Utsyn over Gol

Mo´o (no Gol sentrum) og nærliggjande område. Sett frå Dugurdsnatten

Frå gamalt av gjekk vegen frå Heslabrua til Robru opp gjennom Golreppen, vidare framover Øygardane og ned til Robru. Ny veg mellom Heslabrua og Robru sto ferdig i 1875. Den tok snarvegen langs Hemsil-juvet, kryssa som før ved Robru og følgde deretter Hemsil på austsida til Hemsedal. Vegen vart kortare og flatare og var såleis eit viktig framsteg. Frå før gjekk det veg over Hemsedalsfjellet til Lærdal. Den vegen var ferdig i 1844. Og i 1874 vart det bygd tilkomstveg til nyevegen mellom Gamlevegen ved Prestegarden i Golreppen og Spildra. (Gol Kyrkje var ikkje bygd på denne tida). Vegen Spildra - Gol Kyrkje slik den ligg i dag, vart ferdig seinhaustes i 1958.

På austsida av Hemsil ser ein vegen til Åsgardane. Arbeidet med vegen med maksimumstigning 1:15 frå Heslabrua opp Åsgardane til Rust kom i gong våren 1879 og var ferdig i 1880. Stølseigarane forlenga vegen 14 kilometer austover til Møne. Først i 1910 vart det opna ny veg frå Leira gjennom Åbjørdalen til Gol, ein veg som i 1937/38 vart ombygd.

Noko av: Mo´o, Golreppen, Øygardane/Robru, sett frå Dugurdsnatten.   

Golreppen, Øygardane/Robru, sett frå Dugurdsnatten

  Gol skiheis(B) vart bygd seinhaustes i 1964 og hadde offisiell opning 24. januar 1965. I 2013 vart skiheisen selt og namnet vart endra til Skagahøgdi skisenter(B)

Skagahøgda sett frå Dugurdsnatten

Raud pil syner Stavkyrkjetomta(B) "Garðar kirkja" som ligg ca. 300 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje innvigd i 1882. Meir om stavkyrkja(L).

Sett frå Veikulnatten

Golreppen sett frå Sudnlie

Raud pil syner Tingstovetomta(B). Frå middelalderen av og fram mot 19. århundre var Golreppen midtpunkt i bygda. Her sto den gamle stavkyrkja  (1200 -1882) og her var det postopneri  på bruket Røysen frå 1847 like ved der Tingstugu vart bygd i 1857/60 og Gol Kyrkje sto ferdig i 1881. Her møttes bøndene til haust- eller vårting i tingstova.

Golreppen fekk fast skule i tingstova(B) frå 1860. Om Golreppen(B).

 Golreppen sett frå Dugurdsnatten.   

Om kyrkjene i Gol(B) kommune.

Gol Kyrkje sett frå Ludderudbråten i Åsgardo.

Hallingdal folkehøgskule tok over garden Skaga i 1958. Skulen vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.

Les om Skagagardane(L).   Det var tre gardar som heitte Skaga. Her ser du alle tre(B).

Gol Bygdemuseum og Hallingdal Folkehøgskule sett frå Lisbetnuten

Rotneim sett frå stien opp til Benkejuvet i Sudnie

Tuppeskogen sett frå Sudnlie. 

Om gamleheimen på Tuppeskogen her

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Roni ved Renslo

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Dugurdsnatten

Raud pil syner kor skulehuset på Sanderborg sto frå 1911. På folkemunne kalla "Golreppen skule".  Bilde av skulen 1915 kan du sjå her. Skulen vart lagt ned 1960 då Gol skule stod ferdig. Frå 1969 til 1989 brukte Hallingdal Dagheim bygningen. Bygget vart teke ned 1998 for å gje plass til vegutbygginga på staden. Meir her

Sett frå Dugurdsnatten

Glitrehaug skule for lærevanskar starta opp 1964 og heitte då "Gol offentlig spesialskule". Frå 1976 Glitrehaug skole.   

Sett frå Dugurdsnatten

     Gol skule. Bygging av ny skule på Heslajordet byrja i 1959 og teken i bruk skuleåret 1960/61. Etter kvart som grendaskulane vart lagt ned, fekk elevane skulegangen ved Gol skule. Den nedlagde Glitrehaug skule var nokre år ei underavdeling av Gol skule. Elevane i 1. og 2. klasse gjekk der fram til og med 2015 då alle grunnskuleelevane i Gol kommune byrja på nyeskulen august 2016. SFO for Gol- og Herad skule hadde lokale  på Glitrehaug og vart med til nyeskulen. I 2020 vart "gamle" Gol skule selt. Det skal byggjast opp mot 80 bueiningar på tomta.

Sett frå Dugurdsnatten.

Sett frå Dugurdsnatten.  Om Heslabrua her   Om bekkekverner og handel ved Heslabrua her     Om kraftstasjon og mølle ved Heslabrua her

Om Gol sentrum år 2000 og åra etter her

Sett frå Dugurdsnatten 

Gol fekk ny fleirbrukshall til skulestart 2017. Grunnarbeidet starta i august 2016. 14 borehol på 300 meters djup gjev energieffektiv varme til anlegget. Det er også lagt opp til kjøleanlegg slik at hallen kan nyttast på varme sommardagar. Alt vart klart til skulestart 2017. Meir

Sett frå Dugurdsnatten

Hallingmoanlegget: Formanskapet godkjende planane i 1963. Hallingdal gymnas starta opp i 1965. Gol ungdomskule starta opp i 1966. Biblioteket, Gol Folkeboksamling flytta frå kommunehuset ved Hesla til Hallingmo hausten 1966. Men biblioteket vart fort for lite og alt i 1987 kunne ein ynskje golingane velkomne i utvida lokale.  Hausten 1968 vart fellesbygget teke i bruk. Den offisielle opninga av Hallingmoanlegget var den 28.september 1968.

