Ny gjennomgangsveg frå Heslabrua til Robru via Hemsil-juvet vart ferdig i 1875. Vegen vidare til Hemsedal vart ombygd i 1878. Vegen fylgde no elva Hemsil via Granheim og vidare oppover til Hemsedal. Tidlegare hadde vegen gått via Klepp, Sørbøl, Mattesli, Eikre o.s.v. Heslabrua vart ombygd for statsmidlar i 1879. Brua vart då spennverkbru, 47 m lang og 4 m breid.
Den første tre-spennbrua ved Robru med mura brukar frå 1876.

Vegen om Klepp vart etter kvart erstatta av nyevegen langs Hemsil til Hemsedal. Frå Robru vart denne bygd frå1878. Trafikken auka og behovet for ei breiare bru melde seg. Den stod ferdig i 1954. Studerer ein bilete av den gamle og den nye Robrua, kan det sjå ut som om nyebrua ennå ikkje er offisielt opna på det tidspunktet. Det vart ei elegant stålbru som vart lagd endå litt lenger opp. Hallingdølen skriv i juli 1954 "Arbeidet med den nye Robrua er godt i gang. Jernkonstruksjonane er på plass og støyping av betongdekket vil bli påbegynt første dagane i juli. Med tilførselvegar er brua kalkulert til omlag 400.000 kroner. Brua blir bygt for eit akseltrykk på opptil 10 tonn". 5.nov same år skriv avisa "Den nye Robrua i Gol er snart ferdig og vil bli opna for trafikk ein gong i november. Det står berre att støyping av rekkverk på nordsida av brua, og litt vegarbeid på den andre sida, men sjølve brua er ferdig". Gamlebrua vart ståande i mange år, men i oktober 1977 kunne ein i Hallingdølen sjå bilde av gamle Grønlibrua som erstattar.
I 1880 var heile ombyggingen ferdig til Tuv. 8 år tok det å byggje denne vegen, som nok vart ein bra gjennomgangsveg aust-vest, men som slett ikkje vart til det gagn for indre Gol og ytre Hemsedal. Den nye veglina førde til at vegen var teken frå gardane slik at desse var godt som veglause. Hadde ein heller valgt den gamle lina, der folk budde, ville ei verkeleg ombyggjing av Kleppsbakkane, av Sørbelbakken, Mattisli og bakkane i Hemsedal vorte farandes. Difor måtte det no gjerast noko med den gamle vegleia gjennom grendene slik at ein kom fram med bil. Men det skulle ta si tid før dette vart gjort.
I åra omkring 1900 til ut i 1920-åra vart det handarbeidd veg på Bergasida. Dei fekk kr 700 av heradsstyret til vegen, og av desse skulle dei siste kr 200 utbetalast då vegen var sett i full stand.
Robru er kanskje den viktigaste plassen for nokon. For andre er det ein stad med både historie og særpreg. Nedanfor brua er terrenget annleis. Her har det frå gamalt vore mange bruer.
Kor kom ein seg over Hemsil i gamal tid ved Robru- traktene? Den første brua over Hemsil i dette området som ein ser far etter, var innanfor Store Eidsberget. Litt ovanfor der Grønlibrua er no. Det var ei primitiv bru. Der er det eit godt brustø for dei slags bruer som fyrst vart slegne over elvane. Dei hogg ned so lange trær ved elvekanten at dei rakk heilt over, og på to-tre slike trær la dei så kavlar, og dermed var brua der. Mellom to store steinar ved kvar elvekant, kunne dei lett få til ei bru. Den tid brua var der, gjekk vegen over øvre Rogardane, Gjerdingo og Steget og so ned på brua ovanfor Eidsberget. Det vart også bygd hengebruer. Seinare bygde dei bruene på den måten at dei leste svære bjelkar ned med stein inne ved landet, og so skaut dei bjelkeendane lenger og lenger ut over vatnet på båe sider til dei møttest. Då vart brua forankra i svære steinkar ved stranda. Den slags bruer kunne dei spenne over ei breiare elv, men svært høgt over vassflata kunne dei ikkje koma. Slik var den fyrste brua som vart lagd over elva ved Løstegards- landet, og som seinare vart kalla Robrua. Det var nok den brua som låg der som er nemnd i A. Bøyesen og Ivar Wiel sine nedteikningar om presten Hans Cort, som døydde i 1648. Ei gong han kom frå Hemsedal og ville ri over brua, hindra skyssguten han i det, fordi han meinte brua var i for skrøpeleg stand. Og då dei jaga hesten utpå brast brua. Den tida gjekk vegen mellom Hemsedal og Robru omlag, men med nokre unntak, der Øvre Hemsedalsvegen går i dag.
