Donkemoen er ein del av den gamle Hestehagen til Hoftun og Frøysok, den delen som ikkje vart delt i 1692. Namnet Donkemoen synest å vera eit nyare namn, og kjem truleg av den lyden (donken) stampa laga, som Brøto hadde i søre Liaån, jfr. pl. Donkemoen/Skaramoen ogso kalla Hestebraten. I Herad seier dei helst i Donkereppe, eller berre i Reppe, om denne staden.I Donkemoen var det sist på 1800-talet og fyrst på 1900 eit heilt lite industrisamfunn. Det hadde frå gamalt vore fleire kverner etter Liaån, ovanfor Herad handel og oppover. Ogso ovanfor Sygardssaga. Alle Hoftun- og Frøysokbøndene hadde kverna si her. Ogso Eikles- og Nøreimsbøndene og Viko hadde kvern i Liaån. Fremst i Donkemoen gjekk gamlevegen litt lenger opp, og på øversida, i fremste Liaån, låg Sygardssaga. Nedafor noverande riksveg låg saga til Nigarden og Nilsegarden. Denne stod til etter siste krig, og vart sist nytta av Guttorm Frøysok/Skjersantengjo. Det var på taket av denne saga Karl Torolfson Skaret klatra i 1945, då han kom bort i høgspentleidningar og omkom.
Stampe hadde det som før nemnd vore i Liaån frå 1835. Denne høyrde til Brøto. Fyrst i 1890-åra bygde Tomas Hærum(L) stampe og fargeri i fremste Liaån, om lag på same staden som den førre låg, der Herad Handel seinare vart etablert. Nedafor Fargarn bygde Kristoffer Stuvebakken(L) omkr. 1900 snikkarverkstad. Elles vart det etter kvart mange som sette seg ned i Donkemoen. Hermund smidde(L), Flageslettmann(L) sat i Kitilstugun og lagga, Skalebrennen lagga og tømra, Brøtaguten var skomakar, peis- og gråsteinsmurar, og Torstein Jonsrud var skreddar og målar. So var det fleire krambuer som ogso skapte liv og røre omkring seg. I Hallehuse var det fleire som handla gjennom tidene, ho er nok eldste krambue i Donkemoen. Gamle-Kremaren (Ola Nilson Hoftun(L) d.y.) bygde «På Huse». Vehle-Bergen (Ola Arneson Storebråten)(L) bygde opp Slette og handla der ei kort tid. Jakob (Eikle)(B) bygde opp Østre Eikle og handla der. Ei tid var det ogso bakeri i Donkemoen, sjå Hallehuse.
På kvar side av Donkemoen var det eit driftetræ. Det nordste låg ovanfor gamlevegen, synst på søre Sygarden, og er nemnd i 1829 då Torejorde vart skilt frå Nigarden. Det andre låg på Brøto, ovanfor vegen ein stad der Ivar Brøto har bygd. Det var ålingar, holingar og nordmenn (vestlendingar), som leigde desse træudn. Og når driftkarane kom med driftene sine, møtte folk jamt opp for å sjå på dyra dei hadde med seg. Då hende det stundo at det vart turing og slagsmål.
Vegar: Frå Lagmanndokken gjekk den gamle ølmannvegen opp Veltebakken og over Velta, gjennom tunet i Haga, vidare gjennom tunet i Nigarden (slik som no), nedafor Sygardane og bort i Donkemoen, og kom opp på Sagabakken. Der tok det av ein avstikker opp på skula, Skulebakken. Frå Sagabakken, burtafor Liaåne, svinga vegen nedover mellom «På Huse» og verkstaden til Krestaffer. Vidare ned åt Storebrøta og krambue til Jakob på øversida, forbi Hermundstugu, over Brøtaåne og kom inn på noverande riksveg like ovanfor Steintreæ (Bruflat), opp Brøtabakken og like ovanfor tuna på Brøto. Ein del av denne gamle vegen gjennom Donkemoen syner enno. Vegen ned på Hølflate tok av ved stugu til Flageslettmann (Slette), beint før verkstaden til Krestaffer. Øvre delen av denne vegen syner ogso enno.
1913 vart Donkemoen utskifta.
Krambuer. Stampe. Fargeri. Sagbruk. Smie. Laggar. Snekkerverkstad
Donkemoen – eit område/ei slette ved Liaån(B). Moen – flat elveavsetning / slette. Donken – dunkelyd frå ei stampe. Reppe / Donkereppe – lokalt namn på området
⚙️ Industri og bygningar: Stampe – ei vassdriven maskin som banka ullstoff (vadmål) mjukt og tett. Fargeri – stad der ein farga stoff. Kvern – mølle for å male korn til mjøl. Sag / saga – vassdriven sag for plank. Snikkarverkstad – snekkerverkstad. Krambue – butikk. Bakeri – bakeri (som i dag).
👨🔧 Handverk: Smidde – arbeidde som smed. Lagga / lagging – laga trekar, bøtter, stampar osv. av tre. Tømra – bygde hus i tømmer. Gråsteinsmurar – bygde murar av naturstein. Skreddar – sydde klede. Målar – måla hus.
🐄 Buskap og ferdsel: Drift / drifter – flokkar med kyr, sauer eller hestar som vart driven lange vegar til sal eller beite. Driftetræ – samlingsplass for buskap (ofte med gjerde). Driftkarar – dei som dreiv buskapen. Ålingar, holingar, nordmenn (vestlendingar) – folk frå Ål, Hol og Vestlandet. Turing – bråk, oppstyr. Slagsmål – slåsting.
🛣️ Vegar: Gamle ølmannvegen – gamal ferdselsveg for folk og buskap. Tunet – gardsplassen. Avstikker – sideveg. Syner enno – kan framleis sjåast i terrenget.
⚖️ Jordbruk: Utskifting (1913) – omdeling av jord slik at kvar bonde fekk samla teigane sine, ikkje mange små spreidde jordlappar
