Frå middelalderen av og fram mot 19. århundre var Golreppen midtpunkt i bygda.

Her stod den gamle stavkyrkja 1200 -1882(B)(L) og her var det postopneri på bruket Røysen frå 1847 like ved der Tingstugu vart bygd i 1857-60 og Gol Kyrkje(B) sto ferdig i 1881. Og her var det krambu i eit av Eidsgårdhusa. Her møttes bøndene til haust- og vårting i tingstova.

Men midtpunktet i bøgda flytta seg sakte mot Heslabrua og etter kvart nedover mot Jerenbanestasjonen.

Frå den tida nye-kyrkja skulle byggjast vart det reist tankar om at kyrkja og andre tenester burde flyttast ned mot Heslabrua. Dei frå Herad var særleg ivrige på dette. Dei tykte det var unødig langt til Golreppen. (Sjå kva Guro Narum skriv om dette(B). I 1897 flytta posten til "Turhustomta". Sparebanken flytta frå Blakkestad til leigde lokale hjå E. Eidsgaard i 1907. Kommunestyret heldt av og til møtene sine hjå Eidsgaard på denne tida, og det vart arbeidt med å få flytt Tingstova ned til Heslabrua. I 1911 vart tingstova teken ned og sett oppatt på "sparebanktomta" som kommunen hadde kjøpt. Men då Lagmannsgard tok att tomta på odel måtte kommunen finna andre løysingar, og det endte med nybygg(B) i 1913-14(L) på ei tomt ved Hesla. Det var O. N. Hovtun som var ordfører i Gol frå 1914 til 1928(B). 

I 1907 flytta Gol Sparebank til Heslabrua(B) i leigde lokale hjå E. Eidsgard og vart der til den flytta inn i det nye kommunehuset(B) i 1915. Gol Sparebank bygde sin fyrste bankbygning i 1929, den såkalla Gamlebanken(B).

På skulefronten sjedde det også mykje. B.a. gjekk ein frå omgangsskule til fast skule. Golreppen fekk fast skule i tingstova frå 1860. I 1890 vart det vedteke at den eine småskuleklassa skulle ha undervisning i Hesla i leigd rom. Nytt skulehus på Sanderborg kom i 1911. På folkemunne kalla "Golreppen skule". Bilde av skulen i 1915(B).

Omkring 1918 tok ein til å arbeide med å få reist ein gamleheim i Gol. Kommunen fekk hand om bruket Sletten på Tuppeskogen i 1919. Heimen var eit storbygg i si tid og var eit stort løft for bygda. Gamleheimen var ferdig i 1922 og vart innvigd i 1923(B)

Nedom Herad-dele skjedde det også ei utvikling: Gol Stasjon(B), vart offisielt opna i 1907 då Bergensbana vart teke i bruk på strekninga Bergen - Gulsvik. Då jernbanelina var bygd ferdig fram til Drammen vart  det offisiell opningen av Bergensbana den 27. november 1909(B). Fleire bilder(B)(B). For å koma til jernbanestasjonen måtte Gol bru byggjast(B)(B).

Tomt til den første krambua og hotellet i Gol kommune, vart skild frå eigedomen til Elling og Ola Rolvhus i 1856(B). Byggherren var  Peder Bruun. Madam Bruun stod for drifta til 1877. I 1880 kjøpte landhandler H. Edv. Berg hotellet og dreiv til 1913. Sidan vart Rolvshus drivi av famelien Hyggen til 1942. På Rolvshus fekk dei ord på seg for å føre eit godt mathus(B). Om Peder og fru Bruun(L).

Bygdegrenser(L) (Gol/Aurdal, Gol/Nes osv) vart først aktuelle når skogen vart noko verd først på 1700 talet(B). Men det er ei grense som frå gamalt av har vore viktigare enn andre grenser. Det er grensa mellom Gol og Herad bygdelag(B). Gol og Herad har truleg vore bygdelag kvar for seg like frå busetjingstida. Grensa mellom Golreppen og Herad skulekrets og kyrkjesokn, gjekk ca. ved meieriet(B). Men frå skuleåret 2016/17 då alle grunnskuleelevane i kommunen skulle gå på den nye Gol skule, vart det sams skulekrets. Og frå nyttår 2020 vart kyrkjesoknene slegne saman(B).

