Kong Haddings rike:
Hallingdal var ein gong kong Haddings rike. Han er omspunnen av myter og segner, og ikkje berre ein, men fleire norrøne småkongar opptrer under dette namnet. Han må ha vore ein av dei regionale småkongane i tida før Harald Hårfagre samla landet. Etter han vart namnet på dalen skrive Haddinggjadair til langt inn i mellomalderen. Det er såleis vikingtidas haddingar som har gitt dalen og dagens hallingar namn. Den islandske Flatøyaboka fortel at kong Hadding var son til Raum på på Raumarike og rådde over Hallingdal og Telemark. Etter han følgde to til med same namn før Hogne den raude vart konge. Etter Hogne hadde tre nye Haddingar riket etter kvarandre.
Lokale segner seier at Hadding hadde setet sitt på Garnås i Nes. Garnåsgardane ligg på kanten til Garnåskrateret, ein landformasjon skapt av eit metorittnedslag for meir enn 500 millionar år sidan. Kongen kan gjerne ha hatt fleire "kongsgardar" slik seinare kongar hadde.
At Hallingdal var haddinganes dal seier oss at dalen heilt sidan vikingtida har vore oppfatta som ei geografisk eining under same "konge", og nokså sikkert med eigne bygdeting. Hallingdal tingrett kan difor reknast som dalens eldste institusjon. Nyskapningane regionrådet og Hallingtinget, som er samarbeidsorgan for kommunane, har såleis ganle forbilde.
Mannan i Haugen: I dag er Hadding synt fram som turistatraksjon i haugen i mellomaldersparken på Gol. Hauglegginga der er ikkje heilt utan historiske haldepunkt. Ei segn seier at ein Hadding- konge skal ha late livet i Gol. Og gravhaugen på Viko-jordet nokre hundre meter unna kan gjerne fortelje om ein hovding i haug. Hahaugen, ein segnomspunnen morenehaug tett ved kommunehuset, kan også ha hatt namnet sitt etter kongen.
Kong Haddings tid: Veksten i siste del av merovingartida markerer starten på ein vekstperiode som varte i fleire hundre år gjennom vikingtida og langt inn i middelalderen. Frå denne tida kan vi teikne eit bilde av ein permanent gardsbusetnad i alle bygdene i Hallingdal. Det er på denne tida dalen får namn etter kong Hadding.
Vi kan tenkje oss at det var femti gardsanlegg i heile Hallingdal, truleg nokre fleire i øvre Hallingdal enn i nedre. Med ti personar på kvar gard, får vi eit folketal på 500 i kong Haddings tid. Forskarar har rekna ut at det i heile landet på denne tida kan ha budd 70 000 nordmenn.
Dei første hallingbøndene heldt småfe og storfe, dei dyrka korn på faste åkrar og hausta med sigd av jern. Mat av korn var viktigaste kosten. Dei mol på handkvern og steikte brød på steinheller eller koka graut i grua. Bøndene vann ut sitt eige jern og smidde sine eigne reiskapar. Kvinnene spann, vov og sydde dei kleda huslyden trong.
Hov, Herad og Repp: Ikkje berre kongesegner, men også stadnamn fortel om organiserte bygdesamfunn i tidleg vikingtid. Dei fleste er knytte til norrøn gudsdyrking. I Gol finn vi gardsnamnet Hoftun og Frøysok og stadnamnet Golreppen og Herad. Begge kan vera minne om lokalt styringssystem frå tida etter at landet kom under kongemakta og vennskapen mellom bøndene og lokale småkongar vart svekka.
Både Herad og Repp er er vanlege stadnamn på Island. Der var reppen heilt frå 900 talet ei geografisk eining med eit styre på fem mann. Styret hadde blant anna ansvar for fattighjelp og fungerte som forsikringsordning for bønder som mista hus eller buskap. Også hallingar var med og grunnla samfunn vest i havet. For den islandske Landnåmabok fortel at Roald Herse som budde på Rolvshus i Gol, rusta ut sonen Grim med skip og folk til ferd mot vest. At han og andre landnåmsmenn tok med seg repp-namnet frå Norge, synest sikkert nok. Men om styringsordninga vi kjenner frå Island byggjer på norske forbilde er meir usikkert.
Folkevekst i vikingtida: For landet som heilskap var vikingtida ein vekstperiode utan tidlegare sidestykke. I ein periode på 250 år frå 800 til 1050 auka folketalet med rundt 100 000 til omtrent 170 000. Folketalet i Hallingdal heldt fram med å vekse, truleg minst like sterkt som i landet under eitt.
Over heile Austlandet vart det nå slutt på å bu i store langhus som hyste fleire familiar. Familiebruk med ein familie i kvart tun vart hovudregelen. Husa var små, lafta tømmerhus som lett kunne flyttast og tilpassast skiftande familiestorleik med besteforeldre og barn. Dei store opphavsgardane vart delte og nye bruk vart rydda i utkanten av garden.
Dei oppdelte gardane fekk gjerne namn etter første bonde og vart til Arnegard, Olsgard, Halvorgard og Gunhildgard. Slik oppdeling held fram inn i mellomalderen slik at vi vanskeleg kan vite situasjonen midt på 1000- alet då vikingtida gjekk over i mellomalder.
Om vi ved utgangen av vikingtida reknar 250 familiebruk med 6 personar, får vi eit folketal på 1500 ved overgangen frå vikingtid til mellomalder i Hallingdal. Det er ein folkevekst på 0,8 prosent over 250 år. Den prosentdelen er omtrent den same som i åra før svartedauden då landet hadde eit folketal på 500 000 og Hallingdal kan ha nådd eit tal på 4350.