Indre Hafslo

Indre Hafslo ligg mellom Hafslo og Gaupne i Luster kommune. Den lokale uttalen av bygdanamnet er Indrehafslo, og bygda går òg under namnet Indrebøgdi

Indre Hafslo er ei bygd og ein skulekrins. Indre Hafslo høyrde til Hafslo kommune fram til kommunesamanslåinga i 1963. Bygda og skulekrinsen femner om Fet og Joranger sokn. Marifjøra, Dvergsdalen og Eikjastrondi høyrer og til Indre Hafslo.

Marifjøra har vore hamn, handelsstad og tingstad for Indre Hafslo. Tinglaget utgjorde tidlegare eit eige skipreide med namnet Marifjøra.

           Indre Hafslo vart på 17- og 1800-talet kløyvd i skulekrinsane Joranger, Fet, Ugulen, Mollandsmarki og Eikjastrondi. I etterkrigstida vart skulekrinsane slegne saman til Indre Hafslo med Livdtun skule på Kjørlaug som skulehus (bygt 1914). Skulen var i bruk til 2007 då nybygde      Indre Hafslo skule vart teken i bruk.

Indre Hafslo i panorameversjon: Klikk her

  

  

  

   

   

   

   

   

    

    

    

    

Fet og Joranger Soknet har to kyrkjer,

Fet kyrkje frå 1884 og Joranger kyrkje frå 1600-talet. Begge stadene har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Tidlegare var Fet og Joranger to sjølvstendige sokn i Hafslo prestegjeld, men i 1967 vart dei overførde til Jostedal prestegjeld og slegne saman til eitt sokn.

Av stadnamn ut i bygda kan me nemna Falkagjerdet, Veo, Morki, Li, Bruheim, Sønnesyn, Melheim Fet og Høgi: I Lambhaug var det butikk og postkontor. Nyevegen som kom i 1987 gjer at få køyrer innom bygdasentrumet på Lambhaug no lenger, men har du køyrt buss på strekninga Hafslo– Gaupne, så har du nok vore der.

Lenger aust: Kjørlaug, Opheim, Tørvi, Joranger (lokal uttale: Jørongo), Sviggaplassane, La, Marifjøra Hunshamar, Dvergsdalane og Eikjastrondi.

Så kjem dei ti tinga du (sannsynlegvis) ikkje visste om Indre Hafslo: (Sogn avis Birthe Johanne F. Finstad Publisert 09.07.2009

1. Den siste matvarebutikken – Samvirkelaget på Lambhaug – stengde for godt på midten av 1990-talet. No må indrebøgdingane til Gaupne eller Hafslo for å kjøpa matvarene sine.

2. Bygda har eige spelemannslag, du kjenner kanskje refrenget: «Indre Hafslo Spelemannslag, besta laget me har i dag. Dei spela so blodet brenn, dei spelar så kroppen blir varm igjen».

3. Ordføraren i Luster, Torodd Urnes, er frå Indre Hafslo. Han er forresten òg veterinær.

4. Det er heile to kyrkjer på Indre Hafslo. Fet kyrkje som ligg på Fet, og Joranger kyrkje som ligg på Joranger (les: Jørongo). Sistnemnde er ei såkalla 1600-talskyrkje og har 85 sitjeplassar.

5. Bygda har ein OL-deltakar. Kjellfred Weum deltok i 110 meter hekk i OL i Mexico i 1968, og med OL-tida 14.04 er han (sist me sjekka) framleis på åttandeplass av alle norske løparar på korthekken. Weum blei seinare lensmann i Luster, men er no pensjonist.

6. Ungdomslaget tok opp att tradisjonen med påskerevy i år, etter at denne hadde lege brakk i 14 år. Det enda med to fulle hus og folk som måtte snu i døra.

7. Ungdomshuset på Indre Hafslo er nok kjent langt utanfor både bygde- og kommunegrensene. Det heiter offisielt Ljosvang, men har av ymse grunnar fått tilnamnet Slaktehuset. Det var her årets påskerevy fann stad.

8. På Lundshaugen la kommunen ut eit nytt byggjefelt med tolv tomter for ein del år sidan. Her er det no selt to tomter, og ei av desse er det bygt på.

9. Indre Hafslo har eit rikt næringsliv, og blant verksemdene som held til i bygda kan me nemna Sønnesyn sag, Vemax, Luster trelastlager, steinbrotet og bruktbutikken i Øyna.

10. Det er både ny barneskule og barnehage på Indre Hafslo. Barnehagen stod ferdig i 1999 og skulen i 2007. Desse ligg begge like ved Slaktehuset. Her er det òg både volleyballnett, ballbinge og grusbane, der utflytte indrebøgdingar samlast for å spela fotball sånn cirka ein gong i veka.

Lytt til Hafslovalsen. 

Hafslovalsen er laga av Edvard Veum. Vart skriven på notar av Oddvar Stegegjerdet. Indre Hafslo spelemannslag spelte den inn på kassett i 1990. Her kan du sjå ein video av stillbilete som er lagt til Hafslovalsen.

Gamle Hafslo kommune 1905

Fetbøgdi

Høgi

Jørongabøgdi

Kjørlog

Sviggaplassane

Marheim