FRÅ BEKKEKVERNER TIL HANDEL VED HESLA BRU

Matrikkelutkast frå år 1723 viser at det var 28 kverner i Gol. Dei fleste var små, men det var og litt større kverner som mol til andre.

Utviklinga ovum Heslabrune: Kverna ovum Heslabrune var i bruk fram til 1920-åra. Det eldste kvednastøe var nok ovum brune. Denne kverna er nemnd fyrste gong i 1673. Før 1814 selde nok Hesla denne kverna til Viko. I 1824 selde Knut Olson Viko kvernbruket til Oleiv Mikkelson Golberg. Seinare vart kverna seld attende til Hesla. 28 mai 1880 bygsla Ola Endreson Hesla bort «et Vandfall i Hemsil med ret at opføre en stue for 50 Aar» til Ola Embrikson Nørheim (seinare Brøto) f-1840 d-1919 g. m. Kari Knutsdtr. Stensrud f-1851 d-1924.  Det var ovafor Heslabrune, nok på det opphavlege kvednstøe, at Ola bygde opp kverna si. Han bygde og ei lita stugu like ved til å vera i for den som styrde kverna. I flaumen 1897 reiste kverna, men stugu greidde seg. Ola bygde opp ny kvern litt lenger ut i elva. Tolleiv Vestaforhaugen hadde vore mylnar for han ein del, men elles styrde han kverna sjølv. Det var tre par kvernsteinar her.

I 1899 fekk Brøto skøyte på Olsgardremmen. Han selde remmen(B) til Anne Olsgard som frå før eigde Fossheim, Olsgardhuset(B).  Det var far til Anne, Halvor Olson Olsgard som kjøpte Fossheim av kona til Ola Embrikson Nørheim, Kari Knutsdotter Stensrud Brøto i 1923. Det fylgde då med rett til å bruke kverna. Kverna var i bruk til 1920- åra kunne Guro Hoftun fortelje.

Halvor bygde opp Fossheim truleg i 1923/24 og brukte 2. etaje til skomakerverkstad. I første etasje dreiv døtrene med manufakturforretning som seinare vart lagt ned. Eigedomen vart overdrege til Astrid Espedokken (Stensrud) i 1958 og 1959. Astrid har sidan leigd ut lokala.

Det er mange som har vore leigetakarar i Olsgardhuset: I 1929-1936 dreiv Sander Storla bakeri her. Før det baka han i Bakartugu ved Eidsggaard(B). Hallingdal Hudflid nytta lokala i tida 1936-1960(B). Ein filial av Gol Samvirkelag etablerte seg her i 1962. Fabrikkutsalet flytta til Olsgardhuset i januar 1984, og vart  til juli 1999(B). Frå då av vart det "Fruene ved broen" fram til  juni 2007. I desember 2007 opna Sybille Wedding og Reinhard Streipert veskebutikk i desse lokala. "Ett trinn inn" forsøkte å etablera seg i ein bygning bak Olsgardhuset i 1985. I Januar 2018 opna Vasil Tafa møbelforretning og dei driv her endå(L).

I 1990 kom parkeringsplassen(B) ved Olsgardhuset, som er eit kommunalt tiltak(B).

(B)Raud pil til venstre: Kvernhuset som Gol Bondelag sette opp i 1999(B). Meininga var at det skulle bli ei kvern i full drift og vise korleis kornmaling gjekk føre seg i gamle dagar. Raud pil til høgre: Olsgardeigedomen.

Utviklinga nedom Heslabrune:

Utviklinga av Eidsgaard´s(B) starta med Vilhelm Bjørnson Hersgard/Eidsgard(L) ved kjøp av møllebruk og vatnrettar i Heslafossen i 1852(L). Bildet viser at bebyggelsen ved Heslabrua 1892 bestod av bekkekverner og stugu for mølleren eller møllerfamelien. Mølla på bilde reiste med flaumen 1890 og vart ikkje sett opp att. Men mølla ovafor brua var i drift i 1920 åra. I den gamle kvilestugu ved kverna byrja Engebret Bjørnson Eidsgaard (f-1872) med krambu i 1892.

