Mot slutten av 1870-åra ville menigheita i Gol ha ei større og meir tidsmessig kyrkje. Fortidsminneforeninga tala varmt for varig vern av kyrkja på staden, men lokalmiljøet gjekk inn for riving og sal av materialane. Det endte med at Foreninga fekk kjøpt kyrkja for 200 kroner betinga av at den vart fjerna når den nye kyrkja sto ferdig. Og slik vart det.
Bilde til venstre er ei tegning av J. N. Prahm av stavkyrkja i Gol i 1846. Bilde til høgre er frå inviingsdagen 1882. Gol kyrkje er teikna av arkitekt Henrik Nissen som sto ferdig i 1881. Ein bygdestrid om kyrkjetomt endte med at Leikvollen vart valgt og sommaren 1880 kunne byggmestar Andreas E. Sørlie frå Snarum setje byggjearbeidet i gong. Etter avtale var kyrkja ferdig 15. sept. 1881 og innvigd 8. juni 1882. Meir om kyrkja her
Stavkyrkjetomta "Garðar kirkja" ligg ca. 300 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje innvigd i 1882.
På grunn av fleire snøfattige vintrar vart transporten av stavkyrkja til Bygdøy kongsgård i Kristiania utsett til vinteren 1884. Fleire detaljar finn du her
Lindahl, Axel 01.07.1888. Bilde: Nasjonalbiblioteket
Gol kyrkje og prestegard, av Børresen Karl A. 1908. Bilde: Nasjonalbiblioteket
Herad Kapell. Bilde: Nasjonalbiblioteket
Herad kyrkja er teikna av arkitektfirma Ole Stein. Byggjearbeidet starta 1932 leia av byggmeistar Johan Jensen frå Gol. Kyrkjegarden var då opparbeida på parsell av Hoftun gård. Kyrkja vart innvigd 30. september 1934. Meir om kyrkja her
Meir om Ole Stein her
Stavkyrkje anno 1994. Meir her
Etter 110 år vart det innvigd ei stavkyrkjekopi på Gol 1994. Ikkje på den gamle stavkyrkjetomta i Golreppen, men på jomfrueleg grunn på Storøyne i dalbotnen. Dette er truleg første gång etter svartedauen at ei stavkyrkje i original storleik er vigsla og teken i bruk her i landet.
På Oset er det sett opp en kyrkje som i stilen liknar på dei gamle stavkyrkjene. Meir om kyrkja her