Gol sentrum før år 2000

Gol sentrum endrar seg over tid. Men det er så fort å gløyme når dei einskilde bygga vart til og korleis landskapet såg ut før endringa ...

SENTRUMSVEGEN 107, SOLSTAD HOTELL OPNA etter ombygginga i 1999. I 1920 vart Tomta kjøpt og eigedomen bygd som pensjonat for ca. 20 senger. Frå 1936 namneendring til Solstad Hotell.  I 1961 stod neste generasjon ved roret. Dei starta kafedrifta i 1965. Solstad auka overnattingskapasiteten 1976 med 20 senger ved bygging av motell, og namnet vart no Solstad Hotell og Motell. Eit påbygg i 1981 av motellet på 9 dobbeltrom auka kapasiteten ytterligare.  I 1984 var gang- og sykkelveg forbi Solstad eit aktuelt tema. Det enda med at hekken måtte rivast. Den tredje generasjon eigarar overtok i 1989. Solstad har gjennom åra gjennomgått ei rekke utbyggingar og ombyggingar. I 1994 vart det nye motellet bygd. Det store ansiktsløftet av hotellet kom ved ombygginga i 1999. Då vart utsjåanden slik du ser den i dag. Dei 15 gjesteromma i andre etasje vart no slegne saman til ein triveleg festsal med tilhøyrande kjøken og sanitæranlegg. I 2018 fekk Solstad Hotell Gol kommune sin kulturpris for den velsmakande og tradisjonsrike maten. Erik og Ingeborg driv fortsatt hotellet og motellet. Men kafeen har dei sidan 2019 leigd ut. Men seinhaustes 2021 kom medinga om at hotellet var selt, og den nye drivaren vart presentert.

SENTRUMSVEGEN 116 OG 118 OPNA NYBYGG I MARS 1997 20/49 Sentrumsvegen 116 og 118 opna etter ombygginga 12 mars 1997. Kremmartunet fekk byggeskikkprisen i 1998. Tomta er ombruk.   Fleire bilder under tala: 1  2  3  4 

Union Eiendoms-kapital AS kjøper Kremmartunet i desember 2006.

SENTRUMSVEGEN 65 OPNA I 1993 14/88 Sentrumsvegen 65 Torggården opna dørene 8. juli 1993. Gol TV -Elektro og Classic Man var på plass opningsdagen. Medan Gol Apotek flytta hit i september same år.

GOL SKYSSTASJON OPNA JUNI 1991 Gol skysstasjon vart offisielt opna 18. juni 1991. Buskerud fylkeskommune teikna aksjar for 500 000 kr. I bygget er det sett av arial til venterom m offentleg toalett, kioskdrift og rom for utleige noko som skal gje inntekt til bygget. På tomta til skysstasjonen stod bl.a Faraasen Trevarefabrikk og bustadtomta Solvang. I 1984 vart desse eigene teke over av Gol kommune, som reiv bustadhuset og trevarefabrikken og tok tomta i bruk til busshaldeplass.

INNFLYTTING I NYTT KOMMUNEHUS I MARS 1989 14/502 Gamlevegen 4 Gol Kommunehus var innflyttingsklar i mars 1989. Ein flytta frå nabobygningen Lysebo.

SENTRUMSVEGEN 91 OPNER NYBYGG 1988 25/96 Sentrumsvegen 91 opna etter ombygginga hausten 1988. I 2003 vart  Sentrumsvegen 91 seld. Det er Bjørn E. Eidsgaard som i dag eig eigedomen som er ombruk. Ved ombygginga 1988 vart bygget nærast vegen rive til fordel for pumpeplass. Verkstadhallen som under krigen var kinosal for tyskerane vart då ombygd til butikk og servicehall. Namnet på stasjonen har skifta fleire gonger. Norsk Brændselolje valgte namnet MIL i 20-åra. Den britiske medeigaren BP overtok seinare profileringa. I 1976 kjøpte Statoil kjeda, innlemma Hydro- og OK-stasjonane og tok namnet Norol. Først i 1991 vart Statoil-namnet teke i bruk i Norge. Frå 1. mars 2017  Circle-KFURUVEGEN 9 / SENTRUMSVEGEN 82 OPNA NYBYGG 1985 25/165 Furuvegen 9 / 25/59 Sentrumsvegen 82 vart opna i 1985

SENTRUMVEGEN 130, EIDSGAARD HOTELL opna etter ansiktsløftet i 1984. Eidsgaard hotell har ei lang historie. Hotellet vart bygd i 1898 og er det nest eldste hotellet i Gol etter Madam Bruun på Rolvshus, som kom i drift i 1856. I 1936 var det eigeskifte. Hotellet har hatt mange andlet opp gjennom åra. Hotellet bygde motell i 1970. I 1988 vart hotellet selt, og vart etter kvart Eidsgaard- Tunet. Motellet vart rive i 2016 for å gje plass til Coop Extra.

