Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Marifjøra

Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for Indre Hafslo og Jostedalen. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider. På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.

Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgjevar i Marifjøra, og i det noverande Tørvis hotell finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.

Tørvis hotel vart i 1918 kjøpt av Per Bugge Næss. Han eigde Hofslund hotell i Sogndal og overlet drifta av Tørvis til sonen Hans. På byrjinga av 1900-talet vart hotellet mest vitja av omreisande handelsmenn, men om lag i 1909 skjedde det eit skifte. Då vart ein større del av hotellet sine gjester turistar - ein del av desse var utanlandske. I 1936 kom det ei ny lov som kravde at ein overnattingsstad måtte ha minst 20 senger for å få status som hotell. Tørvis hotell fekk hotell-status og har i dag 50 senger. Den gamle gjestgjevar-bygningen er kjernen i hotellet og her finn me resepsjonen. Hotellet vart bygd ut både i 1948, 1958 og 1970 med fleire nye fløyar. 

Til turistsesongen 1996 vart det opna eit nytt overnattingstilbod for turistar som vitja Marifjøra. Ekteparet Gunn Sofie og Per Jarle Molland opna då Marifjøra sjøbuer - fire hytter i rorbustil ved fjordkanten.

Tørvis hotell             Marifjøra sjøbuer           Marifjøra 2010              Henny Eikum Roterud fortel om endringar i Marifjøra                          Byvandring i Marifjøra 1. mai 2020 via Radio Luster          Gamle Hafslo kommune 1905        Marifjæren         Strandsitjarstaden Marifjøra        Handel og gjestgjeveri i Marifjæren          "Dampen"