Nokre snikkarar tok ved 1900 til å drive arbeidet frå ein fast arbeidsplass. Det vart verkstader. Dei tok til å nytte maskinar i arbeidet, og det vart då noko større produksjon av trevarer hjå desse.
"På denne tida fekk Kristoffer Stuvebakken seg til ein snikkerverkstad ved Donkemoen i Herad".
Kristoffer Ivarson Stuvebakken(L) (1867-1944). Kristoffer var som faren innreiingssnikkar. Den eine luten av bustadhuset nytta han som snikkarverkstad og han kosta seg snikkarmaskiner, som høvel, tjukkelshøvel, bandsag og fres. Til å dra dette brukte han ein bensinmotor som var plassert på utsida av veggen. Frå kraftutaket på denne motoren gjekk det ei reim opp i ein aksling, som gjekk inn i snikkarverkstaden og låg opp under himlinga. Og frå denne akslinga gjekk det reimar ned att til dei ymse maskinane. So lenge Ivar levde, arbeidde han i lag med faren. Dei kjøpte endå ei stugu i Nilsegarden, som dei rulla opp att ved noverande garasje, og som dei hadde meint å nytta til verkstad. Men då Ivar døydde, vart planane endra, stugu vart selt og Kristoffer heldt fram som før. Snekkarverkstaden vart avvikla omkr. 1945, og maskinene vart selt til Faråsen i Gol sentrum(L).