SENTRUMSVEGEN 77 VART OPNA 1981 14/420, Sentrumsvegen 77 har tilkomst frå Gymnasvegen og vart offisielt opna 3. juli 1981. Målet med bygget var å tilby fleire senger for utlån. Det var Pers Hotell og Thorstens Motell som stod for utbygginga. Pers Hotell vart eineeigar av bygget 1987. Sentrumsgården Gol AS kjøpte appartementshotellet i 2013 som er gjort om til leilighetsbygg med 42 seksjonar. Tomta er frådelt 14/109

LK-BYGGET VART TEKE I BRUK HAUSTEN 1981 Det var Ole K. Karlsen som bygde 25/210 LK-senteret i Furuvegen 6. Aktuell flytta inn på gateplan i juli 1981 og Buskerud Husflidsskule i 2. etasje og hems til skulestart hausten 1981. Kommunen som mangla tilfluktsrom i midtre sentrum fekk til ein avtale med Karlsen. Tomta utgjer Zion og Venåstomta.

EIDSGAARD MATSENTER FLYTTA INN I NYBYGG 1980 18. juli 1880 var det opning av det nye forretningsbygget til E. B. Eidsgaard, Eidsgaard Matsenter. For å unngå å stoppa handelen vart varene ført over frå det gamle til det nye bygget før gamlebutikken vart riven.

TREKANTEN I FURUVEGEN 14 VART BYGD I 1978/79 Bustaden 25/107 Furuvegen 14 vart bygd av Oddvar Gjestemoen 1978-79 men selde huset til Svein Ness i 1988. Ness starta opp som urmakar i Stakegården 1958 og held til her til han flytta til Furuvegen i april 1988. I 2003 markerte Ness at han hadde vore yrkesaktiv i 45 år

DBC FLYTTA INN I NYBYGG I JANUAR 1977 14/81 Gamlevegen 6A og 6B vart offisielt opna i januar 1977

BRANNKASSEBYGGET OPNA MAI 1977 1. mai 1977 flytta dei første leigetakarane inn i Hallingdal Brannkasse sitt nybygg i Gol, men først 21. mai vart bygget offisielt innvigd  i samband med årsmøtet til selskspet. Snart flytta Arbeidstilsynet, eit revisorfirma og frisørar inn i bygget. Med åra har Gjensidige sjølv teke i bruk større del av golvplassen, men fortsatt er det fleire leigetakarar der.

GAMLEVEGEN 29-35 OPNA I 1976 29/55 Gamlevegen 29-35 vart opna i 1976.polet flytta inn i forretningsgården i 1985 vart bygget kallast Polgården. Bygget fekk ein ny etasje i 1987 og det vart  plass til både kontor og bustad.

Sentrumsvegen 59 flytta inn i nybygg i 1976 10/25 Sentrumsvegen 59 "Lybekktomta" opna i november 1976. Dei første som flytta inn var Hallingdal Brannkasse, Klesbua og Lekestua. Underholdning vart det og. Det er det ombygde Lybekkhuset som nå er teke i bruk. Bygget framom Lybekkhuset vart ferdig 1982. Her er Lybekkhuset integrert i bygningsmassen.

