Sel Tørvisvegen 70   Tomta er på vel 1 dekar

Me har kalla Tørvisvegen 70 for Brubakken fordi eigedomen ligg ved den vesle bakken opp frå brua. Då me bygde bustaden i 1980/81 var det med tanke om at me kanskje ein dag ville bli fastbuande her. 

I over 45 år har Brubakken vore fritidsbustaden vår. Me bygde staden for å kunna koma heim i helgar og feriar, vera saman med familie og vener, og ikkje minst for å utforske bre og fjell i Luster og nærområda rundt. Det har me gjort til gangs - Brubakken har for oss vore den perfekte basecampen. Unikt turområde

No er me komne godt opp i 80-åra og ser at staden blir mindre brukt enn før. Difor har tanken om å sleppe nye eigarar til vakse fram.

Som følgje av ein kommunal planvask i 2010 vart arealformålet for både tomta og bygningen omdefinert frå helårsbustad til fritidsformål. Når bruksendring frå fritidsbustad til bustad vert søkt i dag, kjem heile eller delar av gjeldande byggteknisk forskrift (TEK17) til anvending. Dette er eit søknadspliktig tiltak med krav om ansvarlege føretak. Det tyder at huseigar ikkje kan søkje sjølv. Ein byggmeister med tiltaksklasse 1 må stå for sjølve søknaden til kommunen, samordne prosjektet og sende inn teikningar, dispensasjonssøknader og dokumentasjon. Plan- og bygningslova § 31-2 gjev kommunen høve til å gje godkjenning utan krav om omfattande tiltak eller ombygging, under føresetnad av at krava til brannsikkerheit, helse og miljø er fullt ut stetta. 

Når bygget opphavleg vart ført opp som fast bustad, stiller ein ofte sterkare når det gjelder å få unntak frå einskilde moderne krav (som f.eks. full universal utforming eller krav til ekstrem isolasjonstykkelse i eksisterande veggkonstruksjonar).