NY STASJONSBRU OG NY RIKSVEG VART TEKE I BRUK I 1976 

Gol bru frå 1909 fylte ikkje lenger dagens krav og det vart arbeidd med å få bygd ei ny stasjonsbru. Samtidig var det behov for å avlasta biltrafikken gjennom Gol sentrum samt avlasta Heslabrua. Ein ny veg langs Hallingdalselva til Mobrua ville løysa problemet. Den nye stasjonsbrua(B) opna 15.august 1976(B). Arbeidet med brua starta opp i oktober 1975. Totalt kosta brua vel 3 millionar kroner(B). For å få bygd ferdig den nye riksvegen langsmed Hallingdalselva, måtte ein først fjerna eit brukar og det eine bruelementet på gamlebrua(B)(B) noko som forsinka opninga. Slik såg det ut seinhausten 1976(B). Meir om prosjektet(B). Bygningsrådet har ordet(B).

Gol bru over Hallingdalselva som bind saman sentrum på austsida og jernbana med Gol stasjon på vestsida vart oppført i 1907-1909. Det var Ola Olson Storla(B) som var ordførar i Gol denne tida.

Gol bru. Den lokale benevninga er "Stasjonsbrua". Brua erstatta ei eldre trebru. Kostnaden kom på kr. 78288, Gol sin andel vart kr. 5407. Byggearbeidet starta i 1907 og brua stod ferdig i 1909. Dei to åra frå Bergensbana vart opna og til brua var ferdig måtte Gol kommune syta for overfarten over elva. Dei måtte halda ferjeutstyr og løna sundmann og varekøyrar frå stasjonen til elva.

Her ser me ordføraren i Gol frå 1914 til 1928, Ole Nilsen Hoftun(B) på veg til jernbanestajsonen med stolkjerre og fin hest.

Om Gol jernbanestasjon her