Gol kyrkje får nytt skifertak i 2025

Kyrkjeverje Kjellfred Dekko forklarar til Hallingdølen at taket sist vart rusta opp i 2009. At jobben må gjerast på nytt no er fordi ein då ikkje fekk lov til å leggje eit tett undertak som erstatning for jordlaget som vart fjerna. Kyrkja stod difor utan både jordlag og undertak seier  Dekko.

Arbeidet er venta å ta fem-seks veker og skal utførast i løpet av sommaren og hausten. Det skal brukast seks millionar kroner på arbeidet. Etter at alle hellene er tekne ned skal det leggast undertak. Undertak har kyrkja ikkje hatt før, det har ført til at det har vore store problem med lekkasjar. Det er Valdresskifer som ligg på taket no. Riksantikvaren hevdar at denne skiferen ikkje er god nok så det må skaffast annan type norsk skifer med betre kvalitet. Det er alt kjøpt inn ein god del brukt Vossaskifer(B).

Gol kommune yter tre millionar. Desse pengane ligg inne i budsjettet for 2025. Denne løyvinga har utløyst ytterlegare tre millionar frå kyrkjebevaringsfondet.

Den 20. mai 2025 var stillaset på plass (B). Den 27. mai ser ein dette (B). Den 6. juni (B) (B)

Historiske Gol

Mot slutten av 1870-åra ville menigheita i Gol ha ei større og meir tidsmessig kyrkje. Fortidsminneforeninga tala varmt for varig vern av kyrkja på staden, men lokalmiljøet gjekk inn for riving og sal av materialane. Det endte med at Foreninga fekk kjøpt kyrkja for 200 kroner betinga av at den vart fjerna når den nye kyrkja sto ferdig. Og slik vart det.

     Bilde til venstre er ei tegning av J. N. Prahm av stavkyrkja i Gol i 1846. Bilde til høgre er frå inviingsdagen 1882. Gol kyrkje er teikna av arkitekt Henrik Nissen som sto ferdig i 1881. Ein bygdestrid om kyrkjetomt endte med at Leikvollen vart valgt og sommaren 1880 kunne byggmestar Andreas E. Sørlie frå Snarum setje byggjearbeidet i gong. Etter avtale var kyrkja ferdig 15. sept. 1881 og innvigd 8. juni 1882. Meir om kyrkja her

Stavkyrkjetomta  "Garðar kirkja" ligg ca. 300 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje innvigd i 1882.

På grunn av fleire snøfattige vintrar vart transporten av stavkyrkja til Bygdøy kongsgård i Kristiania utsett til vinteren 1884. Fleire detaljar finn du her

Lindahl, Axel 01.07.1888. Bilde: Nasjonalbiblioteket

Bilde: Nasjonalbiblioteket

Gol kyrkje og prestegard, av Børresen Karl A. 1908. Bilde: Nasjonalbiblioteket

Herad Kapell.  Bilde: Nasjonalbiblioteket

Herad kyrkja er teikna av arkitektfirma Ole Stein. Byggjearbeidet starta 1932 leia av byggmeistar Johan Jensen frå Gol. Kyrkjegarden var då opparbeida på parsell av Hoftun gård. Kyrkja vart innvigd 30. september 1934.  Meir om kyrkja her

Meir om Ole Stein her

Stavkyrkje anno 1994. Meir her

Etter 110 år vart det innvigd ei stavkyrkjekopi på Gol 1994. Ikkje på den gamle stavkyrkjetomta i Golreppen, men på jomfrueleg grunn på Storøyne i dalbotnen. Dette er truleg første gång etter svartedauen at ei stavkyrkje i original storleik er vigsla og teken i bruk her i landet.

På Oset er det sett opp en kyrkje som i stilen liknar på dei gamle stavkyrkjene. Meir om kyrkja her