Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

GOLREPPEN

"En repp er brukt om en klynge med gardsbruk. En tett grend. Gardene her er opprinnelig skilt ut fra opphavsgarden Gol/Gord, (Eidsgard, Hersgard, Lagmannsgard, Kivegard, Olsgard, Tronsgard osv), og da de etter hvert utgjorde en hel grend, ble området kalt Golreppen".

Det opphavelege Golvaldet (Gol sameige) har rådd over det som frå gamalt av heitte Gol og grensa til Heraddele(B), Garnås, Hemsedalsdele og Valdresdele. Rotneim har heile tida hatt eige sameige.

Det opphavelege tunet til gamlegarden har nok lege ein stad midt i Reppen, og særleg er det tunet til Hersgard som peikar seg ut. Rundt denne garden vart det rudd nye gardar. Utmark/beite skogremmar hadde fleire av gardane i Golreppen i Åsgardane og ned på Mo`o som seinare vart frådelt til buplassar. Det er og hevda at Nørdre Hesla ein gong høyrde til Lagmannsgard(L). Botaniske unders.(L)

(L):litteratur. (B):bilde. Frå middelalderen av og fram mot 19. århundre var Golreppen midtpunkt i bygda. Her stod den gamle stavkyrkja 1200 -1882(B)(L) og her var det postopneri(B) på bruket Røysen frå 1847 like ved der Tingstugu(B) vart bygd i 1857-60 og Gol Kyrkje(B) sto ferdig i 1881. Og her var det krambu i eit av Eidsgårdhusa. Her møttes bøndene til haust- og vårting i tingstova.

Bilde over (1901+, Narve Skarpmoen) er teke før jernbana vart bygd og syner buplasser også nedom Golreppen på denne tida(B).

1: Tingstugu(B)(L). 2: Røysen(B)(L)(L). 3: Prestegarden(B)(L). 4: Øvre Veahøle/Rudningen(B)(L). 5: Bakken/Gampebakken(B)(L). 6: Nedre Veahøle(B)(L). 7: Mekkel-Bakka(B)(L). 8: Petterbråten(B)(L). Det store magasinet sand skjuler husa i Renslo. Det var sandtak her i mange år før det vart byggjefelt. 9: Renslo(B)(L). 10: Roen(B), stugu vart før 1906 flytt til Veirud og seinare til Fagermo(B)(L)(L). 11: Tronderud(B)(B)(L). Løvlia(B)(L). 12: Veirud(B)(L). 13: Steinbråten(B)(L). 14: Jallen(B)(L). 15: Robøle(B)(L). 16: Søre Breidokk(B)(L). 17: Rolvshus(B)(L). 18: Søre Narum(B)(L). 19: Nordre Narum(B)(L). 20: Nordre Breidokk(B)(L). 21: Viko(B)(L). 22: Hahaug(B)(L)(L). 23: Huseplassen(B)(L). 24: Storøyne(B)(L). 25: Eidsvall(B)(L). Buplassen Glitre(B) som ligg vestafor Hemsil og ned mot Storåni må også nemnast. Ålingsvegen gjekk forbi her. Glitremoen(B) var ei stugu som stod like ved idrettsplassen på Glitre.

Området sør for Breidokgardane f.o.m Rolvshus t.o.m Narum utgjorde det såkalla Nøreimvaldet(L) (bilde(B) syner den omtrentlege gamle grensa som går frå Lisbetnuten til Melhovd) som saman med bruka i Eiklesvaldet(L), Hoftun- og Frøysokvaldet(L), (medrekna Hagen) og Livaldet(L) utgjorde Herad som skal ha vore eit sjølvstendig gardssamfunn med eigen tingstad(B).

Golreppen før utskiftinga. Bilde: E. T. Braaten

Ein ser "Kirke-Tingstugu" ved sida av Gol kyrkje. Og ein ser veglina (Hemsedalsvegen) nederst i bildet som vart stukken i 1871 og bygd dei næraste åra. Raud pil syner posthuset som vart bygd i 1882 ved Teigen(B) av materialar frå stavkyrkja. Posthuset vart i 1897 flytt til tomta til "Turhustbutikken"(B) ved Heslabrua.  Tidlegare gjekk vegen til Robru og Hemsedal opp Møllebakken(B), forbi Sanderborg, opp Røysebakken(B). Bilde over viser vegen forbi Søre Kjednbal (kinneberg) opp gutu(B), I tida 1857 - 1911, forbi tingstugu  gjennom tunet i Hersgard og bort til Prestegarden/Storla og vidare oppover det ein i dag kallar Søre Øygardsvegen(B). Vidare framover Øygardane og ned til Robru. Der tok vegen oppover Kleppsbakkane og svinga seg framover til Hemsedal forbi Sørbøl(B), Ålrust og Eikre.