Historia til Hesla Bru(B) Utviklinga ved Heslabrua starta med bekkekvernene(B) og enda med kraftproduksjon og elektrisk mølle(B).

Det var mykje skog ned på Mo`o i 1914. Og det er ikkje mange hus å sjå. Skogen me ser på bilde ned til Breidok og Viko, er skog til bruka oppi Golreppen og Søre Hesla. Husmannsplassane Viko hadde her, ligg i skogremmar som vart kjøpt til Viko.

Men korleis vart utviklinga i Gol, bilda kan seie noko om det.

Nærast i bilde ser ein Søre Hesla(L). Lengst til høgre ser ein Bøhn, Vonheim som var skyldelt i 1898. Bøhn vart seld til Gol Ungdomslag. I 1910 brann ungdomshuset men det vart timra opp nytt hus i 1911(B)(B)(L). Tingstova og bautasteinen er frå 1914. Bautasteinen vart innvia 2. juni 1940(B)(L). Bruvolden (O. Slettemoen) vart skyldelt i 1906. (O. Slettemoen var ein sers driftig og insiktsfull mann. Han fekk i 1912 med seg O. Narum, Knut Hesla og Per Kinneberg og bygde Myklefossen Kraftstasjon(B) som kom i drift i 1913. Utgangspunktet var å forsyne mølla like nedanfor med kraft, men overskot i produksjonen gjorde at omlag 40 kringliggande husstandar fekk nyte godt av det revolusjonerande «Slettemolyset»(L). Bruslett (Halsteinsgaard landhandel) anno 1890(L). Mølla vart bygd i 1913(L). Butikken til Eidsgaard er frå 1892. Eidsgaard Hotell vart bygd i 1898. Uthus og stabbur er frå + - 1902. Der stod og ei Bakastugu. Med utbygginga av jernbana oppstod eit behov for brødbakst(B)(L). Embrik Eidsgaard var ein drivandes kar. Han dreiv og i tida 1902-1913 skysstasjon. Like etter århundreskiftet bygde han eit lite elektrisitetsverk  neda Heslabrua(B). Det må ha vore det første i dalen. Han bygde verket i samdrift med mølla han hadde i elva. Det gav lys til husa hans. Men i 1919 kom det ein storflaum og reiv med seg kvernhuset og dermed e.verket. E.verket vart då selt til Granheim, men huset stod til etter krigen(B)(L). Skimtar Bergland, postopneriet som vart flytt frå Teigen(B) og hit i 1897, var truleg i drift her i 1914(L). Det er noko uklart kva år posten flytta til Fagerlund ved jernbanestasjonen(L). Til høgre i bilde ser ein Eidsvall. Det er ein husmannsplass frå 1700 talet som ligg/låg ved gamlevegen(B)(L). Rett bak og litt til høgre for uthuset til Eidsgaard skimtar ein Stensby (Stensgård) som var bygd -1914?(B)(L). Litt til høgre for Stensby ser ein "Skansenhuset" Tingvold. Her har det vore hus frå siste halvdel av 1800(L). Lenger ned i skogen ser me ei flaggstang. Det er Furuheim (Moremmen) som vart bygd i 1909/10(B)(L). Like ved låg Moen, (Moremmen)  Hakkestugu frå 1850 talet(L). Til høgre for Furuheim ser ein Furuset, (Golbergmo-rem) eit av husa som Ola Domhølt (Seinare Venås) bygde, truleg -1914(B)(L). Fagermohuset, (Moremmen) er ein del av Bergumgården(B)(L). Stenset, (Moremmen) Guro-Rusthuset er frå 1911(B)(L). Forrutan dei ovannevnte skal det vera fleire hus inni denne skogen som me ikkje skimtar på dette bilde. Eit av desse er Sisle frå 1850 åra som sto i Sislevegen (L). Jupedalen/Dalen som låg ved gamlevegen må også nemnast, og var ein husmannsplass frå 1600 talet som gav tomt til b.a Pers(B)(L). På Dalabakken som også ligg ved gamlevegen, kom det opp fleire stugu på 1850 talet(L). Rett bak skogen ser ein f.v Søre Breidokk(B)(L). Ca. midt i bilde skimtar ein eit tak. Det er Nordre Breidokk/Kinneberg(B)(L). 

