https://www.joranger.net/sel-basecampen-34319s.html?show=17

Hytta ingen vil ha? – Brubakken på Tørvi

Det handlar ikkje om at staden manglar sjel. Det handlar om at den rette kjøparen berre ikkje har funne vegen hit endå.

Brubakken (Tørvisvegen 70 i Marifjøra, Luster) ligg vakkert til på rundt 260 meter over havet. Eigedommen har djupe historiske røter knytt til gardsbruket Tørvi og den gamle Bruvoll-teigen. Då mor mi selde sin del av huset på bruket i si tid, fekk me frådelt denne tomta på teigen Bruvoll.

I 1980–1981 vart hytta reist med eigne hender, solid snikkararbeid og eit sterkt ynske om å skapa ein trygg basecamp for eit aktivt friluftsliv. Gjennom tiåra har Brubakken vore utgangspunkt for utalde turar i Sognefjella, over breane og opp på tindane – frå storslåtte toppturar til rolege kveldar med utsikt over fjorden og bøgda. Hytta har vorte stelt med og halde ved like gjennom åra, seinast med nye, moderne trelags energivindauge. 

Kven skal føre historia vidare?

Etter meir enn fire tiår har me no passert 80 år med god margin. Tida er inne for at yngre krefter tek over og fyller staden med nytt liv, og nye eventyr i Indre Sogn.

Annonsa på FINN har hatt mange hundre klikk og stor interesse frå folk, men den endelege kjøparen har ennå ikkje meldt seg. 

Kanskje det hjelper med ein song!