ØYGARDANE OG GRØNLIANE

     

GOLVALDET 

Øygardane og Grønliane er den nørdste luten av Golvaldet. Innover åsane her ligg dei fleste stølane til dette valdet, og i liene på kor side av Hemsil ligg dei største skogstrekningane til Gol sameige. 

På Øygardane har det opphavleg vore to Rudgardar, som nok er rudd utifrå opphavsgarden i Golreppen. I Grønlio har det opphavleg vore stølar/heimstølar til enkelte gardar i Golreppen og på Øygardane. Dei to Rudgardane på Øygardo støla nok på Stuveset, Klepp og Jondalen. Den heimre Rudgarden kan ogso ha støla på Hodnungset. Fram gjennon tida vart gamlegardane delt opp, og stundo finn ein døme på at dei opphavlege stølane vart delt opp, eller rudd nye ved gamlevollen i takt med garddelinga, som t.d. på Stuveset. Omkring Stuveset har dei fleste gardane på Øygardo hatt eller har ein heimstøl. Men derimot i Klepp og Jondalen finn ein ikkje slik deling eller nyrudning. Det kan vel forklarast med at då gardane på Øygardo etter øydetida vart busett att (på 1500- og 1600-talet), drog dei seg lenger inn i fjellet og rudde nye stølar der. Då vart nok desse gamle vollane (Klepp og Jondalen) nytta som slåtter, og med tida selt frå og bygd opp som sjølveigarbruk. 

Gamle kløv- og ferdselsvegar
Den gamle hovudvegen til Hemsedal som i 1820-åra vart handarbeidd til kjerreveg frå Heslabrua til tunet på Bleikfet kan du lesa om her(L) (erstatta av Søre Øygardsvegen).  Frå Bleikfet til Robru her(L) (erstatta av Søre Øygardsvegen og Nordre Øygardsvegen). Frå Robru til Hemsedal gjekk vegen etter same leia som den gamle kongevegen d.v.s, ride- og kløv-vegen frå før 1820(L) (erstatta av Øvre Hemsedalsvegen). Frå Robru før 1880 gjekk det ein vintraveg som dei kalla isvegen. Den gjekk på islagde Hemsil innover til Klæven,(Granheim) men der måtte dei inn på land til dei var kome forbi Klævaføssen. Det er ifrå denne tida Isvegen var i bruk at det var kvilarplass på Volebrøto. Då Lina vart bygd i 1870-åra vart det slutt med å reise denne vegen.

Fyrst då det kom ny veglov i 1851, vart det sett meir inn på å byggja ut samferdslevegane i landet. Med den lova fekk stortinget full løyvingsmakt over vegstellet. I mest 100 år måtte Hallingdal greie seg med  vegen frå 1820-åra. Men so ringt som han var bygd og so overhendeleg tung og bratt han var mange stader, opna han då likevel for bygdene i dalen, slik at dei kom meir i samkveme både med flatbygdene og med byane, og med folket utanor dalen. Vegen letta og mykja hopehavet mellom bygdene i dalen då det vart råd å fara med køyredoning. Men mykje slit ligg att i dei bratte bakkane gjennom dei hundre åra vegen var som han var. I 1824 kom ny veglov. Den la vegadministrasjonen under amtmannen, og han kunne ta ein veginspektør til hjelp. Men anlegg av nye hovudvegar vart lagde under staten, og av dette utvikla seg etter kvart «Statens Veivesen». Frå 1859 fekk amtmannen ein utdana ingeniør til å ta seg av det.

Ny gjennomgangsveg frå Heslabrua til Robru via Hemsil-juvet(B) vart ferdig i 1875. Vegen vidare til Hemsedal vart ombygd(B) i 1878 samtidig som det vart bygd ny bru ved Robru. Vegen fylgde no elva Hemsil via Granheim og vidare oppover til Hemsedal. Tidlegare hadde vegen gått via Klepp, Sørbøl, Eikre o.s.v. Heslabrua vart ombygd for statsmidlar i 1879. Brua vart då spennverkbru, 47 m lang og 4 m breid. 