Området f.o.m Rolvshus t.o.m Narum utgjorde det såkalla Nøreimvaldet(L) Bilde(B) viser den omtrentlege gamle grensa mellom Gol og Herad som går frå Lisbetnuten til Melhovd). Nøreimsveldet saman med bruka i Eiklesvaldet(L), Hoftun- og Frøysokvaldet(L), (medrekna Hagen) og Livaldet(L) utgjorde Herad som ein gong skal ha vore eit sjølvstendigt gardssamfunn med eigen tingstad(L).

Til venstre i bilde ovafor Rolvshus, ser ein Robøle(B) som var eit bygselbruk til Viko. Husa vart rive 1914 eller næraste åra etter. Ein ser hustuftene når ein går traktorvegen frå Robølevegen og oppover mot Larshus(L). Bakerst i bilde ligg Hoftun, Frøysok, skulen og Liagardane. Bygginga av kyrkja starta først i 1932.

Framom Hahaug ligg Viko gard(16) som hadde skysstasjonen frå sist i 1870 åra til 1902(L). Kinneberg/Breidok(15). Søre Breidokk(14). Furuly,"villaen"(11) i Rolvshus(B)(L) bygd i 1912 som H. Edv. Berg flytta til etter at han selde Rolvshus Hotell(12) og krambua/telefonsentralen(13)(B) i 1913 til famelien Hyggen, som dreiv hotellet til 1942(L). Eit anna bygselsbruk under Viko var Robølehaugen(mellom 10 og 13) Det låg der Gol Hotell(B) vart bygd(L). Broheim(10), Rustegarden. Østli(9), Navrud. Dokken(8). Nordre Lagmannsdokken(7) som var ein gamal kvilarplass. Her tok lassekøyrerane inn og kjøpte kaffi(L). Naboen Søre Lagmannsdokken(B) som er utanfor bilde var eit gamalt bruk som måtte vike plass for Oslo Lysverker og Riksvegen. Stasjonsbrua vart bygd i 1909(B). Gol Stasjon(4) vart offisielt opna i 1907 då Bergensbana vart teke i bruk på strekninga Bergen - Gulsvik. Då jernbanelina var bygd ferdig fram til Drammen vart  det offisiell opningen av Bergensbana den 27. november 1909(B). Hesla Hotell(2) er frå 1910. Her bygde Asle Hesla d.e. opp Hesla Hotell(B). Asle og kona dreiv hotellet og Hjørnet(3) krambua(L). Nordre Narum(5), har gjeve tomt til jernbanstasjonen og bebyggelsen rundt stasjonen(L). Fagerlund(6) gav hus til både postopneri og skysstasjon. Sørheim(1), huset til Jens Arneson Søndreli er frådele Søre Narum. Lengre aust, utafor bilde ligg Søre Narum(B)(L).

Kor kunne ein leige hus for natta i 1914? Rolvshus Hotell(B) ved fam. Hyggen var i drift til 1942. Hesla Hotell(B) vart bygd i 1910. Skysstasjonen til Narum(B) ved Jernbanestasjonen var fortsatt i drift, og ved Heslabrua kunne ein overnatte ved Eidsgaars Hotell(B). Dessuten kunne ein leige rom på Golsfjellet. Peder E og Guri Narum bygde Oset Seterhotell(B)(B) i 1880. Det var det første hotellet på Golsfjellet. På Ørterstølen(B) tok Bjørn og Ingebjørg Rust i mot sommergjester frå 1907. Arne Bleiktvedt bygde i 1913 opp eit pensjonat på Golsfjellet vest. (Golsfjell fjellstue) På Kamben kom dei i drift omlag 1920(B).

