Sel fritidsbustadenIndre Hafslo.

Gnr. 98 bnr. 13, Tørvisvegen 70.  6873 Marifjøra. 4644 Luster kommune. 259.9 moh. Tomta er på vel 1 dekar.

Salsprosessen er det Hedda Njøs som tek seg av. Mobil +47 947 86 772  hedda.njos@emvest.no 

Utsyn frå Brubakken: I retning kyrkja ligg øvre Joranger nærast. Dernest nedre Joranger med den 400 år gamle kyrkja. Ein ser og noko av Sviggaplassane, Gaupne og Lustrafjorden, og ein kan fylgje med på cruisetrafikken til og frå Skjolden. Ein kan og følgje med på trafikken ved varden på Molden. Eit landemerke på desse kantar er Feigefossen.

Ein kan velje mellom korte og lengre gåturar direkte frå Tørvisvegen 70:  Ein tur opp til stølen Røyteholet har vore obligatorisk når me har vore på Brubakken. Derfrå er det kort veg opp til Lyngsetnipa. Like før ein når "Spegelen" og ser seg tilbake, vil landskapet opne seg i nordleg retning. Frå spegelen er det berre nokre skritt til før ein får stølen Lyngsete i sikte. Derfrå ser ein hytta og Fetbøgda. Klebergseggi har me besøkt jamleg. Å gå til Skogafjellet er ein god dagstur. På vegen opp i nordleg retning vil auga festa seg på Veitastrond. I austleg retning, mot heimlege trakter. Etter slike turar har det vore fristande å lauga seg i Lustrabadet i Gaupne.

Det har og vore vanleg å gå opp til kremtoppen Molden, gjerne frå ulike startspunkt. Ved stabile værforhold har vi ofte trekt mot fjellområda Hurrongane, eller breheimen. Ein annan unik plass er Tungestølen der Veitastrondsdalen møter Austerdalsdalen og Langedalen. Plassen fungerer som innfallsport til både Breheimen og Jostedalsbreen. Der kan du oppleva brefalla ved Austerdalsbreen og Langedalen. . Elles vil Heimesida mi kunne gje inspirasjon til turar til fots, med bil, på sykkel eller ein kombinasjon.

«Draumar ein ber på: Det er alltid noko ein grublar på for å gjera kvardagen betre. Eg trur framleis at det hadde vore fint med ein platting framfor stova i underetasjen. For å få det til, må ein byta ut vindauget med ei dør. KI har hjelpt meg med å laga denne skissa. Om ein ynskjer det, lèt det seg gjera å sikra uteplassen mot regn.

Har òg tenkt at det skulle vore eit overbygg over trappa til hovudetasjen. Her vart KI-en litt vel ivrig med nye idear, tykkjer eg.»

Martine, som er arkitekt og har vore mykje på hytta, har grubla seg fram til følgjande løysing:«måla. stova. smart»

Mange meiner at trefargen i romma bør behaldast, og heller fremjast ved val av møblar og anna interiør. Uansett kva ein ynskjer er det eit fortrinn  at panelen er ubehandla, noko som gjer at ein i utgangspunktet står fritt når det gjeld eventuelle tiltak.