Den nye veglina frå Heslabrua tok snarvegen langs Hemsil-juvet(B), kryssa som før ved Robru og følgde deretter Hemsil på austsida. Vegen vart kortare og flatare og var såleis eit viktig framsteg. Frå før gjekk det veg over Hemsedalsfjellet til Lærdal. Den vegen var ferdig i 1844.  I 1874(L) vart det bygd veg frå Spildra til Gamlevegen ved Prestegarden i Golreppen. (Gol Kyrkje var på denne tida ikke bygd) Vegen Spildra - Gol Kyrkje slik den er i dag(B) vart bygd seinhaustes 1958(B).

Frå Golreppen gjekk vegen oppover dalen til Ål gjennom Haugstadgutu (no veg forbi skiheisen) opp gamlekyrkjebakken(B) og vidare gjennom Nivstad. Gjennom Skagagutu forbi Kålhulu over Verpebakken og ned til Tuppeskogen, og vidare til Rotneim. På Rotneim vart denne vegen kalla kyrkjevegen. Men før 1820-vegen vart bygd etter storelva mellom Heslabrua og Rotneim, var dette også hovedvegen frå Gol og oppover dalen.

Golreppen før utskiftinga. (1894-1901) 

Fremst fjøs og stallar i Brekke. So Storla, Kivegard, Prestgarden, skimtar nokre hus i Tronsgard, Lagmansgard, Eidsgard og til høgre Tronsgardhaugen. Lenger ned kyrkja, Tingstugu, mellom kyrkja og Tingstugu ser ein bygnaden og nokre av husa på Leikvollen. Lenger ned Røysen og Kjendbal.

Erling Lae : Dette er et av de få bildene fra Golreppen før utskiftingen rundt 1900. Her var det gamle bygdesenteret. Gardstunene lå tett som en landsby langs gamlevegen ovenfor kirken og de hadde åkerlapper spredt rundt i hele reppen. Prestegarden hadde 32 åkerlapper. Ved utskiftingen ble jorden samlet for hvert bruk, men seks gardstun ble flyttet, og noen tun ble bygd opp langt unna det opprinnelige tunet. 32 bruk var omfattet av utskiftingen. Flyttingen var gjennomført i 1903.
Opphavsgården ble gradvis oppdelt, og de nye gårdene utskilt, gjennom middelalderen (1000-1300). Gårder som ble ryddet eller utskilt før svartedauen (1349/50) er alltid i ubestemt form (Eidsgard, Trondsgard, Ro), mens bruk fra nyrydningsperioden fra 1700-tallet, har «bestemt» form (Steingarden, Buksegarden, Rone, Berget).

Golreppen etter 1911. (Nasjonalbiblioteket)

Men midtpunktet i bøgda flytta seg sakte mot Heslabrua. Få kunne vel tenkje seg at dei steinete moane mellom det som i dag er Gol stasjon og Hesla bru, skulle bli sentrum i kommunen. Frå den tida den nye kyrkja skulle byggjast vart det reist tankar om at kyrkja og andre tenester burde flyttast ned mot Heslabrua. Dei frå Herad var særleg ivrige på dette. Dei tykte det var unødig langt til Golreppen. (Sjå kva Guro Narum skriv om dette(B). I 1897 flytta posten til "Turhustomta". Sparebanken flytta frå Blakkestad til leigde lokale hjå E. Eidsgaard i 1907. Kommunestyret heldt av og til møtene sine hjå Eidsgaard på denne tida, og det vart arbeidt med å få flytt Tingstova ned til Heslabrua. I 1911 vart tingstova teken ned og sett oppatt på "sparebanktomta" som kommunen hadde kjøpt. Men då Lagmannsgard tok att tomta på odel måtte kommunen finna andre løysingar, og det endte med nybygg(B) i 1913-14(L) på ei tomt ved Hesla(B). Det var O. N. Hovtun som var ordfører i Gol frå 1914 til 1928(B). 

Sjå korleid det nye sentrum(B) og Heslabrua(B) utviklar seg.

 

Bilde: Nasjonalbiblioteket

Golreppen/Gol kyrkje av Wilse, Anders Beer 01.07.1928 (Nasjonalbiblioteket)

"NORMANN" Bilete er vel tatt frå Berg - nedafor skulen sist på 1940- talet.

Flyfoto frå 1958.

Golreppen 1969. Nasjonalbiblioteket

Gol Kyrkje sett frå Ludderudbråten i Åsgardo

Pila syner kor Golreppen skule stod ved Sanderbørg. Guro Hoftun Narum hadde sine tolkningar(B)(B).