NY STASJONSBRU OG NY RIKSVEG VART TEKE I BRUK I 1976 

Den nye stasjonsbrua opna 15. august 1976(B). Arbeidet med brua starta opp i oktober 1975. For å få bygd ferdig den nye riksvegtraseen langsmed Hallingdalselva, måtte ein først fjerna den gamle stasjonsbrua(B). Slik såg det ut seinhausten 1976(B). Bygningsrådet har ordet(B).

Den gamle stasjonsbrua frå 1909(B).

På biletet ovanfor ser me ordføraren i Gol frå 1914 til 1928, Ole Nilsen Hoftun(B), på veg til jernbanestajsonen med stolkjerre og fin hest. O. N. Hoftun var ein «institusjon» i bygda. Han var bonde på Hoftun (der campingplassen er) og dreiv garden mønstergyldig. Han var ein drivande arbeidskar og rakk på utruleg mykje. Det fortelst at han gjerne køyrde ei timbrevende or skogen før han reiste ut, t.d. åt banken, der han ei tid var nesten dagleg. Det var så rimeleg at ein slik mann også vart nytta mykje i bygdens styr og stell. I Golsboka står det m.a. at han var med i kommunestyret i 30 år, derav 27 år i formannskapet, og ordførar i 15 år.