"Elskere av lustranaturen" sel basecampen sin på Indre Hafslo.

Gnr. 98 bnr. 13, Tørvisvegen 70.  6873 Marifjøra. 4644 Luster kommune. 259.9 moh. Tomta er på vel 1 deka.

Salsprosessen er det Hedda Njøs som tek seg av. Mobil +47 947 86 772.. Eiendomsmegler MNEF Eiendomsmegler Norge, avdeling Sogndal.  hedda.njos@emvest.no   www.eiendomsmeglernorge.no  

Klikk på hytta eller på meg

Frå Brubakken retning kyrkja, ligg Joranger øvre nærast. Dernest Joranger nedre med den 400 år gamle Joranger kyrkja. Ein ser og noko av Sviggaplassane, Gaupne og Lustrafjorden, og ein kan fylgje med på krusskiptrafikken til og frå Skjolden. Ein kan og følgje med på trafikken ved varden på Molden. Eit landemerke på desse kantar er Feigefossen. Ein tur opp til stølen Røyteholet har vore obligatorisk når me har vore på Brubakken. Derfrå er det kort veg opp til Lyngsetnipa. Like før ein når "Spegelen" ein reflektor, og ser seg tilbake, vil landskapet opne seg i nordleg retning. Frå spegelen er det berre nokre skritt til før ein får stølen Lyngsete midt i auga. Derfrå ser ein heimlege trakter. Klebergseggi har me også vore jamleg. Det har og vore vanleg å gå opp til kremtoppen Molden, gjerne frå ulike startspunkt. Ved stabile værforhold har vi ofte trekt mot fjellområda Hurrongane, eller breheimen. Tungestølen er unik. Der kan du oppleva brefalla ved Austerdalsbreen og Langedalen. Etter slike turar har det vore fristande å lauga seg i Lustrabadet i Gaupne. Ved å kika på  heimesida mi vil ein kunne få inspirasjon til turmål.