HALLINGSENTERET OPNA I DESEMBER 1976 Nesbyen bygde det første kjøpesenteret i Hallingdal, men det var Hallingsenteret (Jamo på folkemunne, Jan Erik Mortensen) som kom med den første rulletrappa. Arbeidet med kjøpesenteret tok til i juli 1976, 90 dagar før opninga  Norske Stålbygg var hovudentreprinør. Senteret sitt varemerke var eit mangfald varer under same tak. Der var daglegvarer, gullsmed, møbeler Rodio/tv, kvitevarer, leikar, klær, sportsutstyr, postkontor og Kafe. Hyppig annonsering og spesielle tiltak skulle "freiste" kundar til Hallingsenteret. Torsdag 2. desember 1976 kom dei første handlande

"NOEN KOMMER OG NOEN GÅR"

Hallingsenteret var starten på ei utvikling innan daglegvarehandelen som ein kan like eller mislike.  På 1960-talet var det heile 20 daglegvareforretningar i Gol. MEN KVA SKJEDDE eigentleg? Kvifor vart etter kvart så nær som alle landhandlane og dei små kolonialforretningane lagde ned? Forklaringane er fleire. Ei forklaring er framveksten av kjøpesentera og kjedene som kom på 70-talet. Meir om dette her

Men korleis gjekk det med Hallingsenteret. Dei to første åra var relativt stabile. Etter kvart trekte nokre seg ut og nye kom inn. Men då  posten flytta til leigde lokaler på Glitre 2013 og Jysk flytta til eige nybygg på Glitre 2014 vart heile 2. etasjen i Hallingsenteret tom. Og då Europris fekk tomt  i sentrum og vart nabo med Lensmannsgarden 2017 kom konkursen. Men det ser noko betre ut i dag. Miføyka as kjøpte i oktober 2019 2. etasje for å starta opp treningssenter der. Og den 25. januar 2020 kunne dei ynskje kundane velkomne. Elles er det blitt noko aktivitet i 1. etasje 2020. Advikatfirma Elden og Hallingmegleren er blandt dei som har kontorlokaler der.

SENTRUMSVEGEN 68 VART OPNA I 1971 14/277 Sentrumsvegen 68 vart bygd av Odd Bottolfsletten 1971. Bygget var då i tre etasjar og hadde flatt tak. Bottolfsletten selde bygningen til Forretningsgården A.S i 1987. Hallingdal Gull og Solv A/S flytta då hit frå Hallingsenteret. Bygget vart påbygd i høgda 1991 og vart slik bilete viser. Hallingdal Brannkasse og Ål sparebank kjøpte forretningsgården i 1995.Magnus Narum AS overtok eigedomen i 2001.

PERS HYTTEPARK TRINN 1 FERDIG TIL SESONGSTART 1969  14/18 Pershyttene / Pers hyttepark. 10 hytter a 4 senger + sanitæranlegg sto ferdig til sesongstart (juli) 1969. Hytteparken vart ferdig utbygd 1975

SENTRUMSVEGEN 67 VART OPNA I 1964 Fredag den 14. februar 1964 kunne Alfred Jordheim og Oddbjørn Viko ynskje kundane velkomne i nye lokale i Sentrumsvegen 67. Tomta ligg like ved sida av forretningsbygget dei flytta frå.

SENTRUMSVEGEN 71 VART  BYGD 1964 14/485 Sentrumsvegen 71, Thorstens Motell vart teke i bruk i april 1964 og bygd på 1976. Motellet ligg like bak Sentrumsvegen 69. Motellet vart 1987 kjøpt av Pers Hotell. Torbjørn Rustberggard seksjonerte bygget i 2019 til 11 einingar.

SENTRUMSVEGEN 72 KOM I DRIFT I 1964. Sentrumsvegen 72, Pers Hotell vart innvia onsdag 9. juli 1964. Tomta er ombruk. Per Herbrand Rustberggaard bygde først opp skifabrikk her, som han dreiv til omkr. 1950. Då vart fabrikken bygd om til ungdomsherberge. I privatbbustaden frå 1946, vart det heimebakeri og kafé. Pers Hotell vart bygd i 1963/64. Særmerkt og vellykka arkitektur skreiv Hallingdølen. Seinare er Pers Hotell utvida fleire gonger. Meir  I 2019 såg det slik ut: 1,2,3. Les om Turistferdsla her

SENTRUMSVEGEN 104, 25/146 BØYUM vart bygd i 1962. Olav Skredegård kom til Gol i 1956 og byrja som fotograf. I 1960 kjøpte han tomt og bygde si eiga forretning i 1962. De første som leigde lokaler hjå Skredegård var Li og Vult Simon i 1963. Bottolfsletten leigde der ei tid før han flytta inn i nybygg i 1971.

