MARHEIM, Gnr. 102

Marheim femner om den inste delen av Sviggaplassane, ein del av tettstaden Marifjøra og eit par bruk på vestsida av Gaupnefjorden. I luftlinje er avstanden frå hovudbruket opp til soknekyrkja på Jørongo berre vel 800 meter, men etter kyrkjevegen opp Labakkane er avstanden på om lag to og ein halv kilometer. Etter bilvegen er avstanden om lag fire kilometer.

Hovudbruket på Marheim ligg om lag 80 moh. Det var ikkje før på slutten av 1880- åra at Marheim vart oppdelt i fleire bruk. I 1888 og 1893 vart husmannsplassane i Stølen og Øy utskilde. 1919 vart husmannsplassen Gjerde utskilt. Kårbruket Marheim nedre vart utskilt 1923 men gjekk attende til hovudbruket 1989. Grindhaug vart utkjøpt 1927.