Mølla nedom Heslabrune, vart bygd av Viko- mannen i 1800. Han selde møllebruket til Endre Olson Hesla i 1830. Då Endre selde eigedomen Hesla i 1850 tok han unna m. a. gårdens møllebruk og vannrettar og selde desse til Vilhelm Bjørnson Eidsgaard (1806 -1871). Under storflaumen i 1860 reiste både kverna og Heslabrune. Seinare vart kverna bygd opp att. I 1873 overdrog kona til Vilhelm (Margit Ivarsdtr. Haukstad) kverna til sonen Bjørn Vilhelmson. Eidsgaard (1842 -1907). Omkring 1871 vart det sett ned ein fast mylnar her. Per Gudbrandson (Lundstad) Heslafos og kalla «KvernePer» (1823 -1911) og fam. m.7 born, budde i ei stugu like ved. 1879 var det ein ny flaum, då reiste både kverna og stugu og fam. KvernaPer mista alt. 1890 var det ein ny flaum, kverna for men stugu sto. Det vart den siste kverna her. Dette og meir kan du lesa om her(L).  

Son av Bjørn Vilhelmson Eidsgaard, Engebret Bjørnson (1872 -1963) fekk i 1905 skøyte på Berglund(B) av Ola Embrikson Brøto. Engebret eigde frå før halvdelen av Heslafossen, og i den gamle kvilestugu ved kverna byrja han i 1892 med krambu. I 1898 bygde han Eidsgaard Hotell, og i 1924 landhandel. Han dreiv og i tida 1902-1913 skysstasjon. Embrik Eidsgaard var ein drivandes kar. Like etter århundreskiftet bygde han eit lite elektrisitetsverk(B) neda Heslabrua. Det må ha vore det første i dalen. Han bygde verket i samdrift med mølla han hadde i elva. Det gav lys til husa hans. Folket elles i bygda måtte greie seg med parafinlampa endå mange år. Men i 1919 kom det ein storflaum og reiv med seg kvernhuset og dermed e.verket. E.verket vart då selt til Granheim, men huset(B) stod til etter krigen. I 1919 selde Engebret og broren Vilhelm fossen (kvdnastøet) til Aker kommune(L). Engebret kjøpt også bil i 1919 som skulle brukast til rutebil Gol-Lærdal. Han hadde og bensinutsal. Han bygde og ei hallingstugu og eit uthus. Uthuset er rive medan hallingstugu er flytt til stasjonsområdet. 1936 skøytte Engebret Eidsgaard Hotel til Paul og Barbo Villand. Landhandelen m.m. vart i 1942 overdrege til sonen Bjørn Engebretson Eidsgaard (1900 -1976). Bjørn og kona Borghild Knutsdtr. Svartebråten f-1922 dreiv landhandel og bensinutsal. Dei fekk sonen Engebret Bjørnson Eidsgaard f-1941. Engebret og kona Kari Marie Tokerud har og vore forretningdrivande og bygd både her og der, eigedomar som sønene Bjørn f-1969, Anders f-1971 og Wilhelm f-1980 i dag forvaltar.

1897 - 1904 

Bruslet t.h. vart bygd i 1890(B). Møllerstova vart bygd ca 1800. Posthuset vart bygd i 1897 og Hotellet/Skysstasjonen vart bygd i 1898(B).        Bilde frå Heslabrua år 1962/63(B), året Gol skule opna.      Bilde frå Heslabrua år 2020(B)(B)

Postopneri: I 1846 vart det postopneri i Gol. Det var Sjugurd Håvelsen, klokkaren som vart tilsett som postopnar 5. september 1846. Posthuset var først på Grønset på Tuppeskogen, så i huset hans i Røysen frå 1847. Då nyevegen mellom Heslabrua og Robru var bygd ferdig i 1875 kom det krav om at poshuset måtte flyttast til Spildra slik at det kom nærare hestekøyre- postruta som vart oppretta i dalen. Skysstasjonane måtte også skysse posten. Ein reisande postførar fylgde postsendinga frå Rigerike til Lærdal. Han leverte og tok i mot post på alle postopneri etter vegen. Frå 1880 var det postføring 3 gonger i veka gjennom Gol. Håvelsen slutta som postopnar i 1876. Etter han var Ivar Torsteinson Teigen postopnar nokre år og etter han Kolbjørn Olsgard. Han kom frå Amerika i 1879 og fekk lov til å setje opp ei stugu på Juven av systera. Denne brukte han som postopnar. Stugu vart rive då han døydde. Då gamlekyrkja vart rive vart materialane i sakrestiet og koret nytta til eit nytt posthus på nedsida av Hemsedalsvegen, ned i Teigen(B), og det var vel då Ola Narum (Slåtto) overtok som postopnar, og sonen etter han. I 1897 vart det bygd eit lite posthus(B) ved Heslabrua.(Bergland 32/24) og same år vart G.Tingvall det første landpostbodet i Gol. Tingvall bar posten oppover til Ro-gardane fire gonger i veka. Då jernbana kom i 1909 vart det krav om at posthuset burde bli flytt ned til stasjonen ettersom posten no vart sendt med toget. Hesterutene oppover dalen (Torpo/Ål) måtte dermed slutte. I 1913/17 kjøpte Narum hus ved stasjonen, dermed vart postkontoret(B)  og skysstasjonen lagt dit.

