Salsprosessen er det Hedda Njøs som tek seg av. Mobil +47 947 86 772 hedda.njos@emvest.no
Klikk på hytta eller på meg
Frå Brubakken i retning kyrkja ligg øvre Joranger nærast. Dernest nedre Joranger med den 400 år gamle kyrkja. Ein ser og noko av Sviggaplassane, Gaupne og Lustrafjorden, og ein kan fylgje med på krusskiptrafikken til og frå Skjolden. Ein kan og følgje med på trafikken ved varden på Molden. Eit landemerke på desse kantar er Feigefossen. Ein tur opp til stølen Røyteholet har vore obligatorisk når me har vore på Brubakken. Derfrå er det kort veg opp til Lyngsetnipa. Like før ein når "Spegelen" ein reflektor, og ser seg tilbake, vil landskapet opne seg i nordleg retning. Frå spegelen er det berre nokre skritt til før ein får stølen Lyngsete midt i auga. Derfrå ser ein heimlege trakter. På Klebergseggi har me også vore jamleg. Det har og vore vanleg å gå opp til kremtoppen Molden, gjerne frå ulike startspunkt. Ved stabile værforhold har vi ofte trekt mot fjellområda Hurrongane, eller breheimen. Ein annan unik plass er Tungestølen. Der kan du oppleva brefalla ved Austerdalsbreen og Langedalen. Etter slike turar har det vore fristande å lauga seg i Lustrabadet i Gaupne. Ein kan velje mellom korte og lengre turmål direkte frå døra heime. Å gå til Skogafjellet er ein god dagstur. På vegen opp i nordleg retning festar auga seg på Veitastrond, i austleg retning mot heimlege trakter. Elles vil Heimesida mi kunne gje inspirasjon til turar til fots, med bil, på sykkel eller ein kombinasjon.