Den første Robrua vart bygd i 1821-22 av trematerialar, og kosta vel 350 spdlr. Den vart plassert like ovanfor dammen der Rosaga ligg. Me kan enno sjå noko av gamlevegen ned til brua på båe sider, og båe brustøa, og ser at brua har lege lågt over elva. Ho vart nok teken av flaumane mange gonger, siste gongen av storflaumen i 1860, men vart bygd opp att i 1861. Då nyvegen frå Heslabrua til Robru vart bygd ferdig i 1875. vart det påkrevd ny bru. Og Vegvesenet bygde ny bru ovanfor hølen, og det vart ei tre- spennbru med mura brukar, slik kom ho høgt over elva.
Ved Robrua kan me sjå ei utvikling i veg- og brubygging i tre faser som går gjenom ca. 400 år. Og går me innanfor Eidsberget kan me få med det aller eldste steget i den kunst å byggja bru over elv. Robrua, den brua som førde over hølen ved Løstegardslandet, er nemnt i skriftlege kjelder frå litt før 1600, men ho er sikkert bygd lenge før den tid.
.............................................. " ................................................
Gamle kløv- og ferdselsvegar Den gamle hovudvegen til Hemsedal som i 1820-åra vart handarbeidd til kjerreveg frå Heslabrua til tunet på Bleikfet kan du lesa om her(L) (erstatta av Søre Øygardsvegen). Frå Bleikfet til Robru her(L) (erstatta av Søre Øygardsvegen og Nordre Øygardsvegen). Frå Robru til Hemsedal gjekk vegen etter same leia som den gamle kongevegen d.v.s, ride- og kløv-vegen frå før 1820(L) (erstatta av Øvre Hemsedalsvegen). Frå Robru før 1880 gjekk det ein vintraveg som dei kalla isvegen. Den gjekk på islagde Hemsil innover til Klæven,(Granheim) men der måtte dei inn på land til dei var kome forbi Klævaføssen. Det er ifrå denne tida Isvegen var i bruk at det var kvilarplass på Volebrøto. Då Lina vart bygd i 1870-åra vart det slutt med å reise denne vegen.
Ny veglov i 1851 Fyrst då det kom ny veglov i 1851, vart det sett meir inn på å byggja ut samferdslevegane i landet. Med den lova fekk stortinget full løyvingsmakt over vegstellet. I mest 100 år måtte Hallingdal greie seg med vegen frå 1820-åra. Men so ringt som han var bygd og so overhendeleg tung og bratt han var mange stader, opna han då likevel for bygdene i dalen, slik at dei kom meir i samkveme både med flatbygdene og med byane, og med folket utanor dalen. Vegen letta og mykja hopehavet mellom bygdene i dalen då det vart råd å fara med køyredoning. Men mykje slit ligg att i dei bratte bakkane gjennom dei hundre åra vegen var som han var. I 1824 kom ny veglov. Den la vegadministrasjonen under amtmannen, og han kunne ta ein veginspektør til hjelp. Men anlegg av nye hovudvegar vart lagde under staten, og av dette utvikla seg etter kvart «Statens Veivesen». Frå 1859 fekk amtmannen ein utdana ingeniør til å ta seg av det.




