Nokre snikkarar tok ved 1900 til å drive arbeidet frå ein fast arbeidsplass. Det vart verkstader. Dei tok til å nytte maskinar i arbeidet, og det vart då noko større produksjon av trevarer hjå desse.
"På denne tida fekk Kristoffer Stuvebakken seg til ein snikkerverkstad ved Donkemoen i Herad".
Kristoffer Ivarson Stuvebakken(L) (1867-1944). Kristoffer var som faren innreiingssnikkar. Den eine luten av bustadhuset nytta han som snikkarverkstad og han kosta seg snikkarmaskiner, som høvel, tjukkelshøvel, bandsag og fres. Til å dra dette brukte han ein bensinmotor som var plassert på utsida av veggen. Frå kraftutaket på denne motoren gjekk det ei reim opp i ein aksling, som gjekk inn i snikkarverkstaden og låg opp under himlinga. Og frå denne akslinga gjekk det reimar ned att til dei ymse maskinane. So lenge Ivar levde, arbeidde han i lag med faren. Dei kjøpte endå ei stugu i Nilsegarden, som dei rulla opp att ved noverande garasje, og som dei hadde meint å nytta til verkstad. Men då Ivar døydde, vart planane endra, stugu vart selt og Kristoffer heldt fram som før. Snekkarverkstaden vart avvikla omkr. 1945, og maskinene vart selt til Faråsen i Gol sentrum(L).
SOLVANG og BERGSTAD (Sentrumsv. 95) Gnr. 25 bnr. 94 (116 og 119) 1929 gav Ola Nilson og Olav Olson Golberg skøyte på Solvang til Ola Olson Klepp for kr 500. Han bygde opp staden og selde vidare i 1936 til Ola Guttormson Viko Rust for kr 8 000. Ola selde att i 1942 til broren Per Guttormson Viko Rust for kr 14 000. Per selde att i 1946 til Arvid og Beret Faraasen for kr 15 000. Arvid Faraasen, Hamar-Halden, f 1907 d 1978 g 1943 m Beret Anette Hauge, Hønefoss, f 1907. Born: 1. Britt Arvidsdtr. f 1947 g 1972 m Jon Bråthen, Strømsoddbygda; bur i Strømsoddbygda, han seljar, 1 barn. 2. Live Karen Arvidsdtr. f 1948 g 1970 m Ivar Hansen, Strømsodd- bygda; bur i Drammen, maskineigar, 2 born. Arvid kom til Gol i 1942 og arbeidde då eit år hjå Eirik Hesla. Deretter byrja han eigen trevarefabrikk i Olsgardlåven (Fosheim) og dreiv der til omkr. 1946. Han hadde då kjøpt ei stor tyskerbrakke i Heslarysto (serveringsbrakke). I denne brakka var det mykje material, som han m.a. bygde opp eigen trevarefabrikk av på tomta her — Faraasen Trevarefabrikk. I 1971 selde dei Solvang og trevarefabrikken til Olav Bjørnebråten, og sjølv flytte dei til Drammen. I 1984 vart desseigne teke over av Gol kommune, som har rive bustadhuset og trevarefabrikken og teke tomta til bussholde-
plass.