I 1880 var heile ombyggingen ferdig til Tuv. 8 år tok det å byggje denne vegen, som nok vart ein bra gjennomgangsveg aust-vest, men som slett ikkje vart til det gagn for indre Gol og ytre Hemsedal. Den nye veglina førde til at vegen var teken frå gardane slik at desse var godt som veglause. Hadde ein heller valgt den gamle lina, der folk budde, ville ei verkeleg ombyggjing av Kleppsbakkane, av Sørbelbakken(B), Mattisli(B) og bakkane i Hemsedal vorte farandes. Difor måtte det no gjerast noko med den gamle vegleia gjennom grendene slik at ein kom fram med bil. Men det skulle ta si tid før dette vart gjort. I Golreppen vart det problem å koma seg til den nye veglina. Difor vart det i 1874(L) bygd veg mellom Storla og Spildra. (Gol Kyrkje var på denne tida ikke bygd) Seinhaustes 1958 vart siste etappe av ny veg mellom Rotneim til Spildra ferdigbygd. Det sto att ein bete frå Gol Kyrkje til der ein møter den tidlegare omtalte vegen mellom Storla og Spildra(B)(B). Den nye vegen i Golreppen la grunnlaget for at Søre Øygardsvegen no kunne leggjast utanom tunet i Hersgard og Storla. Det vart difor bygd ny veg mellom Gol Kyrkje og Brekke. Det skjedde omlag 1960. Bildet frå august 1963 viser at vegen har vore i bruk ei tid(B).

Kor kom ein seg over Hemsil i gamal tid ved Robru- traktene? Den første brua over Hemsil i dette området som ein ser far etter, var innanfor Store Eidsberget. Litt ovanfor der Grønlibrua er no. Det var ei primitiv bru. Der er det eit godt brustø(B) for dei slags bruer som fyrst vart slegne over elvane. Dei hogg ned so lange trær ved elvekanten at dei rakk heilt over, og på to-tre slike trær la dei så kavlar, og dermed var brua der. Mellom to store steinar ved kvar elvekant, kunne dei lett få til ei bru. Den tid brua var der, gjekk vegen over øvre Rogardane, Gjerdingo og Steget og so ned på brua ovanfor Eidsberget. Seinare bygde dei bruene på den måten at dei leste svære bjelkar ned med stein inne ved landet, og so skaut dei bjelkeendane lenger og lenger ut over vatnet på båe sider til dei møttest. Då vart brua forankra i svære steinkar ved stranda. Den slags bruer kunne dei spenne over ei breiare elv, men svært høgt over vassflata kunne dei ikkje koma. Slik var den fyrste brua som vart lagd over elva ved Løstegards- landet, og som seinare vart kalla Robrua. Det var nok den brua som låg der som er nemnd i A. Bøyesen og Ivar Wiel sine nedteikningar om presten Hans Cort, som døydde i 1648. Ei gong han kom frå Hemsedal og ville ri over brua, hindra skyssguten han i det, fordi han meinte brua var i for skrøpeleg stand. Og då dei jaga hesten utpå brast brua. Den tida gjekk vegen mellom Hemsedal og Robru omlag, men med nokre unntak, der Øvre Hemsedalsvegen går i dag. Her bilder frå gamlevegen(B)(B).

Robrua: Den første Robrua(L) vart bygd i 1821-22 av trematerialar, og kosta vel 350 spdlr. Den vart plassert like ovanfor dammen der Rosaga ligg. Me kan enno sjå noko av gamlevegen ned til brua på båe sider, og båe brustøa, og ser at brua har lege lågt over elva. Ho vart nok teken av flaumane mange gonger, siste gongen av storflaumen i 1860, men vart bygd opp att i 1861. Då ny gjennomgangsveg til Hemsedal, Sogn vart bygd ferdig i 1875. og vegen til Hemsedal ved Robru vart ombygd i 1878, auka trafikken. Då bygde vegvesenet ny bru ovanfor hølen, og vart ei tre- spennbru med mura brukar(B)(B)(B), Og slik kom ho høgt over elva. Den tredje Robrua vart bygd 1954. Det var ei elegante stålbru som vart lagd endå litt lenger opp(B)(B). Hallingdølen skriv i juli 1954 "Arbeidet med den nye Robrua er godt i gang. Jernkonstruksjonane er på plass og støyping av betongdekket vil bli påbegynt første dagane i juli. Med tilførselvegar er brua kalkulert til omlag 400.000 kroner. Brua blir bygt for eit akseltrykk på opptil 10 tonn". 5.nov same år skriv avisa "Den nye Robrua i Gol er snart ferdig og vil bli opna for trafikk ein gong i november. Det står berre att støyping av rekkverk på nordsida av brua, og litt vegarbeid på den andre sida, men sjølve brua er ferdig". 

Ved Robrua kan me sjå ei utvikling i veg- og brubygging i tre faser som går gjenom ca. 400 år. Og går me innanfor Eidsberget kan me få med det aller eldste steget i den kunst å byggja bru over elv. Robrua, den brua som førde over hølen ved Løstegardslandet, er nemnt i skriftlege kjelder frå litt før 1600, men ho er sikkert bygd lenge før den tid. 

Grønlibrua: (B)(B)(B) Den første Grønlibrua vart bygd i 1931. Ettersom den gamle vegen ned til Robru var som han var, tok bøndene opp tanken om ei bru heller, for å koma rett inn på vegen Gol - Hemsedal. I 1929 søkte dei interesserte om eit tilskot på 10 700 kroner til ny bru. Folket i Grønlio tok på seg å bygge vegfyllinga inntil brukaret. Dette arbeidet var åleine rekna til 20 700 kroner. Kommunestyret løyvde pengar og fylket tok sin 1/5 av kostnaden, og bruarbeidet kom i gang. Dette arbeidet gjekk stort sett for seg om vinteren, og stein vart kila til og køyrt fram med hest. I snø og kulde kom stein på stein på plass, nitid samanhogge av fyrsteklasses fagfolk. Det gjekk med mange tusen lass stein til den svære fyllinga på Grønli side. Heile vinteren køyrde bøndene stein i frå røysar som låg vel ein kilometer oppe i grenda, i alt vesentleg stein som var tatt opp med handmakt, for å vinne ny jord til gardane. Tilsamen ligg det såeis ein eineståande innsats frå folket i Grønlio for veg og bru. Fleire i Grønlio hugsar godt til denne brubygginga. Men gamle brua vart for smal slik tida utvikla seg med biltrafikk og det som fylgde med vart det bygd ny bru 1966(B). "Den nye Granli-brua i Gol, eller Grønlui som det og heiter, er no fullt færdig skrig Hallingdølen o oktober 1966. Det er ei solid bru over Heimsila, brei og fin med god plass til to møtande bilar. Den gamle brua, som står litt lenger ned, var altfor smal etter krava i dag, for bussar og andre store bilar kom ikkje over. Den nye brua, som er bygt for Gol kommune av Buskerud Vegvesen, er kostnadsrekna til 170 000 kroner. Ved reguleringsskjønet vart Oslo Lysverker tilplíkta å betala 25 000 kroner i den nye brua, resten fell på kommunen. Det er søkt om fylkestilskot. Den gamle brua vart sett opp i 1931. Det var ei bru som vart overflytt frå ein annan stad i dalen. Jernkonstruksjonen på gamlebrua vart no til gangbru ved Robrua(B)

Samtidig med at brua 1931 vart bygd vart det påbyrja bilveg inn til grenda, og denne vegen vart ført vidare etter krigen. Det er no 8-9 km kommunal veg inn til Granli-grenda med 21-22 gardsbruk. Men bru og veg kjem også ei rekkje skog- og stølseigarar utanom grenda til gode. Ein kan også frå Granli køyra innetter åsen og koma ned ved Lien Landbruksskole i Torpo. Om sommaren er det god trafikk på denne gjennomgangsvegen.
Frå Granli bru er det på vestsida av Heimsila arbeidd ein tiltaksveg (skogsbilveg) fram til Eikredammen i Hemsedal. 

Brukara frå Grønlibrua frå 1931(B) vart det noko meiningsstrid om. Det eine brukaret står att ved Hemsil, ved oppgangen til Grønlio. I  kommunestyremøte i Gol sept 1981 vart det, mot ei røyst, vedtatt at steinen i dette brukaret skal nyttast til steingjerdet ved kyrkja i Gol. Seinare har det kome ein rekke reaksjonar på dette vedtaket, med lesarinlegg og telefonar til Hallingdølen. Det blir peikt på at dette var eit alt for hasta vedtak. Saka bør takast oppatt slik at bygda kan få ha dette minnesmerket som eit døme på eit særs fint handverk, likesom eit vitnemål om tida då slikt vart gjort så og seie med berre handemakt, og i eit utruleg slit, ofte i snø og kulde. Det kan vera av interesse å minne om eit og anna i samband med denne saka. Så langt fram som til i 1914 hadde ikkje kommunen løyvd pengar til vegbygging. Likevel hadde det sidan før hundreårskifte vorte bygt mange og lange vegar i bygdene, arbeid som bøndene sleit fram sjølve. Men i 1914 vart det løyvd 60 kroner til å vøle på Buksebrune. (Golsboka). Det er likevel eigentleg ikkje før i dei seinare 25-30 år at det verkeleg kom fart i det kommunale engasjement i vegbygginga utover bygdene. I 1870-80 tok bøndene i Grønlia fatt på å få veg. Dei måtte ta til fra Robrua (på sørsida) og arbeidde seg oppover bit for bit, og kom fram til Lisalien i 1881. Men vegen var bakkut mange stader, og han gjekk innunder Eidsberga, over Steget. Der var det ikkje ufarleg. Det gjekk ras, både sommar og vinter. Bøndene la på seg pliktarbeid for å halde vegen vedlike, 8 dagar om våren og det same om hausten. Denne vegen måtte bygda greie seg med i omlag 50 år, då det vart bygt bru over Hemsil. Det eine karet står att enno, og det er det brukaret som skal rivast. Ettersom den gamle vegen var som han var, tok bøndene opp tanken om ei bru heller, for å koma rett inn på vegen Gol - Hemsedal. I 1929 søkte dei interesserte om eit tilskot på 10 700 kroner til ny bru. Folket i Grønlio tok på seg å bygge vegfyllinga inntil brukaret. Dette arbeidet var åleine rekna til 20 700 kroner. Kommunestyret løyvde pengar og fylket tok sin 1/5 av kostnaden, og bruarbeidet kom i gang. Dette arbeidet gjekk stort sett for seg om vinteren, og stein vart kila til og køyrt fram med hest. I snø og kulde kom stein på stein på plass, nitid samanhogge av fyrsteklasses fagfolk. Det gjekk med mange tusen lass stein til den svære fyllinga på Grønli side. Heile vinteren køyrde bøndene stein i frå røysar som låg vel ein kilometer oppe i grenda, i alt vesentleg stein som var tatt opp med handmakt, for å vinne ny jord til gardane. Tilsamen ligg det såeis ein eineståande innsats frå folket i Grønlio for veg og bru. Fleire i Grønlio hugsar godt til denne brubygginga. Men gamle brua vart for smal slik tida utvikla seg med biltrafikk og det som fylgde med. Det vart bygt ny bru like ovanfor. Jernkonstruksjonen på gamle brua vart fjerma, men brukara stod att. Litt for raskt var det eine brukaret, inntil riksvegen, øydelagt ved at ein privatmann fekk løyve til å ta stein der. Men det andre, på Grønli sida, og som viser i frå riksvegsida, står urørt att, reint som eit monument(B) å sjå på. Det er ønske å ha steingard rundt kyrkjegarden. Det er fint. Men me torer gjera merksam på at det treng no slett ikkje vera hoggen stein. I alle tilfelle vil ikkje stein frå dette brukar et bli nok. Kommunestyret i Gol ser neppe dette som nokon prestisjesak. Det er slikt som skjer i farten. Etter som det er komne så mange klare signal om at dette brukar et bør bevarast for etterslektene, finn sikkert Gol kommune andre utvegar il å skaffe den stein dei treng til kyrkjegarden. Det er ikkje sikkert det vil bli dyrare. Og om so var, det skulle koste nokre kroner ekstra kan ikkje det vera avgjerande for ei sak som denne, og ei kommune som Gol. Det er i grunnen få minnesmerke frå eldre tider i Gol. Om ikkje dette brukaret er så gammalt er det likevel eit minne om ei tid som var så heilt ansleis. Og sjølve brukaret er nesten monumentalt i landskapet.

I åra omkring 1900 til ut i 1920-åra vart det handarbeidd veg på Bergasida. Dei fekk kr 700 av heradsstyret til vegen, og av desse skulle dei siste kr 200 utbetalast då vegen var sett i full stand.

Hemsil og sideelvar har vorte nytta til vasskraft

Frå 17- 1800- talet vart vassdraga (elvar og fossar) utnytta i bygde- Noreg- før elektrisiteten kom. Då var vasskraft den viktigaste energikjelda for mange verksemder. Særleg møller og sagbruk var avhengige av rennande vatn. Sirkelsagene, som kom i bruk frå 1870-åra, skar mykje finare bord og plankar enn dei gamle oppgangssagene. Blada var òg tunnare, slik at mykje mindre av stokken gjekk bort til flis. Dei gamle oppgangssagene som berre skar til heimebruk vart nedlagde rundt år 1900. Nokon av dei vart ombygde til sirkelsagbruk, og nokon fekk seg høvlemaskinar ved sida av. 

Vola i Grønlio, Mattislibekken og Logga ved Granheim, Gjuva ved Gladhus og Henrikbekken på Bergasida har vorte nytta som drivkraft for møllebruk, sagbruk og noko til el- kraft på 17-1800 og først på 1900 talet.

VOLA: Ein stad nedst i Vola hadde dei på Øvre Ro bygd opp ei sag. Ho er nemnd i 1755, og høyrde til Oleiv Øvre Ro. I 1764 heiter det at ein lut i denne saga høyrde til nørdre Løstegard. I 1768 vart det skore om lag 60 tylfter med «vandkandtede bord 11/4 tomme tykke og 10 a 12 fod lange, til husbehov af tømmer kommen af egen skov», underskrive Steingrim Olsson Løstegard. Det heiter no at det var ein dam til saga laga av tømmer. I 1775 var det skore 300 bord. I 1779 150 bord. I 1785 300 bord. I 1788 48 bord, I 1791 var det skore 160 bord. Like før 1795 selde Ola Steingrimson Løstegard saga i Vola til Knut Tomasson Slåttestølen. I 1809 selde Tomas Knutson Slåttestølen saga til Ola Ivarson Kjednbal for 99 rdlr. Seinare vart saga selt til søre Brennhovd. Ho vart flytt opp til den nye Grønlivegen, og var i bruk der ei tid til ho vart rive. 

VOLA: I 1808 vart det halde takst over Slåttestølen(L). Tomas Knutson Slåttestølen (1785-1839) Det var jord for 250 rdlr., hus og ei flaumsag for 50, til saman 300 rdlr. I 1809 skøytte Tomas saga i Vola til Ola Ivarson Kjednbal(L) (1769-1835) for 99 rdlr. 

VOLA: Endre Tolleivson Snikkerhaugen 1892-1967. I Vola bygde Endre Tolleivson sag. Då var farbroren Nils Sagabråten med han.

VOLA: Hans Olsson Hulebaklien(L) 1897-1968, ug. Opp med vegen var det sag som er rive. I Vola var det ei eldre sag og kvern. Kverna vart rulla ned for nokre år sidan. 1894 skøyte Hans bruket med dei tilkjøpte eigedomane til sonen Ola for kr 900 og livaure. Hans tok unna rett til å bruke kverna og saga i Vola. 

VOLA: 1892 er det reg. at Tolleiv Hansson Sagabråten 1857-1938 hadde ei sag i Vola som stod på grunn til Snikkerhaugen. 

MATTISBEKKEN: Knut Knutson Sørbol 1869-1949, ug. Knut kalla dei Store-Søbbeln eller Store-Knut. Han var smed, og var særleg kjend for klavane sine. Han var tidleg ute til å kjøpa seg bil og motorsykkel. Store-Søbbøln hadde fyrst oppgangssag i Mattislibekken, like på ovasida av kløppe. Han kjøpte eit kvernhus i Eike som han sette opp att til sagstugu der. Seinare kosta han opp ei sag like sunnafor garden. Saginnreinaden selde Arne Sørbol til Thorleif Kinnebergbråten. 

LOGGA: Det fyrste sagbruket som var handelssagbruk var bruket som Ola Aslakson Kjednbal (Kinneberg) (1847-1923)(L) hadde bygt ved Logga(B). Han utvida ogso sagbruket med ei dampsag då han fekk leveransen av trematerial til overbygningane på Bergensbanen over hogfjellet. Ola vart kalla Kjednbaln. Han kjøpte etter kvart opp mykje skog og andre eigedomar. Han var ein voldsom drivar, som ikkje spara korkje seg sjølv eller andre. Han kjøpte uthogstar, og han kjøpte større skogstrekningar som han selde att når han hadde teke ut det drivverdige tømmeret. Han bygde gjerne ei sag der han hadde planlagt ei større drift, skar tømmeret til plank og bord og selde trelast. Og når drifta var over reiv han saga og flytte ho til ein ny stad. Innafor (mot Hemsedal) hadde han kjøpt saman store skogstrekningar, og ved Løgga bygde han sag og kvilarstugu. Saga er til enno(B). Han sysselsette mykje folk. Han var utan tvil ein dyktig forretningsmann, som sjølv i nedgangstider fekk forretninga si til å gå den rette vegen. Når han skulle setja bort hogst eller køyring i skogane sine, og den han spurde drog på det eller prøvde å akkordere om prisen, vart han irritert og sa: «Dæ æ hundre hænda om dæ, dæ æ hundre hænda om dæ» (tok det opp att både to og tre gonger). Men hadde han truverdige og flinke arbeidsfolk, var han ikkje nøye på om han betalte dei litt ekstra, eller hjelpte dei med pengelån osv. Når han f.eks. reiste åt skogen etter ved, spende han for to hestar og kom heim att med to lass. Og slik rakk han på mykje meir enn andre. Det var Ola som forlangte utskiftingen her i Reppen. Han var med ein del i styre og stell i bygda og han kunne vera ein fuling. Ei gong han og Nils Hoftun var på ei skogsbefaring hadde dei nørt opp for å få kokt seg kaffi. Og medan kaffen kokte sat Nils og prata, men merka ikkje at det tok fyr i den ene støvelen hans. Då sa Ola: «No kan du ta kaffen, for no era støveladn kokt.» – «Å, din fordømmele raurøy, sit du der o ser på at e bren- ne upp støveladn mine, o ikkje si noko.» (Fortalt av Ivar T. Eldstad.)

HEMSIL ved Robru. Østen Tolleivson Øvre-Ro 1826-1882(L) hadde kjøpt ein bygning ved Kvednabekken av Bakkejorde, og der hadde han bygd ei oppgangssag. Han hadde visst ogso kvern der. Dette overdrog han saman med søre Ro i 1874 til sonen Tolleiv Østenson 1848-1930.

I 1877 makeskifta Tolleiv bort «den Tomt og Pladser som Tollef Roes Sag nu staar paa ved Kværnebekken» til Torstein Knutson Bakken, mot «fuld Raadighed til paa min Eiendom nedenfor Roebroen ved Hemsilelven at opføre en Vandsaug og med den fornødne Plads til Tomt for Sagen, saavel som til Tømmer og Bord». Begge stykkjene til odel og eigedom, heiter det. Det Tolleiv fekk att var denne plassen her, Gjæla, med vannfall. Far til Torstein, Knut Torsteinson, hadde bruksrett. Han samtykte no i byte. 1878 vart det bygd ny oppgangssag på grunn til dette bruket nede ved Hemsil. Det var nokre valdresar som stod for dette. I 1879 vart sonen Tolleiv Østenson 1848-1930 klaga av Ola Nilsson Løstegard, fordi han «ved en nedenfor Roebroen oprettet sagbrug, hovedsagelig ved det vand som han har bemægtiget samme». Saka vart vist til retten. Ola åtte då kverna og eit sagstøe på andre sida av elva. I 1896 fekk Tolleiv skøyte på kverna av Halvor Torsteinson Løstegard for kr 700. Frå 1901 til 1913 åtte S. Viljugrein halve saga. På denne oppgangssaginnreiinga vart alle materialane til nye-kyrkja skore. Seinare vart oppgangssaga bytt ut med sirkelsag. I 1897 vart det montert høvel her, og sidan har saga heitt Robro Sag og Høvleri(L)

I 1877 makeskifta Tolleiv bort tomta og plassane som Tollef Roes sag no står på ved Kvernebekken, til Torstein Knutson Bakken. Til gjengjeld fekk han full råderett til å føre opp ei vassag på eigedomen sin nedanfor Roebrua ved Hemsilelva, med den plassen som trongst til sag, tomt, tømmer og bord. Begge eigedomane skulle vere odel og full eigedom. Det Tolleiv fekk i byte, var denne plassen her, Gjæla, med vassfall. Faren til Torstein, Knut Torsteinson, hadde bruksrett og samtykte i bytet.

I 1878 vart det bygd ei ny oppgangssag på grunn som høyrde til dette bruket nede ved Hemsil. Nokre valdresar stod bak bygginga. I 1879 vart sonen Tolleiv Østenson (1848–1930) klaga inn av Ola Nilsson Løstegard fordi han hadde oppretta eit sagbruk nedanfor Roebrua og i hovudsak nytta vatnet som han hadde teke i bruk der. Saka vart send til retten. Ola eigde då kverna og ei sagstø på den andre sida av elva. I 1896 fekk Tolleiv skøyte på kverna frå Halvor Torsteinson Løstegard for 700 kroner. Frå 1901 til 1913 åtte S. Viljugrein halve saga.

Den elektriske drivkrafta vart teke i bruk frå 1913. Då vart det bygt fleire ganske store sagbruk. I 1980- åra var det 10 sagbruk i bygda, og 3 av desse hadde ogso høvleri. Dei fleste av sagbruka sysselset fleire mann heile året, og i skurtida om våren og sommaren har fleire av dei 8-10 mann i arbeid. I 1960 var desse sagbruka i drift i bygda: Granheim Sag og Høvel, Robru Sag og Høvleri, Løstegard Sag, Håvelmo Sag, Slåtto Sag og Høvel, Slettemoen Sag, Viko Sag, Svøo Sag, Gol Andelssag og Gladhusbekken Sag. Alle fekk tømmeret frå skogane i Gol, og trematerialane frå sagbruka vert førde ut, mykje med jernbana eller med biltransport både sør og vestover.

Rosaga vart ogso eit moderne sagbruk noko etter 1900(B)(B), då den fekk sirkelsag og høvleri. 

Her på Gjøla bygde Tolleiv Østenson Ro 1848-1930 ved århundreskifte ei kvilarstugu (av reisverk), som vart kalla Sagastugu. Det budde fastbuande folk her so av og til. I 1910 selde Tolleiv sin lut av saga med dette bruket, heile mølla og skogremmen ovafør Storebråten til sonen Østen for kr 5000. Han fekk skøyte i 1918 på Robro Mølle (48-25) Østen Tolleivson Roe (søre Ro) 1882-1961 dreiv kverna til den vart lagt ned (omkr. 1915). I 1913 kjøpte han halve saga og halve Gjela av S. Viljugrein for kr 4000. Då han i 1915 tok ut skylddeling på Gjela, kristna han om bruket til Østro, som ogso vart familienamn til borna. Men same året (1913) selde Østen den eine halvparten av saga vidare til broren Tolleiv, og dei dreiv saga saman til i 1918. Då kjøpte Østen attende broren sin halvpart for kr 10.500. I 1912 kjøpte han eit skogstykkje (frå 41-10 og 45-4) av Nils Knutson Bakken, som låg mellom Gamlevegen og Bakkejorde (Østroremmen, 41-18), for kr 1700. I 1914 kjøpte Østen og Embrik Haugo Kvedntræ saman på skifte etter Steingrim Olsson Løstegard for kr 610. Av dette fekk Østen skilt ut sin firdel (48-40), og fekk auksjonssskøyte på denne i 1916 for kr 122. 

Nils Knutson Bakken f 1922 g 1944 m Ruth Oline Juliúsen, Lier, f 1919. Smiu stod litt nord opp for stugu, visstnok bygd i åra 1852 til 1854. Den stod til ho rotna ned i 1970- åra. I åra 1909 og 1910 bygde Johannes sirkelsag i bekken like nedanfor vegen over Moen (Bakkemoen). Den rasa saman i 1960-åra. Like nedanfor saga stod det ei bekkekvern, som saman med badstugu vart rive etter at det vart bygd mølle og turke ved Heslabrune. Johannes hadde sett kverna i god stand. Han hadde bytte ut dei gamle steinane og kjøpt att eit større par frå ei nedlagt kvern i Spildra. Desse steinane vart seinare nytta som hagabord på Midtun. Bekken som rann over bruket her heitte Kvednabekken. Men innafor dei ymse bruka han rann over hadde han lokale namn, som Øddebekken, Bakkebekken, Rustebekken, Hattebrøtbekken og Hattebekken. I 1983 vart det grave ny lei for bekken frå tree på vestsida av bekken på Bakken (45-4) og ned på Tørvdammen.