Handel: Det kom ingen landhandel til Gol før 1859, to år etter lovendringa som opna for krambuhandel på bygdene. Peder Brun starta dette året landhandel på Rolvshus. I 1880 selde han til Hans E. Berg, som dreiv forretninga til 1912, då samvirkelaget overtok. Fleire golingar dreiv handel i kortare periodar. I 1885 hadde såleis bygda seks landhandlarar(L). Eit alvorlrg problem for alle som dreiv handel på denne tida, var at mange av kundane ikkje greidde å gjera opp for seg. Etter 1900 kom det forretningar i utkantane både på Øygardane, Rotneim og Herad. Meir om handelen i Gol (L)

EIDSGAARD OG HALSTEINSGAARD STARTA  HANDEL VED HESLABRUA. Desse vart varige forretningar(L)

Bygning (5): Her starta Arne Halsteinsgaard opp som kjøpmann på nordsida av Heslabrua i 1891(B) . Dette var den første av landhandleria i Gol som vart ein varig forretning. «Hjå'n Ådne neve brune», var lenge den største butikken i Gol.

Bygning (1) er butikken til Engebret B. Eidsgaard. Engebret eigde frå før halvdelen av Heslafossen, og i den gamle kvilestugu ved kverna byrja han i 1892 med krambu(B). Ein ser av bildet ovafor at Engebret har snudd kvilestugu og bygd på eit eller to rom.

Bygning (4) er Bakarstugu som vart bygt i 1900 eller like etter av reisverk. Dei baka i underetasjen for der stod bakaromnen. Med utbygginga av jernbana oppstod eit behov for store mengder brødbakst(B). I 1898 vart Eidsgaard Hotell, (2) bygd. Engebret Eidsgaard dreiv skyssstasjon åra 1902/13, stasjonen hadde vore på Viko frå sist i 1870 åra til 1902. I 1913 kom det krav om at den måtte flyttast til jernbanestasjonen, og såleis vart Fagerlund skysstasjon oppretta. I 1931 hadde bilane teke over all skyssing og stasjonen kunne leggjast ned.

Trur bilde er teke mellom 1920 og 1925

(1) Huset til elektrisitetsverket til Eidsgaard, bygd i 1912. (2) Kvilestugu til mylnaren som vart bygd om til krambu i 1892. (3) Eidsgaard Hotell bygd i 1898. (4) Solstad Hotell bygd i 1920. (5) Uthuset og stabburet til Eidsgaard bygd før 1904. (6) Stabburet til Slettemoen bygd etter 1914 men før 1920. Bruvolden (Slettemoen) vart skyldelt i 1906. (7) Mølla vart bygd i 1913. Me ser at Olsgardhuset endå ikkje er bygd. Mellom Mølla og Bruvolden ser me Bruslett (Halsteinsgaard) anno 1890. Ein kan og skimta lysstolpar i området.

