Marifjøra er ein tettstad ved Lustrafjorden i Luster kommune, beliggjande ved utløpet av Maradalen.
Historisk var Marifjøra den sentrale hamna, handelsstaden og tingstaden for Indre Hafslo (som femna om Fet og Joranger sokn), og staden høyrde til Hafslo kommune fram til 1963. Då Hafslo, Jostedalen og Luster vart slegne saman til éin kommune 1. januar 1963, vart Gaupne valt som nytt kommunesenter. Som følgje av dette mista Marifjøra etter kvart den leiande posisjonen sin som handelssenter i området.
Tørvis Hotell. Gjestfriheita i Marifjøra strekkjer seg heilt tilbake til 1634. Det som starta som ei lita kro og skysstasjon for reisande, har gjennom hundreåra vakse til å bli det tradisjonsrike Tørvis Hotell. I dag finst det framleis bygningsdelar frå det aller første gjestgjeveriet i hotellet. I 1875 tok Jacob Trondson Fet over gjestgjeveriet og kalla det opp etter heimegarden til kona si, Anna Tørvi. Utover på 1900-talet gjekk hotellet frå å husa omreisande handelsmenn til å bli eit populært reisemål for turistar frå både inn- og utland. Hotellet vart utvida i fleire omgangar og har vore ein viktig samlingsstad i bygda. Etter ein innhaldsrik historie med ulike eigarar og periodar med renovering, overtok Bjarte Lie og Thomas Jahnsen Tørvis Hotell i oktober 2024. Dørene opna att for gjester i mars 2025, og hotellet ser no framover mot nye, flotte sesongar ved fjorden. Fleire detaljar her.
Marifjøra sjøbuer: Til turistsesongen 1996 vart det opna eit nytt overnattingstilbod for turistar som vitja Marifjøra. Ekteparet Gunn Sofie og Per Jarle Molland opna då Marifjøra sjøbuer - fire hytter i rorbustil ved fjordkanten.
Bildet er teke i 1950 eller tidlegare.
Frå munnlege kjelder har me fått opplyst at Jon Ness (f. 1878 – d. 1926) eigde mølla og sagbruket til han døydde. Han bygde og eit privat elektrisitetsverk på det same området som mølla låg på. Mølla var i full drift til ho brann ned i 1924. Det vert fortalt at Jon Ness hadde planar om å byggja opptatt mølla etter brannen, men han vart sjuk og døydde, så det vart ikkje noko meir mølledrift i Marifjøra. Den siste som var «møllemann» var Ola Teigen
Saga var i full drift til slutten av 30-talet, og munnlege kjelder kan fortelja at det tømmeret som vart skore på saga vart frakta dit både landevegen og sjøvegen.
Bryggja ved fjorden var tidlegare det viktigaste bindeleddet med omverda, men trafikken på fjorden er ikkje lenger så viktig.
Fylkesbåtane vart skipa i 1858. Fylkesbaatane var første fylkeseigde ruteselskapet i landet, frå 1919 kalla Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Selskapet hadde i starten to dampskip som dei sette inn i passasjer- og godstrafikk mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Desse skipa vart kjøpte inn og kom i trafikk vinteren 1858/59
I 1911 er det fire båtanløp i veka i Marifjøra.
Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for Indre Hafslo og Jostedalen. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider (29. september).
På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.
I 1915 var vegen ferdig frå Sogndal til Marifjøra. Vegen gjekk no over Hafslo ved Hillestad hotell, til Kjørlaug og til Marifjøra bru.
Vegen frå Kjørlaug bru og til Marifjøra bru vart allereie i 1886- 87 utbetra til 2,5 meters breidd. Denne vart først utvida til fire meters breidd i 1924 – 1928, då inkludert begge bruene.
Her ser ein nedre delen av vegen i Marheimsgjelet, og Marifjøra bru.
Frå Marifjøra og vidare innover vart det og arbeidd med vegen. Vegen gjennom Røneidsberget vart bygd 1877- 1880. Røneidsbrua vart bygd i 1881 – 85. Denne brua vart teken av flaumen i 1905/06, og ny bru vart bygd 40 meter lenger nede. Den nye brua stod ferdig i 1907.
Det vart arbeidd både på vegen til Jostedalen og vegen til Skjolden i denne perioden. Vegen frå Marifjøra og utover til Eikum var først ferdig i 1962.
I året 1928 fekk vegen Sogndal – Skjolden riksvegstatus.
Tørvis hotell Marifjøra sjøbuer Marifjøra 2010 Gamle Hafslo kommune 1905 Marifjæren Strandsitjarstaden
"Dampen" Medås,"dar kjem" dampen"