SENTRUMSVEGEN 126, 29/23 GOL SPAREBANK vart bygd i 1960. "Gamlebanken" vart etter kvart for liten, og ny bygning vart reist 1960. Bankhistorie

SENTRUMSVEGEN 120, HALLINGDAL HUSFLIDSSENTRAL VART OPNA I 1960. I november 1934 vedtok styret i fylkeslaget å starta ein husflidssentral i Hallingdal lokalisert til Gol, og at det skulle tilsetjast ein fast styrar. Frå 1936 leigde Husfliden butikklokale hjå Olsgard ved Hesla bru, samstundes som laget hadde ein salskiosk ved jernbanestasjonen i turisttida. Husflidsutsalet drei og kafedrift. I Olsgardhuset held held Husfliden til fram til seinhaustes 1960 då nybygget sto ferdig. Tomta vart kjøpt alt i 1938. Etter kvart fekk Husliden plassproblem og det vart bygd på eit vinkelbygg i 1969.

SENTRUMSVEGEN 92 Vangenstein 25/114 vart teke i bruk i 1954/55  Historikk   Gol blomster har vore leigetakar i Vangensteingården  frå 1955. Odd Sverre Utengen overtok Gol blomster i 1963/64. I dag blir butikken dreven  av sonen Ole Sverre. Andre leigetakarar har vore Svein Ness som starta opp som urmakar her i 1958.

SENTRUMSVEGEN 57, DOKTORKONTOR/BUSTAD fråskild Nordre Breidokk 12.11.1953

SENTRUMSVEGEN 69 VART BYGD I 1951 14/291 Sentrumsvegen 69. Frå 1935 dreiv Eirik Hesla Gol Trevarefabrikk på denne tomta. Han hadde privathus ved sida av kafeen som i dag er eigd av Sentrumsgården Gol AS. Fabrikken vart råka av brann 25.05.1949. To år seinare, 1951 bygde Eirik opp dette forretningsbygget på tomta. Her dreiv kona Ingeborg Håvelmoen Hesla Central kafe og her starta Alfred Jordheim og Oddbjørn Viko opp si forretningsvirksomhet. Seinar har det vore både sportsbutikk bank osv. i dette bygget. Du kan sjå tomta i 1959 her Staden vart 1962 overdrege til dottera og versonen. Dei bygde til Torsteins Motell i 1964. Fokus Bank, no Sparebanken 1 kjøpte bygningen i 1972. I dag Velvet Eiendom AS.

Sentrumsvegen 103, 26/102 vart bygd i 1949. Trekanten.

SENTRUMSVEGEN 61 VART BYGD 1947 Ivar Olaussen fekk delt frå 10/40 Sentrumsvegen 61 (Skogmo) 1946. Han var gift med Jenny Ødegaard og begge dreiv frisørsalong i bygget fram til 1983. Dei hadde husvære i 2. etasje.Hårek ved Norhaug og Midtskog overtok frisørsalongane i 1983. Ivar døydde i juni 1984 og Jenny juni 1999. Leif og Maiken kjøpte huset av arvingane i oktober 1999. Ivar Olaussen starta frisørsalong i Botten/Bråten gården (Gol foto) 1940. Ivar støtta trutt opp om Gol IL. Huset er teikna av arkitekten Eindride Slaatto.

SENTRUMSVEGEN 63 VART BYGD 1947 1946 fekk Svein Treverket delt frå tomta 10/42, Sentrumsvegen 63 (Hamre). Svein var salmakar og starta Gol Møbel i desember 1960 og leia forretninga til 1974 då sonen Owe tok over. Han dreiv verksemda til 1988 då han selde bygget til Stølen Eiendom. Då Svein kjøpte 10/42 stod det ei tyskerbrakke på tomta som han tok i bruk og vidareutvikla. 1972 vart butikklokala fornya og i 1981 vart butikkarealet utvida med eit større tilbygg.

SENTRUMSVEGEN 96 Skansen 25/69 I 1947 vart det bygd ny forretningsgard på tomta. Historikk

Sentrumsvegen 101, 26/103 Frydenlund vart bygd i 1945/46. Historikk

SENTRUMSVEGEN 113, 22/24 BERGLAND, GOL OPTIKK vart bygd i 1939  Jul Turhus bygde forretningsbygget på tomta(B) til det gamle posthudet i 1939(B). Turhus har hatt fleire leigetakarar(B).  Historikk(B).   1958(B)   1969(B)

