Raud pil til venstre: Kvernhuset som Gol Bondelag sette opp i 1999. Raud pil til høgre: 34/8 Fossheim (Olsgard eigedomen) Matrikkelen er oppretta i 1899. Når hovudhuset me ser på bilde vart bygd veit ein ikkje, men det skal vera etter 1920 men før 1925.  Dette bilde viser ein bygning på tomta, tru kva år det er teke.

Matrikkelutkast frå 1723 viser at det var 28 kverner i Gol. Dei fleste var små bekkekverner, men det var og litt større kverner som mol til andre. I 1999 Sette Gol Bondelag opp ei kvern ovafor Heslabrua. Meininga var at det skulle bli ei kvern i full drift som viser korleis alt gjekk føre seg i gamle dagar.

Kverna ovafor Heslabrune: Kverna ved Heslabrune har opphavleg tilhøyrt søre Hesla. Det eldste kvednastøe var nok ovafor brune. Denne kverna er nemnd fyrste gong i 1673. Før 1814 vart nok denne kverna selt til Viko. I 1824 selde Knut Olson Viko kvernbruket til Oleiv Mikkelson Golberg. Seinare vart kverna seld attende til Hesla. 28 mai 1880 bygsla Ola Endreson Hesla bort «et Vandfall i Hemsil med ret at opføre en stue for 50 Aar» til Ola Embrikson Nørheim (seinare Brøto) f-1840 d-1919 g. m. Kari Knutsdtr. Stensrud f-1851 d-1924.  Det var ovafor Heslabrune, nok på det opphavlege kvednstøe, at Ola bygde opp kverna si. Han bygde og ei lita stugu like ved til å vera i for den som styrde kverna. I flaumen 1897 reiste kverna, men stugu greidde seg. Ola bygde opp ny kvern litt lenger ut i elva. Tolleiv Vestaforhaugen hadde vore mylnar for han ein del, men elles styrde han kverna sjølv. Det var tre par kvernsteinar her. I 1899 fekk Brøto skøyte på Olsgardremmen. Han selde remmen til Anne Olsgard som frå før eigde Fossheim, Olsgardhuset.  Det var far til Anne, Halvor Olson Olsgard som kjøpte Fossheim av kona til Ola Embrikson Nørheim, Kari Knutsdtr. Stensrud Brøto i 1923. Det fylgde då med rett til å bruke kverna. Kverna var i bruk til 1920- åra kunne Guro Hoftun fortelje. Halvor bygde opp Fossheim truleg i 1923/24 og brukte 2. etaje til skomakerverkstad. I 1.etaje dreiv døtrene med manufakturforretning som seinare vart lagt ned. Desse eigene vart i 1958 og 1959 overdrege til Astrid Espedokken (Stensrud) som har leigd ut lokala. I 1929-1936 dreiv Sander Storla bakeri her. Hallingdal Hudflid nytta lokala i tida 1936-1960. Ein filial av Gol Samvirkelag etablerte seg her i 1962. Fabrikkutsalet leigde først lokale i forretningsgarden til Håvard Botten men flytta til Heslabrua i januar 1984. I februar 1996 vart Fabrikkutsalget " Kid Interiør" Dei vart ved heslabrua til juli 1999. Frå då av vart det "Fruene ved broen"  til  juni 2007. I desember 2007 opna Sybille Wedding  og Reinhard Streipert veskebutikk i desse lokala. 1. Januar 2018 opna Vasil Tafa møbelforretning her. "Ett trinn inn" forsøkte å etablera seg i ein bygning bak Olsgardhuset i 1985. I 1990 kom parkeringsplassen ved Olsgardhuset.