I 1846 fekk Gol sitt første postopneri..
Det var Sjugurd Håvelsen, klokkaren som vart tilsett som postopnar 5. september 1846. Posthuset var først i huset hans på Grønset på Tuppeskogen, så i huset hans Røysen, i Golreppen 1847, 34 år før nyekyrkja vart bygd.
Den tida gjekk vegen frå Heslabrua til Robru opp gjennom Golreppen, vidare framover Øygardane og ned til Robru. Ein reisande postførar fylgde postsendinga frå Rigerike til Lærdal. Han leverte og tok i mot post på alle postopneri etter vegen. Postopneriet i Gol tok og i mot posten som skulle til Torpo, Ål og Hol og vart skyssa derfrå med hestetransport.
Det var skysstasjonane som skysse posten. I Gol har det over tid vore fleire skysstasjoner. Dei vart faste i 1860 åra. Stasjonshaldaren måtte då binde seg til å halde eit visst tal hestar til ei kvar tid.
Ny veg mellom Heslabrua og Robru sto ferdig i 1875. Den tok snarvegen langs Hemsil- juvet, kryssa som før ved Robru og følgde deretter Hemsil på austsida til Hemsedal. Vegen vart kortare og flatare og var såleis eit viktig framsteg. Frå før gjekk det veg over Hemsedalsfjellet til Lærdal. Den vegen var ferdig i 1844.
Då nyevegen var ferdig kom det krav om at posthuset måtte flyttast frå Røysen til Spildra. Kravet kom frå hestehaldarane for det var krevande å køyra Møllebakkane opp til Røysen. Hestekøyre- postruta ynskte å bruka den nye veglina. Håvelsen slutta som postopnar i 1876. Teigen var postopnar nokre år og etter han Kolbjørn Olsgard. Han kom frå Amerika i 1879 og fekk lov til å setje opp ei stugu på Juven av systera. Denne brukte han som postopnar. Stugu vart rive då han døydde. Frå 1880 var det postføring 3 gonger i veka gjennom Gol.
Då gamlekyrkja vart rive vart materialane i sakrestiet og koret nytta til eit nytt posthus på nedsida av Hemsedalsvegen, ned i Teigen, og det var då Ola Narum (Slåtto)(L)(L) overtok som postopnar, og sonen etter han.
I 1897 vart posthuset ved Teigen flytt til Bergland ved Heslabrua. Same år vart G.Tingvall det første landpostbodet i Gol. Tingvall bar posten oppover til Ro-gardane fire gonger i veka.
Då jernbana kom i 1909 vart det krav om at posthuset burde bli flytt ned til stasjonen ettersom posten no vart sendt med toget, og hesterutene vart lagt ned.
I 1913 -17 kjøpte Narum hus ved stasjonen, Fagerlund dermed vart postkontoret lagt dit. Meir (L) og (L)
Eiklesvegen 36 Nørstad, vart bygd i 1953, men skild frå 5/66 i 1962 og selt til Olav Slaato. Olav vart no postopnar og posthuset vart flytt frå nabohuset Fagerlund og hit.
Etter 63 år på stasjonssida flytta posten til Jamobygget 9. januar 1977. I 2008 varsla Poststyret omlegging frå posthus til Post i Butikk. Alingen kjøpesenter gjekk for endringa alt i september 2008, i Nesbyen og Geilo skjedde dette i 2009. Men Gol postkontor skulle inn til vidare bestå som før.
Tida var inne for omorganisering ved Gol Postkontor 2013. Omberingsavdelingen flytta til Elvevegen 16 på Glitre, og den18.06.2013 var pakkeposten operativ ved Matkroken matsenter ved Heslabrua. ICA eigar Coop, la ned Matkroken 31. januar 2016 og posten flytta då til LK- senteret. Meny overtok pakkeposten. 1.oktober 2017 overtok matvarekjeda Spar post i butikk. Dei avløyste då Meny i LK- senteret.
Anno des. 2025 gjelder følgende:

