"Nokre snikkarar tok ved 1900 til å drive arbeidet frå ein fast arbeidsplass. Det vart verkstader. Dei tok til å nytte maskinar i arbeidet, og det vart då noko større produksjon av trevarer hjå desse."
Då den elektriske krafta kom i bruk, vart det etter kvart fleire verksemder. Mindre trevarefabrikkar kom etter kvart, og fleire av dei har vakse og utvida gjennom åra. Halvor Larson Stakebråten (1869-1926)(L), Kristoffer Stuvebakken (1867-1944)(L), Engebret Haugo (1881-1975)(L), Olav Berget (1902-1987)(L), Eirik Embrikson Hesla (1906-1971)(L), Arvid Faraasen (1907-1978)(L), Engebrikt Haavelmoen(1916-1974) og Aslak Øynebråten(1924-2011)(L), Guttorm Olson Brenn (1911-1985)(L), Arne Bratland (1915-2006) og Ivar Ulsaker (1917-2007)(L), Engebret Olsson Brennhovd (1914-1940)(L), Einar Kinnebergbråten (1924-2015)(L), Endre A Jondalen (1928-2021)(L), Fleire av dei som har reist desse verksemdene har gått på den arbeidsskulen som var i Gol til i 1940. Her kan ogso nemnast at fleire ungdomar i Gol som gjekk på denne skulen, vart flinke tømmermenn, og har hatt mykje arbeid med den store hyttebygginga som har vore driven i Gol.
Kristoffer Stuvebakken (1867-1944)(L). Omlag 1900 bygde Kristoffer Ivarson Stuvebakken seg ein snikkerverkstad ved Donkemoen i Herad. Kristoffer var som faren innreiingssnikkar. Loftet i bustadhuset nytta han som snikkarverkstad og han skaffa seg snikkarmaskiner, som høvel, tjukkelshøvel, bandsag og fres. Til å dra dette brukte han ein bensinmotor som var plassert på utsida av veggen. Frå kraftutaket på denne motoren gjekk det ei reim opp i ein aksling, som gjekk inn i snikkarverkstaden og låg opp under himlinga. Og frå denne akslinga gjekk det reimar ned att til dei ymse maskinane. So lenge Ivar levde, arbeidde han i lag med faren. Dei kjøpte endå ei stugu i Nilsegarden (Frøysok), som dei rulla opp att ved noverande garasje, og som dei hadde meint å nytta til verkstad. Men då Ivar døydde, vart planane endra, stugu vart selt og Kristoffer heldt fram som før. Kva Kristoffer laga på verkstaden sin har eg ikkje funne ut av. Snekkarverkstaden vart avvikla omkr. 1945, og maskinene vart selde til Faråsen i Gol sentrum(L).
Halvor Larson Stakebråten (1869-1926)(L) Ein av dei fyrste som fekk seg verkstad var Halvor. Han og fam. nytta Solheim som familienamn. Han var tømmerm., snikkar. Han byrja fyrst med snikkarverkstaden på leigd grunn på Svello (seinare Fredly, 38-65)(B), og budde då heime i Stakebråten(B). I 1899 hadde han kjøpt seg ei mekanisk snikkarmaskin (stemmaskin). Omkr. 1906 flytte han snikkarverkstaden fram åt Robrun, og den vart sett opp att litt ovanfor kverna som var der då. Han fekk då nytte vasskrafta frå turbinen i kverna. Ei tid etter flytte han verkstaden til hi sida, burt på Brubakken på grunn til Gløtten(B). Då nytta han bensinmotor. Han dreiv verkstad der til han døydde i 1920-åra. Solheim 45-8 (B). Østen T. Roe og S. Viljugrein selde denne tomta til Halvor Stakebråten, og Nils Knutson Bakken gav skøyte i 1911 for kr 70. Det var då bygd på tomta.
Engebret Haugo (1881-1975)(L). Engebret bygde og tok til med hjulmakarverkstad(B) ved Robrune i 1903. Før den tid hadde han drive arbeidet heime i Haugo eit par år. Han fekk opplæringa si på Nes, hjå smeden og hjulmakaren Engebret Sjøng. Dessutan var far hans god smed so han lærde ogso mykje av han. Engebret arbeidde for det meste åleine. Attåt mykje reparasjonsarbeid og mykje anna småarbeid so som borkvessing og kvessing av grev og hestesko o. a. arbeidde han mange arbeidsvogner i året. Han laga og mange arbeidskjerre, og når det lei på også mange tømmerdoningar. Meir her(B)
Olav Berget (1902-1987)(L). Olav bygde lokaler til trevarefabrikk 47-55 som han starta opp med i 1925. Arbeidde fyrst åleine, men seinare leigde han med seg fleire mann. På det meste hadde han åtte personar tilsett. Olav konstruerte sjølv både bandsag og høvelmaskin. Bandsaga var laga slik at ho kunne både trøast og dragast. Men høvelmaskina måtte det to mann til å dra. Denne kalla Knut Glomsrudbråten for «hældreparn». Den fyrste tida hadde Olav bensinmotor til å dra maskinane på fabrikken sin. I 1933 hadde han kjøpt eit elektrisitetsverk ved Gullhagen i Ål, som han demonterte og bygde opp att ned på Kroken(B) i Hemsil. Dette vart teke i bruk 15. mai 1934 og gjekk i vel tjuefem år. Regulering av Hemsil gav no for lite vatn til turbina. Verket gav kraft til fabrikken og nokre private bustader. Heile læra hans på det elektriske området var ei lærebok. Olav var med og konstruerte fleire av maskinane sine sjølv. Han bygde på fabrikken i 1944 og 1963. Hallingdølen kom på besøk i 1954(B). I 1965 kosta han opp nytt bustadhus. Då vart bygnaden tømra om til hytte og flytt til Einarset. 1977(L)(B) overdrog Olav "Lund" og trevarefabrikken(B) til sonen Engebret. I 1987 vart Lund og fabrikken overdrege vidare til sonen Olav Ivar som driv han no. Han har bygd på fabrikken noko. Hallingdølen var på besøk desember 1999(B)(B)(B). Berget trevarefabrikk er fortsatt i drift.
Eirik Embrikson Hesla (1906-1971)(L) Trevarefabrikken låg tvers ovenfor Pers Hotell(B). Eigedomen Heslabraaten og Hesla Nedre skog. Sentrumsv. 71 14-76 og 109. kjøpte Erik av Amund Østenson Dybendal (Jupedalen) i 1921 for kr 200. Erik eigde då Søre Hesla. I 1937, då Eirik selde Hesla, heldt han att denne eigedomen. Eirik var g m Ingeborg Olsdtr. Håvelmoen 1907-1981. Born:1. Grete Synnøve Eiriksdtr. 1937-2016. Eirik bygde omkr. 1935(B) opp Gol trevarefabrikk. God omsetning i mars 1940(B) og april(B), men stillstand i juni(B) grunna krigen. Frå mars 1946 vart Erik skranten og leigde då bort trevarefabrikken(B). Engebret Olson Haavelmoen vart styrar frå 1946 til mai 1949(B) I desember 1948 var det tilbod på salongbord i bjørk(B). Gol trevarefabrikk brann (25.5.) i 1949(B). Erik Hesla selde då Gol Trevarefabrikk til Håvelmoen (1916-1974) og Øynebråten (1924-2011). Sjølv bygde han i 1951 eit større forretningsbygg på tomta der Ingeborg dreiv Central Kafé(B). Erik og Ingeborg hadde eige privathus ved sida av kaféen. Staden vart i 1962 overdrege til dottera og versonen.
Arvid Faraasen (1907-1978)(L). Arvid kom til Gol i 1942. Han arbeidde først eit år hjå Eirik Hesla. Deretter byrja han eigen trevarefabrikk i Olsgardlåven(B) ved Heslabrua og dreiv der(B) til omkr. 1946. Han kjøpte ei stor tyskerbrakke i Heslarysane. I denne brakka var det mykje materialer som han m.a. bygde opp eigen trevarefabrikk på tomta Solvang og Bergstad Sentrumsv. 95 (25-94-116 og 119)(B). Arvid kjøpte maskinene til Kristoffer Ivarson Stuvebakken(L) då han avvikla i Donkemoen 1945. Januar 1950 tok det fyr i turkehuset til A. Faraasen Møbelfabrikk i Gol(B). Faraasen bygde møbelutsalslokale 1956(B)(B). Butikklokala vart leigde ut frå 1965. I 1971 selde Faraasen Solvang og trevarefabrikken til Olav Bjørnebråten og flytta til Drammen. I 1984 vart eigedomen teke over av Gol kommune, som reiv bustadhuset og trevarefabrikken og brukte tomta til busshaldeplass(B).
Guttorm Olson Brenn (1911-1985)(L) trevarefabrikk. Gol skifabrikk 25-97 Utskilt 1932(B)(B). Det var Endre Vermåker, Ola og Gunnar Gulliksen som bygde denne staden og dreiv skifabrikk(B) her. Dei hadde før arbeidd på Rustberggaard Skifabrik. I 1949 overdrog dei fabrikken til Guttorm og Nils Brenn, seinare Guttorm åleine. Dei dreiv trevarefabrikk her. Etter han dreiv Ola Rust, Arne Bratland og Tormod Rudningen trevarefabrikken. I 1983 vart staden overdrege til Knut Kristian Eng, som driv med skiltproduksjon her.
Engebrikt Haavelmoen(1916-1974) og Aslak Øynebråten(1924-2011)(L) bygde i 1950/51 den "Nye" Gol Trevarefabrikken på "Dalabakken" med adresse Gamlevegen 2B. Bygningen var då slik som bildet her(B) viser. I byggeåret søkjer dei etter trappesnikkar(B). 1952 har dei ny annonse i avisa(B). Fabrikken vart utvida med monteringshall i 1953(B). Fabrikken kjem framleis berre til å produsere glas og dørar. For tida har fabrikken 8-10 mann i arbeid. Etter det Haavelmoen opplyser til «Hallingdølen» er det for tida stor etterspurnad etter glas og dørar, og fabrikken får levert alt han greier å produsere 27.02.1953. I 1954 sette eigarane opp ein bygning attmed fabrikken som skulle leigast bort til Buskerud kvinnelege husflidsskule(B). Då såg bygningen slik ut(B). Haavelmoen fekk 12 rette i 1954(B). Husflidsskulen hadde sitt første elevkull skuleåret 1956/57(B). Skuleåret 1962/63 fekk skulen tre klassar. Dette krevde meir plass og eigarane bygde på ei høgd(B). Huset stod klar til skulestart hausten 1962. Ved årskifte 1961/62 kjøpte Mikkelsen og Sønner Gol Trevarefabrikk(B)(B). Men den delen av bygningen som Husflidsskulen leigde var ikkje med i handelen. 28. mars 1968 brenn lampefsbrikken til Mikkelsen, men brannmanskapa klarer å redde Husflidsskulen(B). Les om livsløpet til Gol trevarefabrikk her(B)
Engebret Olsson Brennhovd (1914-1940)(L) frå Turhus hadde ei tid eigen snikkarverkstad på Nørdre Brennhovd 48-18(B)(B). Snikkarverkstaden til Engebret Brennhovd stod om lag der bustadhuset står no. Engebret vaks opp her og skreiv seg for Brennhovd. Arne Bratland og Ivar Ulsaker tok over maskinene etter Engebret Brennhovd og bygde snekkerverkstad på Robru.
Arne Bratland (1915-2006) og Ivar Ulsaker (1917-2007)(L) Bersta 48-75 på Robru ved Bråstadtræe, utskilt 1942. Arne Bratland og Ivar Ulsaker bygde trevarefabrikk her i 1940, og starta opp i 1941 med maskinane dei hadde teke over etter Engebret Brennhovd. Begge var glas-, dør- og glassnikkarar medan Arne også var trappesnikkar. Seinare vart fabrikken bygd på, og dei dreiv til han brann ned 3. mai 1977(L). Då vart ikkje fabrikken bygd opp att, og tomta vart selt attende til Frydlund. Sidan har Ivar drive i mindre målestokk i kjellaretasjen som trappesnikkar i Heimbu 38-63(B) utskilt 1946 frå Tryhus og overdrege 1947. Arne Bratland Arnheim 41-38(B) utskilt 1951 og skøytt 1954. EttEinar Kinnebergbråten (1924-2015)(L) «Kinnebergbraaten Vogn og Trevare» Einar Kinnebergbråten 1924-2015. Starta i det små: Frå dreia skåler, via høyvogner til hest, dører og glas. Einar Kinnebergbraaten har laga det meste. Han fekk tomt utskilt frå Haugstadbråten(B)(B). Her vart det bygd opp snikkarverkstad og vognfabrikk(B)(B). Etter eit år på snikkarlina ved Lien landbruksskule 1941 starta Einar for seg sjølv og laga hestevogner og kleshengjarar. Han starta opp i eit loft heime på garden. Det var knapt med motorar å få tak så han kjøpte seg ein trødreiebenk. Så vart det produksjon av alt mogleg dreiearbeid(B). Varene selde han til hovudstaden. Ikkje minst fekk han mange kontaktar hjå alle husflidsforretningane i sentrum. Eg laga skåler, smykkeskrin og tusenvis av garnvinder til Husfliden. Dei bestilte 100 i slengen. Desse vart produsert i to storleikar under krigen, og Einar hadde med seg to gutar til å hjelpe seg. Han tok til med hestereiskap, alt frå slede til doning, høyvogn, kjerre og trillebår. Bedrifta voks. Han leverte eit par hundre høyvogner i si tid. - Men på 50-talet vart det slutt på hestereiskap, fortel han. Kinnebergbraaten hadde bygd fabrikk og laga dører, glas og innreiing. I kjellaren var det smiu. Dei laga alt som skulle til i eit hus. Svingtrapp, kjøkken og ytterdører. I 1967 brann fabrikken ned. Intervju med Hallingdølen(L)
Endre A Jondalen (1928-2021)(L) snekkerverkstad Valdresv. 8. Nils Ivarson Haugstad skøytte i 1958 (29-9) til Endre Aslakson Jondalen Endre dreiv Jondalen trevarefabrikk. Han eig ogso ein del av Jondalen med noko skog til. Gol bygningsråd godkjende i april 1978 at Endre Jondalen, kunne oppføre lager/snikkarverkstad på 120 kvm som tilbygg til eksisterande. Valdresvegen 8 (29-9) vart den 29.12.2021 overført til arvingene.
Per Herbrand Mikkelson Rustberggaard (1915-1985)(L) (14-106, 131 og 196). I 1937 gav Amund og Sigri Dybendal skøyte på Flatmo til Per M. Rustberggaard for kr 1 100. Det var en gang for lenge siden, ja faktisk godt over 100 år siden. Les historikken her(L). Per Herbrand tok over fabrikken til sin far(L) og fortsatte produksjonen i flere år(B). Men da det etter andre verdenskrig var stor mangel på råvarer for skiproduksjon måtte avslutte produksjonen. I 1950 vart fabrikken bygd om til kafeteria og ungdomsherberge. Fyrst i 1960-åra vart Pers Hotell bygd, som seinare er utvida fleire gonger. Per Herbrand åtte ogso Huso i Hem. I Jupedalen bygde han og Oline seg nytt privathus.
I slike snekkerverkstader laga dei ofttast: Dører, vindauge og trapper. Møblar som spisebord, salongbord, stolar, krakker og skåp.