Skysstasjonar: I 1680 var det skysstasjon og gjestgjeveri ved Hovtun(B) (Hoftun) i Herad. Då Gol vart kommune i 1837, starta Ro opp med skysstasjon(L). Frå før var det ingen skysstasjon mellom Hovtun og Hemsedal. I 1852 var stasjonen i Herad komen til Haga. Skysstasjonane vart faste i 1860 åra. Stasjonshaldaren måtte då binde seg til å halde eit visst tal hestar til ei kvar tid, og det vart slutt på skyssplikta til bøndene. I staden måtte kommunekassa betale eit årleg tilskot til stasjonshaldaren. I 1873 var den faste stasjonen på Øygardane komen til Løstegard. Ola Løstegard hadde sett opp Båstadstove ved hovedlina i 1876, og her bytta dei skyss frå Hovtun og Eikre. I Herad var skysstasjonen atter komen til Hovtun. Då nyevegen vart bygd etter elva frå Robru til Hemsedal i 1880, vart det skysstasjon ved Kleva (Granheim)(B)(B) og Viko. Viko Skysstasjon(B) var i drift til 1902. Då vart stasjonen flytt til Eidsgaard Hotell og var der til 1913. Då kom det krav om at stasjonen måtte flyttast til jernbanestasjonen. O. Narum stelte i stand skysstasjon der ved Fagerlund. I 1924 kunne dei setje ned stasjonshaldet til ein hest. 1931 vart skysstasjonane lagt ned. Då hadde bilane teke over tenesta. Har funne nokon bilde som tyske soldatar tok under krigen med tittel Rolvshus Skysstasjon. Eit par av desse finn ein og i Gol DigitaltMuseum, men det er uråd å finne dokumentasjon på at det var skysstasjon her. Ved omtale av hotellet står det gjerne at Rolvshus Hotell ligg lagleg til i forhold til skysstasjonen på Viko.

Kva skjedde frå 1914 til 1930 åra

1914

1925/26

Kva som har skjedd frå 1914 til 1925-26.  Kva er nytt i dette bilde frå 1925 i forhold til bilde frå 1914: Det ein først legg merke til er ljoslina frå Heslabrua og nedover forbi Rolvshus. Så ser ein Heimtun(B)(L), jordmorhuset med uthus (i høgre bildekant) bygd i 1914 eller +1914. Ved Tingstova(B) er det kome eit tilbygg. Stabburet(B) til Slettemoen er bygd etter 1914 men før 1920. Olsgardhuset(B)(L) vart bygd +1923. Sagasletten(B)(L), Klepphuset vart skild frå Eidsvall i 1916. Solstad Pensjonat(B)(L) bygd 1920/21 med tilbygg. Litt til høgre for Stensby ser ein Tingvold. Her er det kome eit tilbygg. Sagtomta(B)(L) Slettemoen sag og høvel (Golbergremmen) var virksom frå 1916. Så kjem ein til Skansen(L) som Ola T. Skansen, (seinare Bjørnebråten kjøtforretning) bygde i 1918. Neste bygning er Skogly(B)(L) som var bustaden til Syver Eidsgaard som rett over gata bygde Gol Automobilverkstad og dreiv det frå 1926. Mellom Automobilverkstaden og Furuheim ser ein Fredheim(B)(L), Gislerud (Golbergmo-rem). Smestad(B)(B)(B)(L), (Golbergmo-rem) i 1923 fekk Arne Nilson Rusten skøyte på Smestad. Dalhaugen(B)(L), Andersenhuset frå 1921. Heslabraaten(B)(L), Gol Trevarefabrikk/Thorstens vart etablert i 1921. Furumo(B)(L), tomt til Kid Interiør, fråskild Embrik Toreson Hesla i 1930. Dalheim(L) frå 1926, tomt til DBC . Strindberg(L) vart bygd i 1918 og vart tomt til Europris(B). Nordheim(B)(L), motorsenteret vart skild frå Nøreim i 1914. Mellom Norheim og Jernbanestasjonen ser ein den gamle Narumsbakken. Den nye kom i drift i 1946. Og lengst til høgre , litt opp frå jernbana i sudnlii skimtar ein Huseplassen(B)(L).                        Bilde av Golreppen 1925 (B).