Sentrumskvartalet: Første byggetrinn i Sentrumskvartalet stod ferdig i 2018. Då kom 15 nye leilegheiter på Furuheimtomta. Sumaren 2021 er to nybygg klare for innflytting på nabotomta. Begge bygga får næringsareal på bakkeplan i Sentrumsvegen og leilegheiter i etasjane over.

Sett frå Dugurdsnatten

Lysløypa: Den offisielle opninga av lysløypa på Hallingmo var i februar 1970. Men alt i desember 1969 vart det første skirennet avvikla. Dugnad.  Då Tronderudvegen vart bygd ferdig våren 1978 fekk lysløypa to undergangar.

Skuleidrettsanlegget: Skuleidrettsanlegget som ligg aust for Samfunnshuset består av ei fotballbane og ei tennisbane. Framdrifte av utbygginga er avhengig av bevilgningar. Slik også her. Men hausten 1971 kunne  fotballbana takast i bruk. I skuletida er det skulane som har førsteretten til bana, medan idrettslaget nyttar anlegget ettermiddag og helg. Rett før snøen kom i 2018 var ein ferdig med å leggja kunstgras på fotballbana. Offisiell opning i 2019. Leverandøren har bilder

Sentralidrettsanlegget: Det har over år vorte lagt ned mykje arbeidt for å få til eit kommunalt sentralidrettsanlegg på Gol. I desember 1979 var planane klare. Folket stilte opp med dugnadsinnsats. Sjølv om tomta vart  grave ut  hausten 1981, skulle det ta tid før kunstgras- og friidrettsbana sto ferdig. Det skjedde i september i 1985. Eit år etter, i september 1986 var det offisiell opning. Anlegget har vore mykje brukt og i 2018 vart både kunstgras- og laupebana rehabilitert.

Klubbhuset: Mykje av grunnarbeidet til klubbuset vart utført i 1993. Bygginga starta sumaren 1994. Så vart det klubbhus i 1985. 

Sett frå Dugurdsnatten

Petterbråten sett frå Golreppen 

Sett frå Sundlie       

Sett frå "den nye" Petterbråten 

Gol skule, (nyeskulen) ligg på Hallingmo og starta opp august 2016. Det er ein kombinert barne- og ungdomskule. Born frå alle skulekrinsane i Gol går her. Meir om skulen her

Sett frå Sudnlie

Sett frå Lisbetnuten

Sett frå Lisbetnuten

Sett frå Golreppen

Sett frå Golreppen

Sett frå Lisbetnuten 

Sett frå Golreppen

Sett frå Eiklesberget

Sett frå Eiklesberget

Sett frå Lisbetnuten  

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Lisbetnuten

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Golreppen

Sett frå Golreppen

Meir om rundkøyringane i Gol her

Sett frå Lisbetnuten.

Sett frå Lisbetnuten.       

                  Etter 110 år vart det innvigd ei stavkyrkjekopi på Gol 1994. Ikkje på den gamle stavkyrkjetomta i Golreppen, men på jomfrueleg grunn på Storøyne i dalbotnen. Dette er truleg første gång etter svartedauen at ei stavkyrkje i original storleik er vigsla og teken i bruk her i landet.

Pershyttene, Pers hyttepark. 10 hytter a 4 senger + sanitæranlegg sto ferdig til sesongstart (juli) 1969. Hytteparken vart ferdig utbygd i 1975

Sett frå Dugurdsnatten. 

Det nye kommunehuset på Dalabakken stod ferdig for innflytting i mars 1989. 5/6.mai 2003 kunne legekontoret og helsestasjonen flytte frå Gol Helsetun til nybygg knytt saman med kommunehuset. Tingstovene i Gol    Dei folkevalde  Kommuneøkonomien 1960

Det gamle kommunehuset "Lysebu" som kommunen kjøpte av Mikkelsen og Sønner i 1971, vart bygd i 1951 som Gol Trevarefabrikk, og var då truleg den største industribygningen i Gol med sine 780 kvm. grunnflate. I 1954 sette eigarane av Gol Trevarefabrikk opp ein bygning attmed fabrikken som dei skulle leiga bort til Buskerud kvinnelege husflidsskule. Husflidskulen hadde sitt første årskurs skuleåret 1956/57. Meir  Bygningen vart rive i 2016

 Sett frå Lisbetnuten.

Om utviklinga på Storøyne her

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Lisbetnuten

Sett frå Skaga/Golreppen

Sett frå Skaga/Golreppen

Helsetunet: Etter kvart vart Gamleheimen på Tuppeskogen for liten og det vart arbeidd ut ein plan for ny sjuke- og aldersheim i tilknytning til sjukestova på Breidok. I 1977 stod det første bygget (byggjesteget) ferdig. Meir

Sett frå Dugurdsnatten 

Sett frå Eiklesberget

Sett frå Veikulnatten

Sett frå Eiklesberget

   Grensa mellom Golreppen og Herad skulekrets og kyrkjesokn, gjekk ca. ved meieriet. 2016 vart det same skulekrets, og frå nyttår 2020 vart kyrkjesoknene slott saman. I dag er det kun eit "Gol- rike" Meir

Sett frå Dugurdsnatten

Sett frå Skaga/Golreppen

Bli med til Herad

Bli med Erling Lae på historisk vandring på Golsfjellet