La, Gnr. 93

Garden ligg etter den tidlegare sjø- og kyrkjevegen i Jørongasokni.

Det var ein kjerreveg som batt bruki på vestsida av dalføret, det vil seie Høgi, Tørvi, Opheim, øvre Jørongo, nedre Jørongo og Prestegarden, saman med strandstaden Marifjøra. Likeeins var det ein offentleg veg som gardane Dvergsdal, Hunshamar og bebuarane i Marifjøra på austsida av elva Mara nytta som kyrkjeveg når dei skulle til Jørongokyrkja.

Den noverande vegen frå Marifjøra opp til La vart bygd i 1973.