Kva som har skjedd frå 1925 til 1938/40  Nærast i bilde ser ein uthuset til Søre Hesla og ein transformator. Myklefossen Kraftstasjon(B) kom i drift i 1913. Fem år seinare vart kraftstasjonen saman med fallrettane i Hemsil seld til Aker kommune. Seljarane fekk ein klausul i kontrakten som sa at dei kunne driva kraftverket fram til elva var ferdig regulert. Myklefossen Kraftstasjon vart drive fram til 11. november 1959. I 1920 åra tok krava om elektrisk kraft i heile kommunen til å pressa på(L). I 1934 fekk Gol kommune (Gol Elektrisitetsforsyning) ei avtale med Ål kraftverk om levering av straum. Samtidig fekk kommunen avtale med Myklefoss om innløysing av ledningsnettet dei hadde bygd. I 1935 vart det bygd høgspentline m.transformatorer. Gol Korn- og Frørenseri(B) vart bygd i 1938. Eit tiltak som Gol landbrukslag har all ære av, skriv Hallingdølen den 13. mai 1938(B). Nyebutikken til Eidagaard vart bygd i 1927(B). Olsgardhuset har fått låve. Frå 1936 leigde Husfliden butikklokale hjå Olsgard(B). Mellom Olsgardhusen og butikken til Eidsgaard er det kome eit lagerbygning tilhøyrande Eidsgaardbutikken(B). Ser Bergland, Gol opptikk frå 1939 så vidt(B). Gamlebanken frå 1929 er på plass(B)(L). Solstad Pensjonat heiter frå 1936 Solstad Hotell(B). Bedehuset vart bygd i 1927. Ein ser bygningen rett bak Solstad(B). Bjørnstad, (Golbergremmen) Ragnhild Gulbrandsen flytta inn i nybygg i 1939(B)(L). Hallingsæt, (Golbergremmen) seinare Lie sport vart bygd i 1930(B)(L). Granmo, Klepphuset (Golbergremmen) som Arne Julson Turhus bygde i 1933(L). Bergtun, (Golbergremmen) fotograf Hjørdis Bråten/Botten flytta inn i nybygg i 1937(B)(L). Solvang, som Faraasen seinare kjøpte vart bygd av Ola Olson Klepp i 1929(L). Bjerkely, tomt til Dalabakken as frå 1933(B)(B)(L). Flatmo, tomt til Pers frå 1937(B)(B)(B)(L).

Gol sentrum før år 2000(B)         Gol sentrum år 2000 og åra etter(B)

Flyfoto frå i 1936. Huset til Jens Søndreli(1). Hesla Hotell(2). Butikken til Asbjørn Rese(3). Gol poståpneri(4). Søre Lagmannsdokken(5). Huset til Einar Dokken(7). Nordre Lagmansdokken(8). Huset som Frelsesarmeen holdt til(6). Dokken(9) Navrud(10). Fekene(13)(B). Rustegarden(11).  Hallingstua(12). Gol Samvirkelag(14). Gol hotell(15). Huset til Thorleif Løstegård(16), Viko Auto(17). Endre Viko(18), Tykje Bakken(19). Krambua som samvirkelaget og telefonsentralen var i(20). Huset til vegoppsynsmann Corneliussen(22).  Rolvshus(23) Søre Breidokk(24). Kinneberg Breidokk(25). Viko gard(26). Bygningene til Hallingdal Varemesse(27).

Gol`s nedre / Herad`s øvre sentrum(B)