Velkomen til Jørongo

Hurrongane               Frå Bondehaug               Linker             Facebook             Skjolden og utover             Molden og omegn

Gol sentrum endrar seg over tid. Men det er så fort å gløyme når dei einskilde bygga vart til og korleis landskapet såg ut før endringa vart gjort.

LENSMANNSKONTORET FLYTTER INN I LENSMANNSGARDEN  JANUAR 2001

Gol lensmannskontor flytta frå Gol kommunehus til Lensmannsgarden 19. januar 2001. Der har dei fått dei kriminaltekniske romma som var etterlengta. Dessutan har dei fått to arrestar, garasjeanlegg m.a. Bygget har oså plass til andre leigetakarar. Tomta var ubebygd. Du kan sjå den her.

REMA 100 FLYTTER INN I DALABAKKEN AS NOVEMBER 2001, ELKJØP FLYTTA INN 2009

Dalabakken as er eit forretningsbygg kombinert med leiligheter på toppen med adresse Dalevegen 4. Rema 100 flytta inn i 1. etasje og hadde opningsdag 8. november 2001. Rema 100 kjøpte Lidl sitt forretningsbygg 2008 og nyopna forretninga der 11. september 2008. Lokala Rema 100 hadde i Dalabakke as vart no bortleigd til Elkjøp som tidlegare hadde tilhald i Kremartunet. Elkjøp hadde opningsdag 15. oktober 2009. Oktober 2020 flytta Elkjøp inn i nybygg på Storeøyna. Du kan sjå bustadhuset på tomta i flammar her Og du kan sjå tomta til bygget her

SPAREBANK 1 HALLINGDAL FLYTTA INN I NYBYGG JUNI 2002

Sparebank 1- bygget vart offisielt opna 10. mai 2002. Tidlegare heldt banken til i forretningsbygget til Nisted lenger ned i sentrumsvegen. Tomta er ombruk. Sentrumskiosken sette opp nybygg her 1983. Tomta som vart kjøpt i 2000 sikrar Sparebank 1 meir plass både ute og inne.

LIDL FLYTTER INN I NYBYGG 2005

8. desember 2005 opna Lidl butikk i nye lokale i Sentrumsvegen 35. Lidl kjøpte tomta, eit ubebygd område ved meieriet av Gerda Hesla. Men Lidl vart ikkje her så lenge. I juni 2007 avvikla dei drifta.

I 2008 tok Rema 1000 over butikklokala til Lidl. Butikken vart  pussa opp i 2020

EUROPRIS FLYTTER INN I NYBYGG 2014

Europris opna utsal i LK-senteret oktober 1996. August 2002 flytta dei til Hallingsenteret og var der til dei flytta inn i eige nybygg.  4. september 2014 var den offisielle opninga. Bilde frå opninga her  Tomta er ombruk. Du kan sjå tomta her

GOL FEKK NY BARNE-OG UNGDOMSKULE TIL SKULESTART 2016

Gol skule, (nyeskulen) ligg på Hallingmo og starta opp august 2016. Det er ein kombinert barne- og ungdomskule. Born frå alle skulekrinsane i Gol går her.

Det var Veidekke som bygde Gol nye skole i tidsrommet septemver 2014 til juni 1916. Blde frå oppføringa kan du sjå her Fleire bilde av skulen kan du sjå her

EXTRA FLYTTER INN I NYBYGG MAI 2017

4.mai 2017 var det offisiell opning av nybygget til Coop Extra ved Eidsgaard Hotell. Tomta er ombruk. Hotellet bygde motell på denne tomta 1970 og det var i bruk til august 2016 då det vart rive. Du kan sjå tomta før og etter

GOL FEKK NY FLEIRBRUKSHALL TIL SKULESTART 2017

Grunnarbeidet starta i august 2016. Taket var tett til jul. 14 borehol på 300 meters djup skal gje energieffektiv varme til anlegget. Det er også lagt opp til kjøleanlegg, slik at hallen kan nyttast på varme sommardagar. Alt vart klart til skulestart 2017. Meir om fleirbrukshallen her

GOL FEKK 15 NYE SENTRUMSLEILIGHETER 2018

Torleif Kinneberg har bygd 15 leiligheter på Furuheimtomta under navnet Sentrumskvartalet Furuheim . Bebuarane frytta inn til jul 2018. Tomta er ombruk. Du kan sjå tomta her. Du kan sjå kor langt arbeidet var kome 29. juli 2018 

GOL FEKK PUMPETRACK 2018 OG SKATEPARK 2020

Bilde: Mikkel V. Jørgenssen

1. august 2018 fekk Gol pumptrack

Hausten 2019 fekk Gol skatepark like ved Læringssenteret Hallingdal.

GOL GAMLE UNGDOMSKULE VART LÆRINGSSENTER 2020

Tidlegare Gol Ungdomsskule har fått vaksne elevar. Meir om Hallingdal karrieresenter her. Meir om Opus Hallingdal her

Læringssenteret Hallingdal gir tilbod om kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal. Vi har også eksamensretta grunnskuleopplæring for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning. 

INTERSPORT FLYTTA INN I NYBYGG 2020

Intersport hadde nyopning søndag 14. juni 2020. Dei flytta frå Kremmartunet. Tomta er ombruk

SENTRUMSKVARTALET TORVSTUA TILBYR 22 NYE SENTRUMSLEILIGHETER 2020/2021

. Du kan sjå Torvstovetomta her

Nybygget til venstre beslaglegg deler av Torvstove-tomta og nybygget til høgre potetåkeren på Furuheimtomta. Begge er ombruk. Du kan sjå korleis Sentrumskvartalet Torvstua vil bli sjåandes ut her

SENTRUMSGÅRDEN TILBYR 19 SENTRUMSLEILIGHETER 2021

Det skal bygges 19 moderne selveierleiligheter fra 40-126 m², alle med balkong eller terrasse og gode solforhold på Haugum- tomta,  Gymnasvegen 14. Nå har du mulighet til å få en helt ny og strøken selveierleilighet midt i Gol sentrum. I kjeller vil det bli anlagt parkeringsplasser og boder, og det vil gå heis opp til leilighetene. Priser fra kr. 1 950 000 - kr. 5 990 000.

. Tomta er ombruk. Du kan sjå korleis Sentrumsgården vil blir sjåandes ut her

UTVIKLINGA PÅ STOREØYNA

Sist oppdatert 12.10.2020 kl. 20:34

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter


Joranger, Skriv ut siden
Websidene er laget i publiseringsverktøyet Mekke.no