Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Utviklinga ved Heslabrua starta med bekkekvernene. Kverna ved Heslabrune har opphavleg tilhøyrt søre Hesla. Det eldste kvednastøe var nok ovafor brune. Denne kverna er nemnd  i 1673.

Bildet viser at bebyggelsen ved Heslabrua 1892 bestod av bekkekverner og stugu for mølleren eller møllerfamelien. Mølla på bilde reiste med flaumen 1890 og vart ikkje sett opp att. Men mølla ovafor brua var i drift i 1920 åra.

1897 - 1904. Dei første husa ved Heslabrua.

Hus (1) er butikken til Engebret B. Eidsgaard. Engebret eigde frå før halvdelen av Heslafossen, og i den gamle kvilestugu ved kverna byrja han i 1892 med krambu(B). (Ein ser av bildet ovafor at Engebret har snudd kvilestugu og bygd på eit eller to rom.) Året før, i 1890 hadde Arne Halsteinsgaard starta opp som kjøpmann på nordsida av Heslabrua (5). Dette var dei første nye landhandleria i Gol.

Huset (4) er Bakarstugu(B) som vart bygt i 1900 eller like etter av reisverk. Dei baka i underetasjen for der stod bakaromnen. I 1898 vart Eidsgaard Hotell, (2) bygd. Engebret Eidsgaard dreiv skyssstasjon åra 1902/13, stasjonen hadde vore på Viko frå sist i 1870 åra til 1902. I 1913 kom det krav om at den måtte flyttast til jernbanestasjonen, og såleis vart Fagerlund skysstasjon(B) oppretta.

I 1846 vart det postopneri i Gol(B).

Det var mykje skog ned på Mo`o i 1914. Og det er ikkje mange hus å sjå. Skogen me ser på bilde ned til Breidok og Viko, er skog til bruka oppi Golreppen og Søre Hesla. Husmannsplassane Viko hadde her, ligg i skogremmar som vart kjøpt til Viko.

Men korleis vart utviklinga, bilda kan seie noko om det. Nærast i bilde ser ein Søre Hesla(L). Lengst til høgre ser ein Bøhn, Vonheim som var skyldelt i 1898. Bøhn vart seld til Gol Ungdomslag. I 1910 brann ungdomshuset men det vart timra opp nytt hus i 1911(B)(B)(L). Tingstova og bautasteinen er frå 1914. Bautasteinen vart innvia 2. juni 1940(B)(L). Bruvolden (O. Slettemoen) vart skyldelt i 1906. (O. Slettemoen var ein sers driftig og insiktsfull mann. Han fekk i 1912 med seg O. Narum, Knut Hesla og Per Kinneberg og bygde Myklefossen Kraftstasjon(B) som kom i drift i 1913. Utgangspunktet var å forsyne mølla like nedanfor med kraft, men overskot i produksjonen gjorde at omlag 40 kringliggande husstandar fekk nyte godt av det revolusjonerande «Slettemolyset»)(L). Bruslett (Halsteinsgaard landhandel) anno 1890(L). Mølla vart bygd i 1913(L). Butikken til Eidsgaard er frå 1892. Eidsgaard Hotell vart bygd i 1898. Uthus og stabbur er frå + - 1902. Der stod og ei Bakastugu. Med utbygginga av jernbana oppstod eit behov for brødbakst(B)(L). Embrik Eidsgaard var ein drivandes kar. Han dreiv og i tida 1902-1913 skysstasjon. Like etter århundreskiftet bygde han eit lite elektrisitetsverk  neda Heslabrua(B). Det må ha vore det første i dalen. Han bygde verket i samdrift med mølla han hadde i elva. Det gav lys til husa hans. Men i 1919 kom det ein storflaum og reiv med seg kvernhuset og dermed e.verket. E.verket vart då selt til Granheim, men huset stod til etter krigen(B)(L). Skimtar Bergland, postopneriet som vart flytt frå Teigen(B) og hit i 1897, var truleg i drift her i 1914(L). Det er noko uklart kva år posten flytta til Fagerlund ved jernbanestasjonen(L). Til høgre i bilde ser ein Eidsvall. Det er ein husmannsplass frå 1700 talet som ligg/låg ved gamlevegen(B)(L). Rett bak og litt til høgre for uthuset til Eidsgaard skimtar ein Stensby (Stensgård) som var bygd -1914 (L). Litt til høgre for Stensby ser ein "Skansenhuset" Tingvold. Her har det vore hus frå siste halvdel av 1800(L). Lenger ned i skogen ser me ei flaggstang. Det er Furuheim (Moremmen) som vart bygd i 1909/10(B)(L). Like ved låg Moen, (Moremmen)  Hakkestugu frå 1850 talet(L). Til høgre for Furuheim ser ein Furuset, (Golbergmo-rem) eit av husa som Ola Domhølt (Seinare Venås) bygde, truleg -1914(B)(L). Fagermohuset, (Moremmen) er ein del av Bergumgården(B)(L). Stenset, (Moremmen) Guro-Rusthuset er frå 1911(B)(L). Forrutan dei ovannevnte skal det vera fleire hus inni denne skogen som me ikkje skimtar på dette bilde. Eit av desse er Sisle frå 1850 åra som sto i Sislevegen (L). Jupedalen/Dalen som låg ved gamlevegen må også nemnast, og var ein husmannsplass frå 1600 talet som gav tomt til b.a Pers(B)(L). På Dalabakken som også ligg ved gamlevegen, kom det opp fleire stugu på 1850 talet(L). Rett bak skogen ser ein f.v Søre Breidokk(B)(L). Ca. midt i bilde skimtar ein eit tak. Det er Nordre Breidokk/Kinneberg(B)(L).

