Joranger kyrkje, og kalla Jørongakyrkja: 

Sjølv om kyrkja ikkje er stor, har ho på avstand noko høgreist og majestetisk over seg der ho ligg på eit høgdedrag med utsyn mot Lustrafjorden. Meir om kyrkja

Forutan Jørongabøgdi soknar Høgi, Kjørlog, Sviggaplassane, Marheim, Marifjøra, Hundshammer, Dvergsdalane og Eikjastrondi, til Joranger kyrkje.

Frå kyrkja ser ein ned på Gaupne og Lustrafjorden. Ein ser noko av Engja-dalen, Råum, Nes og Feiga samt Feigefossen.  Ein ser det meste av Svigga-plassane og utover mot Fet- bøgdi. Ein ser deler av Lambhaug og Morki, samt nedre og øvre jørongo, Tørvi og Opheim.

Her har det lege kyrkje kanskje så langt tilbake som 1200-talet. Kor lenge veit vi ikkje, like lite som vi veit den faktiske alderen på kyrkja som står på staden i dag.

"Klyngjetunet" Joranger nedre var inntil vassverket kom avhengig av same vasskjelda. Vatnmangel var nok opphavet til denne som mange andre "klyngjetun" i gamal tid.


 bildet ser ein mykje av Jørongabøgdi.

Nederst, midt i bildet ser ein husa til dei to bruka som flytta ut frå "klyngjetunet" i 70 åra.  Lengst til venstre Øvretun og Tørvi. Gardane aust for Tørvi er Joranger øvre Dei 4 bruka øverst er Opheim, den øverste kjend som Sjåflat.

Stølane Høgistølen, Ulvongo, Brekka, Midtstølen, Saupsete,Trollsete, Røyteholet, og Lyngsete, ligg i fjellområda ovafor innmarka. Området høyrer til Indre Hafslo.  Ikkje uvanleg at folk tek seg ein tur til Skogavarden eller Lyngsetnipa

Skulehuset på Joranger var i bruk som skule i 50 år fram til 1914. Då vart krinsen slått saman med Fet, og det vart bygt nytt skulehus på Kjørlaug, Livdtun skule.

Nokre av dei som har vokst opp på Jørongo vart norsk-amerikanar-sogningar.

 Garden øverst til venstre kallast Bekken. Nedunder ligg garden La, og nederst ser ein noko av Marifjøra. Ein ser og ein bete av Gaupnefjorden som endar opp ved kommunesenteret Gaupne

Den gulmerka vegen er sjøvegen til Jørongane og kyrkjevegen til dei som budde i Marifjøra og omland. Den går via gardane La og Bekken.   

Marifjøra 2015

Henny Eikum Roterud fortel om endringar i Marifjøra 

___________________________________________

Byvandring i Marifjøra 1. mai 2020 via Radio Luster

__________          __________

Sjå bilete frå Marifjøra anno 2010

___________________________

Marifjøra 1880 til 1964

___________         __________

Gamle Hafslo kommune 1905

__________          __________

Marifjæren

______________________

Strandsitjarstaden Marifjøra

__________          __________

Handel og gjestgjeveri i Marifjæren

  ________           __________

"Dampen"

_______________________

Kommunesenteret Gaupne