Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

HØGI, Gnr. 99

Bnr. 1 Urnagarden, bnr. 2 Briktegarden, bnr. 3 Einargarden og bnr. 4 Pergarden.

Høgi er den høgstliggjande av gardane i Jørongasokni, omlag 350 meter o.h.

Høgi hadde sjø- og kyrkjeveg austover, inn til Juso og ned til Tørvi, øvre Jørongo og til soknekyrkja. Derifrå heldt sjøvegen fram gjennom tunet på nedre Jørongo ned til La og vidare ned til Marifjøra.

I 1950 stod det ferdig ny veg inn til Høgi via Lambhaug.