Gol var tidleg ute med kraftanlegg. Me kan i dag syne til eit anleggsbilete frå 1912, då Engebreth Eidsgaard bygde eige kraftverk. Slike bilete er sjeldne. Det er helst oppstilte grupper, av einskildpersonar, eller hus og gardar. Det er Bjørn O. Eidsgaard som har sendt oss dette biletet. Engebreth Eidsgaard hadde fallrett i fossen ved Heslabrua og han hadde eit kvernbruk der. Det spurdest at det bar til å få elektrisk lys. Hotellfolka på Geilo hadde alt i 1910 bygt eit lite kraftverk nede i Usteelva. Eidsgaard var ein framsynt og drivande mann. Å gå i gang med eit slikt anlegg var i forkant av all slik røynsle på den tid. På biletet ser med det er sprengt plass for turbinrøyret og turbin. Over vart bygt eit lite hus av tømmer. Det var bisn i Gol då lyset var sett på. Det var berre parafinlamper folk hadde då, som hovudlys. Endå vart brukt talglys som folk laga sjølve.

Embrik Eidsgaard bygde elektrisitetsverket i samdrift med mølla han hadde i elva. Men i 1919 kom det ein storflaum og reiv med seg kvernhuset og dermed e.verket. E.verket vart då selt til Granheim, men huset stod til etter krigen(B).

Myklefossen Kraftstasjon kom i drift i 1913.

Litt nord for Heslabrune var det kome ein Holing, O. Slettemoen, også ein sers driftig og insiktsfull mann. Han fekk i 1912 med seg O. Narum, Knut Hesla og Per Kinneberg og dei bygde Myklefossen Kraftstasjon som kom i drift i 1913. Utgangspunktet var å forsyne mølla like nedanfor med kraft, men overskot i produksjonen gjorde at omlag 40 kringliggande husstandar fekk nyte godt av det revolusjonerande «Slettemolyset».

Fem år seinare vart kraftstasjonen seld til Aker kommune, saman med fallrettane i Hemsil. Seljarane fekk ein klausul i kontrakten som sa at dei kunne driva kraftverket fram til elva var ferdig regulert.
Myklefossen Kraftstasjon vart drive fram til 11. november 1959. Sidan den gong har kraftverket stått stille. I 1920 åra tok krava om elektrisk kraft i heile kommunen til å pressa på(L). I 1934 fekk Gol kommune (Gol Elektrisitetsforsyning) ei avtale med Ål kraftverk om levering av straum. Samtidig fekk kommunen avtale med Myklefoss om innløysing av ledningsnettet dei hadde bygd. I 1935 vart det bygd høgspentline m.transformatorer.

I 1996 var det fire karar ved Oslo Lysverker som gjekk i gang med å restaurera kraftstasjonen. Dei hadde som mål å bli ferdig til 40-årsdagen for "stillstand" men alt i 1998 kunne ein sjå det revolusjonerande «Slettemolyset». Anlegget er i dag eigd av Oslo Energi under namnet Myklefoss El Verk Org nr 970 540 652.

I mai vart Myklefossen Kraftstasjon utpeikt som Gol kommune sitt bidrag til Kulturminnestafetten 1997.
I desember same år vart Myklefossens Venner tildelt Gol kommune sin kulturpris for 1997. Dei fire karane fekk prisen for å ha gjort ein kultur- og dugnadsinnsats utanom det vanlege, med å byggja opp att eit unikt kulturminne.

GOL ELEKTRISKE MØLLE FRÅ 1913

Pål Breiehagen skriv den 2. november 1978 fylgjande: Det var tre som finansierte både Myklefossen kraftverk og mølla. Ola Slettemoen, Per Kinneberg og Knut Hesla. Det er klart at sjølv den tida skulle det mykje kapital til noko slikt. Korleis dette i detalj vart ordna veit me ikkje, men Per Kinneberg var ein stor gard- og skogeigar. Han selde Finnesgard for 100 000 kroner, og mykje av dette vart vel brukt i anlegget.

Mølla var, etter den tid, eit stort hus, oppført i kraftig reisverk, som står like bra etter 65 år. Ola Slettemoen var ein mann langt frammom si tid. Han gjekk på Voss folkehøgskule og fekk sterke impulsar der, og ideen til anlegget ved Heslabrua tok til å ta form. Han for rundt for å sjå på slike anlegg, og gjekk så i gang. Det som vart gjort den gongen står derfullt brukbart den dag i dag, bortsett ifrå at rampen har fare ille med kraftverket og også vore på ferde i Mølla. Men slikt let seg reparere om so var. Kraftverket var i bruk fram til 11. november 1959, medan Felleskjøpet sin kornsilo på Gol tok i mot det første kornet den 24. september 1965. Dei mange bekkekvernene og møllene i Hallingdal vart ikkje lenger liv laga.

I 1978 hadde kulturstyret von om å få verna Mølla: Pål Breiehagen har engasjert seg i saka. Mølla brann ned til grunne den 4. oktober 1993. I ettertid er det sådd ein del meiningar i media om Mølla, og kva verdiar som egentleg gjekk tapt i brannen. Eit av tetaka kulturstyret gjorde i 1978 var å kontakta Distriktenes Byggconsul ved arkitekt Odd Kr. Vik. Framlegget deira kan du sjå her. Arild ber golingene via lesarbrev i 2015 vurdere iden hans for å få til ein atraksjon ved Heslabrua.

I 1999 Sette Gol Bondelag opp eit kvernhus ovafor Heslabrua som har rot i ein «Tiltaksplan for Golreppen av 1995» som mellom anna inneheldt idear kring området Heslafossen.

GOL KORN OG FRØRENSERI VART BYGD I 1938Gol Korn- og Frørenseri vart bygd i 1938. Eit tiltak som Gol landbrukslag har all ære av, skriv Hallingdølen den 13. mai 1938. "Det er lagets formann T. Bergheim som har arbeidet saken frem, så renseriet nu står ferdig til å tas i bruk. Det tar i mot til hamsing og finsortering av engfrø og korn for triørrensing og sortering i spesiell sorteringsmaskin, samt beising. Alt utføres i tidsmessige maskiner. Frørenseriet var i bruk til ut på 60- talet.  I seks år frå 1975 heldt Bytesentralen til i loftetasjen. Det var ei trebru frå Møllebakken og inn til lokala. Mandag den 30 august 1982 brann frørenseriet til grunne. Det var nokre gutar som var uvørne med eld.

Bygningsmassen ved Heslabrua ca 1938-19401938 - 1940