane som har førsteretten til bana, medan idrettslaget nyttar anlegget ettermiddag og helg. Rett før snøen kom i 2018 var ein ferdig med å leggja kunstgras på fotballbana. Offisiell opning i 2019. Leverandøren har bilder

Sentralidrettsanlegget: Det har i mange år vorte lagt ned mykje arbeidt for å få til eit kommunalt sentralidrettsanlegg på Hallingmo nord for Samfunnshuset. I desember 1979 var planane klare. Folket stilte opp med dugnadsinnsats. Tomta vart  grave ut  hausten 1981. I slutten av september i 1985 var arbeidet med kunstgras- og friidrettsbana på Hallingmo ferdig. Offisiell opning i september 1986. Anlegget har vore mykje brukt og i 2018 vart både kunstgrasbana og løpebanane rehabilitert.

Klubbhuset: Mykje av grunnarbeidet til klubbuset vart utført i 1993.  Så starta bygginga sumaren 1994. Så vart det klubbhus i 1985.  Levande dugnadsånd også i 1996.