SENTRUMSVEGEN 114, 26/90 BJØRNSTAD, Ragnhild Gulbrandsen flytta inn i nybygg i 1939. Ragnhild Gulbrandsen var dotter til Birgit Stensrud som dreiv manufakturforretning i Stensby  i Sentrumsvegen 124. Etter Birgit heldt Ragnhild fram med forretninga til ho byrja for seg sjølv. I 1938 leigde ho i eit års tid rom hjå Hjørdis Bråten/Botten i Sentrumsvegen 106. I 1939 flytta ho inn i eiga forretning, 26/90 Bjørnstad Sentrumsvegen 114. Bjørnstad er med åra ombygd og utvida. I 1966 vart det sett opp eit tilbygg på 280 m2. mellom Bjørnstad og Gol Bygg. Frå 1978 overtok dottera butikken og dreiv vidare i 10 år. Deretter vart butikken leigd ut til Madame, Classic Man, Det Lille Motehuset og no Ringo. Gol bakeri har vore i huset sidan 1984. Bilde frå 1959 og 1969

SENTRUMSVEGEN 106, 25/104 BERGTUN, Hjørdis Bråten/Botten flytta inn i nybygg i 1937. Hjørdis Bråten/Botten var fotograf og flytta inn i nybygget 25/104 Bergtun i 1937, same året som ho gifta seg. Du kan lesa om den uvanlege fotograf- famelien Hjørdis kom frå her. Dottera Liv tok over Bergtun i 1979 og har mange bilde av seg som lita. Gol Bygdearkiv tek godt vare på samlinga. Ragnhild Stensgård (Gulbrandsen) var den første som leigde lokaler hjå Bråten/Botten. Då hjørdis slutta som fotograf i 1956 tok Olav Skredegård over Gol foto og rammeforretning, og var der til han opna forretning i eigne lokaler i 1962. Fabrikkutsalet leigde lokale her frå april 1965 til november 1983. I des 2008, 2009 og okt. 2010 er Vitabella leigetakar. I 2018 er Turistkontoret her.

SENTRUMSVEGEN 105 10/21 GOL BEDEHUD vart bygd i 1927. Gol Bedehus er eigd av Gol Indremisjon. Forutan det bedehus vanligvis brukes til har bedehuset også vore nytta som skulehus. Bedehuset var gjennom ei større renovering i 1962, mykje fordi huset var for kaldt å vera i. Pipene måtte reparerast, tak og vegger isolerast, kjøkenet renoverast og husværet i 2. etasje moderniserast. I mai s.å. kunne ein ynskje velkomen til opningsfest. I 1966 vart det siste byggjesteget fullført. Det omfatta nybygg til garderobar, sanitæranlegg og opprusting av utearealet. I november s.å. vart bedehuset gjeninnvigd. I 2003 var bedehuset måla utvendig. I 2005 vart bedehuset pussa opp både ute og inne, og særlig storsalen. 3. desember s.å. var det omvisning og fest. (L).

SENTRUMSVEGEN 109, 29/18 GAMLEBANKEN vart bygd i 1929. Gol Sparebank sitt første forretningsbygg som på folkemunne vert kalla gamlebanken. Gol kommune kjøpte Solberg i 1960, men i 1963 overtok e-forsyninga eigedomen. "Gamlebanken" er i dag i privat eige.

VALDRESVEGEN 2, 34/8 Fossheim/OLSGARDHUSET vart bygd i 1923. Halvor Olson Olsgard bygde opp Fossheim truleg i 1923/24. Historie

SENTRUMSVEGEN 88, 25/61 FURUSETH Her har det vore hus sidan 1914. HistorikkVenås hare dreve handel her sidan 1935. Nektar å gje seg. "Venås uendra sidan 1955" 

SENTRUMSVEGEN 124, 29/62 STENSBY har vore i gatebilde sidan ca 1914.  Stensby   Huset står her endå men har endra noko på utsjånaden opp gjennom åra. Bilde frå mai 1959 syner framhus og låve mellom Sparebankbygget og Husfliden, som er under bygging. Frå starten av har det vore både bueining og forretning i desse husa. SENTRUMSVEGEN 122, STENSGÅRD opna nybygget 17. august 1979.  Nybygget har teke plassen til låven som vart rive.

SENTRUMSVEGEN 56, BREIDOKKMOEN 9/32. vart bygd i 1877.  Historie

Gol sentrum år 2000 og åra etter.

Gol` nedre / Herad` øvre sentrum.

Kva gamle bilder fortel om utviklinga.