1928 - 1929

 Biletet i dagens Gam-le Hallingdal er frå området ved Hesla-brua og teke på 1920-talet (1928/29) I den grad ein kan snakke om eit sentrum i Gol for hundre år sidan, så låg det rundt Heslabrua. Her møttest tre vegar, frå Åsgar-dane/Valdres, frå Øygarda-ne/Hemsedal og frå Ål/Hol, her var det forretningar og i 1914 vart det bygt kommunehus straks oppi Hemsedalsvegen, der også sparebanken fekk kontorplass." Men med opninga av Bergensbanen i 1909 voks det fram eit nedre sentrum ved Gol stasjon, på andre sida av Hallingdalselva. Såleis fekk Gol eit delt bygdesentrum, og den dag i dag snakkar golingane om øvre og nedre Gol. Så over til biletet, der Halgrim Ulsaker har hjelpt oss med opplysningar. 1) Dette er eit varelager for Eidsgaardbutikken. Butikken, som sto på andre sida av vegen, vart bygd i 1924. Både lageret og den tids butikklokale er borte. 2) På andre sida av krysset ser me Olsgardhuset, eller i dagleg¬ tale «Ørskahuset». Halvor Olsgard bygde her først på tjuetalet og hadde skomakarverkstad i 2. høgda. To av døtrene hans dreiv garnforretning i første etasje. Huset står enno og er leigd bort til Fabrikkutsalget. 3) Her skimtar me i taket på eit uthus/lagerhus til Olsgardhuset. Dette står enno. 4) Me kryssar Heimsil over Heslabrua og kjem til mølla. Ho vart bygd i 1913 og vart driven med kraft frå eit e-verk - no restaurert - lenger oppe i elva. Det var meininga å bevara mølla som museum, men dessverre gjekk ho tapt i ein brann i 1993. 5) Halstensgårdhuset, butikken hans Ådne, eller som dei sa lenger oppe i Gol, «hjå'n Ådne neve brune», er frå før forrige århundreskiftet. Det var Arne P. Halsteinsgard frå Ustedalen som bygde her og starta butikk i 1890. Dette var lenge den største butikken i Gol. Sønene Pål og Petter dreiv butikken til 1971, då systersonen Sven Halstensgård tok over. Sven var med i det friviljuge brannvernet, og under ei utrykking til ein bilbrann vart han påkøyrd av ein bil som brasa gjennom sperringane. Sven vart hardt kvesta og han måtte avvikle butikkdrifta. Men butikklokala står med det same gamle inventaret som før. Son til Sven, Stein Morten, har restaurert bygnaden. 6) O1a O. Slettemoen kom til Gol frå Hol og bygde hus litt oppi Hemsedalsvegen. Slettemoen sto i spissen for bygginga av e-verket ovanfor Heslabrua, han var med i mølla og han dreiv sagbruk der parken ved Gol ungdomsskule er no. Straumen frå verket i Heimsil vart i det daglege kalla «Slettemo-lyset». 7) Gol Tingstugu vart bygd i 1914. Den gamle tingstugu sto oppe ved kyrkja og var samstundes skulehus for Golreppen. Denne vart riven i 1911, og tanken var å setja ho oppatt nedanfor Heslabrua. Dette vart det ikkje noko av, og i 1913-14 vart ny tingstugu bygd. 8) Her ser me våningshuset på nordre Hesla, ein timrabygning i to høgder, bygd ca. 1915. Huset er med åra ein del ombygd. Husa i Hesla sto før ovanfor riksvegen til Hemsedal, rett opp for Heslasvingen. Der stod det lenge att ei gammal stugu som brann for nokre år sidan. 9) Me skimtar i taket på Vonheim ungdomshus. Det vart bygd og innvigd i 1912. Her sto det først eit hus som Gol ungdomslag hadde kjøpt, men som brann i 1910. 10) Gol sjukehus vart bygt ca. 1906. Det var kommunelegen i Gol den gongen, Halfdan Sundt, som gjekk opptakten til eit slikt bygg. Det var i bruk som sjukehus i nokre år, men då Bergensbanen kom i 1909, vart det meir vanleg å sende pasientane med tog til større sjukehus «nedafor». Jordmora budde nokre år i sjukehusbygget, inntil det vart selt til privatbustad. 11) Den gamle låven på søre Hesla vart erstatta med nye uthus sist på 50-talet. 12) Høgre kant på biletet ser me husa på Golberg, eigar no Odd Golberg. 13) Farset på Farsetberget stammar ho ifrå den kjende korrupsjonsjegeren i Frankrike, Eva Joly. Ho har kome ut med bok i haust, der ho blant anna fortel om mange sommarbesøk på garden der far hennar var fødd og vaks opp. I dag er det Tor Bakken som eig Farset. 8. desember 2001  SIGBJØRN TORMODSGARD