LIVSLØPET TIL "LYSEBO"

I 1950/51 bygde Ingebrikt Haavelmoen og Aslak Øynebråten den "Nye" Gol Trevarefabrikken på "Dalabakken" med adresse Gamlevegen 2B. Sjå teksten ovafor(L). Bygningen var då slik som bildet over viser. I 1954 sette eigarane opp ein bygning attmed fabrikken som dei skulle leiga bort til Buskerud kvinnelege husflidsskule. Då såg bygningen slik ut(B). Husflidskulen hadde sitt første elevkull skuleåret 1956/57. Det var to klassar, ein i saum og ein i vev. Skuleåret 1962/63 fekk skulen tre klassar. Dette krevde meir plass og eigarane bygde på ei høgd. Huset stod klar til skulestart hausten 1962. Ved årskifte 1961/62 kjøpte Mikkelsen og Sønner Gol Trevarefabrikk(B). Men den delen av bygningen som Husflidsskulen leigde var ikkje med i handelen. 28. mars 1968 brenn lampefsbrikken til Mikkelsen, men brannmanskapa klarer å redde Husflidsskulen(B). Alt 22. juli 1968 er lampefabrikken i drift att. Etter brannen vart fabrikken både utvida og modernisert. Eit vinkelbygg vart ført opp i to- etasjer mot frå før ein etasje(B). Me ser på bildet at taket mellom fløy-bygga har vorte flatt(B). Våren 1970 selde Mikkelsen lampefabrikken til Gol kommune(B), men Husflidskulen skulle få behalde lokalane sine så lenge det var behov for det. Etter å ha halde til i tingstova oppe ved Hesla frå 1915, var tida komen for å samla etatane og oppdatere arbeidsforholda(B). I 1971 starta renoveringen av "Lysebo" (klingenamn av lampefabrikken) Bl. a vart det bygd på ein etasjemellombygget(B)(B). Ved årskiftet 1972/73 var lokala klar for innflytting. Fram til mars 1989 tente "Lysebo" som kommunehus i Gol. Då var tida komen for å flytta inn i nabobygget, det nybygde kommunehuset i Gamlevegen 4(B).

Mikkelsen selde Lysebo fordi han planla nybygg på Glitremoen. Men før han flytta vart ein vitne til endå eit branntilløp i fabrikken(B). Etter eit industrieventyr på Glitre legg Mikkelsen ned verksemda i 1997(B)(B).

Husflidsskulen flytta skulen frå Dalabakken til leigde lokaler i det nye LK-bygget til skulestart skuleåret 1980/81(B).

 Men korleis vart skjebnen for Gol Trevarefabrikk!? Etter at kommunen flytta ut vart lokala nytta av fleire etatar og privatbedrifter. Folkeuniversitetet for Øvre Hallingdal var her lenge(B). Det same gjaldt Læringssenteret som heldt gravøl på ein humoristisk måte(B). I 2016 vart bygningen rive(B). Her kan du sjå bilde frå Gamlevegen 2B i 2010(B) og i 2019(B).