"Dar kjem dampen" til Handelsstaden Marifjøra

Bryggja ved fjorden var tidlegare det viktigaste bindeleddet med omverda, men trafikken på fjorden er ikkje lenger så viktig. 

Fylkesbaatane var første fylkeseigde ruteselskapet i landet, og vart skipa i 1858. Frå 1919: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 

Selskapet hadde i starten to dampskip som dei sette inn i passasjer- og godstrafikk mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Desse skipa vart kjøpte inn og kom i trafikk vinteren 1858/59

I 1862 kom dampen til Marifjøra ein gong i veka.

I 1891 er det tre båtanløp i veka i Marifjøra

   I 1911 er det fire båtanløp i veka i Marifjøra.

I 1995 er det berre eit båtanløp i veka i Marifjøra, og Fylkesbåtane er komen attende der dei starta

Fylkesbaatane feira 100 år i 1958. – Jubileumssong av Jakob Sande. Fylkesbåtane sine skip 1858 - 1958 her

Dampskipet DS «Alden» vart  bygd i 1888 for "Nordre Bergenhus Amts Dampskibe", seinare eigd av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Skipet gjekk i lokalrute i Sogn frem til krigen.  Alden vart seld til opphogging i 1957, men det kom ein ny "Alden" i 1958

Eit anna skip som gjekk mykje i Sogn var DS "Kommandøren" bygd 1891 ved Akers mekaniske verksted (byggenr. 132) Senka av tysk torpedo i 1945.

"Dar kjem dampen"