Området f.o.m Rolvshus t.o.m Narum utgjorde det såkalla Nøreimvaldet(L) ((B)bilde viser den omtrentlege gamle grensa som går frå Lisbetnuten til Melhovd) som saman med bruka i Eiklesvaldet(L), Hoftun- og Frøysokvaldet(L), (medrekna Hagen) og Livaldet(L) utgjorde Herad som skal ha vore eit sjølvstendig gardssamfunn med eigen tingstad(L).

Til venstre i bilde ovafor Rolvshus, ser ein Robøle(B) som var eit bygselbruk til Viko. Husa vart rive 1914 eller næraste åra etter. Ein ser hustuftene når ein går traktorvegen frå Robølevegen og oppover mot Larshus(L). Bakerst i bilde ligg Hoftun, Frøysok, skulen og Liagardane. Bygginga av kyrkja starta først i 1932.

Framom Hahaug ligg Viko gard(16) som hadde skysstasjonen frå sist i 1870 åra til 1902(L). Kinneberg/Breidok(15). Søre Breidokk(14). Furuly,"villaen"(11) i Rolvshus(B)(L) bygd i 1912 som H. Edv. Berg flytta til etter at han selde Rolvshus Hotell(12) og krambua/telefonsentralen(13)(B) i 1913 til famelien Hyggen, som dreiv hotellet til 1942L). Eit anna bygselsbruk under Viko var Robølehaugen(mellom 10 og 13) Det låg der Gol Hotell(B) vart bygd(L). Broheim(10), Rustegarden. Østli(9), Navrud. Dokken(8). Nordre Lagmannsdokken(7) som var ein gamal kvilarplass. Her tok lassekøyrerane inn og kjøpte kaffi(L). Naboen Søre Lagmannsdokken(B) som er utanfor bilde var eit gamalt bruk som måtte vike plass for Oslo Lysverker og Riksvegen. Stasjonsbrua vart bygd i 1909(B). Gol Stasjon(4) vart offisielt opna i 1907 då Bergensbana vart teke i bruk på strekninga Bergen - Gulsvik. Då jernbanelina var bygd ferdig fram til Drammen vart  det offisiell opningen av Bergensbana den 27. november 1909(B). Hesla Hotell(2) er frå 1910. Her bygde Asle Hesla d.e. opp Hesla Hotell(B). Asle og kona dreiv hotellet og Hjørnet(3) krambua(L). Nordre Narum(5), har gjeve tomt til jernbanstasjonen og bebyggelsen rundt stasjonen(L). Fagerlund(6) gav hus til både postopneri og skysstasjon. Sørheim(1), huset til Jens Arneson Søndreli er frådele Søre Narum. Lengre aust, utafor bilde ligg Søre Narum(B)(L).

Kor kunne ein leige hus for natta i 1914? Rolvshus Hotell(B) ved fam. Hyggen var i drift til 1942. Hesla Hotell(B) vart bygd i 1910. Skysstasjonen til Narum(B) ved Jernbanestasjonen var fortsatt i drift, og ved Heslabrua kunne ein overnatte ved Eidsgaars Hotell(B). Dessuten kunne ein leige rom på Golsfjellet. Peder E og Guri Narum bygde Oset Seterhotell(B)(B) i 1880. Det var det første hotellet på Golsfjellet. På Ørterstølen(B) tok Bjørn og Ingebjørg Rust i mot sommergjester frå 1907. Arne Bleiktvedt bygde i 1913 opp eit pensjonat på Golsfjellet vest. (Golsfjell fjellstue) På Kamben kom dei i drift omlag 1920(B).

Skysstasjonar: I 1680 var det skysstasjon og gjestgjeveri ved Hovtun(B) (Hoftun) i Herad. Då Gol vart kommune i 1837, starta Ro opp med skysstasjon(L). Frå før var det ingen skysstasjon mellom Hovtun og Hemsedal. I 1852 var stasjonen i Herad komen til Haga. Skysstasjonane vart faste i 1860 åra. Stasjonshaldaren måtte då binde seg til å halde eit visst tal hestar til ei kvar tid, og det vart slutt på skyssplikta til bøndene. I staden måtte kommunekassa betale eit årleg tilskot til stasjonshaldaren. I 1873 var den faste stasjonen på Øygardane komen til Løstegard. Ola Løstegard hadde sett opp Båstadstove ved hovedlina i 1876, og her bytta dei skyss frå Hovtun og Eikre. I Herad var skysstasjonen atter komen til Hovtun. Då nyevegen vart bygd etter elva frå Robru til Hemsedal i 1880, vart det skysstasjon ved Kleva (Granheim)(B)(B) og Viko. Viko Skysstasjon(B) var i drift til 1902. Då vart stasjonen flytt til Eidsgaard Hotell og var der til 1913. Då kom det krav om at stasjonen måtte flyttast til jernbanestasjonen. O. Narum stelte i stand skysstasjon der ved Fagerlund. I 1924 kunne dei setje ned stasjonshaldet til ein hest. 1931 vart skysstasjonane lagt ned. Då hadde bilane teke over tenesta. Har funne nokon bilde som tyske soldatar tok under krigen med tittel Rolvshus Skysstasjon. Eit par av desse finn ein og i Gol DigitaltMuseum, men det er uråd å finne dokumentasjon på at det var skysstasjon her. Ved omtale av hotellet står det gjerne at Rolvshus Hotell ligg lagleg til i forhold til skysstasjonen på Viko.

Kva skjedde frå 1914 til 1930 åra?(B)