Verksdrift.
Matrikkelutkast frå 1723 viser at det var 28 kverner i Gol. Dei fleste var små bekkekverner, men det var og litt større kverner som mol til andre. Dei fyrste industrielle anlegg her i bygda var dei kvernbruka som kom i gong sist i det 18. hundreåret. Dei løyste etter kvart av alle bekke- og gardskverner og tok til seg kornmaling frå eit større område. Dei kan kallast
bygdemøller. Det var ikkje lenger slik alle stader som på Rotneim der kvar mann hadde sitt kvernhus. Dei i Liagardo ville ha det til at på Rotneim voro grannane mykje usamde, og dei sa det slik: «På Rotneim har dei kor si tru og kor sitt kvednahus.» «I Storå'n var det i 1850—60-åra eit par ismöller som mol til fleire. Dei hadde ei på ise ved Nerebrøta. Når det fraus om hausten, dytta dei ned halm og demde vatnet på sløkji so kvedne skul' gå om vetn. Om våren måtte dei passe på å ta ned kvednahuset med alle tølo. Slik var det ved Person-fossen med. Dei toko mjöl for malinga, visse pøtta for tunna», fortalde Torstein Gutigard. Men verkelege bygdemøller vart det ikkje før i siste delen av 1800-talet. Den fyrste av desse var den ved Heslabrua. Om den og om møllaren der, Kvedna-Per, har Th. Trondsgrd fortalt etter sonen til Per, Gilbert Foss: «Ein av dei som dreiv lengst i dei gamle kvernruka ved Heslabrua i føre hundreåret, var Peder Gulbrandsen Heslafos, eller Kvedna-Per som han til dagleg vart kalla millom bygdefolket. Han var fødd i Strømsoddbygda i 1808, og i ungdomen budde han ei tid på ein av dei gamle plassane i Vass-faret. Derifrå kom han til Gol, slo seg ned ved Heslabrune og tok til som mylnar i den gamle kverna på austsida av Hemsil. Kverna høyrde Viko, Hesla og seinare Eidsgard til. Kverna stod like nedanfor brua. Kva år detvar, er ikkje heilt visst, men truleg i slutten av 1850-åra. I ei liten stugu ovanfor kvernhuset budde Per med huslyden sin, og den var ikkje liten. 11 born hadde han. 8 reiste til Amerika. Dei som vart verande att her, var Margit Heslamoen som budde i Gol heile si tid, Per Heslafos som vart mylnar i Flå og Andres Foss, brannformann i Drammen. Søner etter den siste er Gilbert Foss, pensjonist, busett i Gol, og Alf Foss, lensmann i Uvdal. Kvedna-Per var ein bra mylnar og godt likt av dei mange bøndene som kom til han med leigemaling gjennom åra. Dette kvernhuset stod nok fårleg til når det var flaum i elva, og tre gonger vart det teke av flaumen i Per si tid. Verst var det under storflaumen i 1860. Då strauk både kverna og stugu, so han miste alt han åt te og hadde nære på sett livet til sjølv og, under freistnad på å berge noko av lausøytret. Han fekk litt hjælp av grannar og vener til å koma seg over tapet. Han timra opp nye hus med tid og stunder, og kverna kom i gong att. Etter det gamle folk fortel, dreiv Kvedna-Per og mol der heilt til ut i 1890-åra då ein ny flaum sopte med seg kvernhuset. Den vesle stugu, kvednastugu dei kalla, vart standane att, men ny kvern vart ikkje bygd der meir. So var ho slutt den omlag 40 år lange mylnartenest til Peder Gulbrandsen Heslafos. Namnet Heslafos tok han i bruk etter at han kom til Gol eit høveleg namn etter den staden der han fekk so mange og lange arbeidsdagar. Elles vart han mykje nytta som omboddsmann for lensmannen. Han tok ofte lange turar både innan Gol og til andre bygder for lensmannen. Han var ein god skilaupar og gjekk på ski vinterstid, so framt det var føre til det. Eit par eldgamle furuski etter han, lange og breide med tre tommar lange tupparog viubindingar, truleg laga i Vassfaret, er tekne vare på som eit gjævt minne. Kvedna-Per døyde i 1911, 103 år gamal, og var visstnok då eldste mannen i heile fylket.» Ved Personfossen var og ei noko større mølle i dei tider. Den høyrde Hesla til. Mylnaren der i 1875 var og ein innflyttjar, Andreas Akselsen.

På lag frå same tid hadde ogso mølla ved Robrua vorte eit møllebruk som hadde fått all maling frå den indre delen av bygda, og som mol mykje ogso for folk frå Hemsedal. Mølla ved Robrua høyrde Ro til.

Då det vart elektrisk kraft å få frå Myklefossverket bygde eit aksjelag Gol Elektriske Mølle med elektrisk turke ved Heslabrua i 1913. Det var då ikkje svært lenge før den mølla tok til seg mest all maling frå heile bygda, og dei andre møllebruka vart nedlagde.

Det var ei kledestampe i Gol alt i 1850-åra. I 1853 selde Tolleiv Larson Glitre både stampa og mølla si til Tolleiv Knutson Klemma. Det var i Storån, ved Personfossen, den var bygd.

I 1890-åra kom Tomas Hærum frå Lærdal og bygde stampe og fargeri ved Liåne straks attmed hovudvegen. Han drev bra og hadde mykje arbeid. Denne verksemda helt drifta gåande til ut i 1930-åra.

Om sagbruka er det fortalt i kapitlet om skogbruket.

Nokre snikkarar tok ved 1900 til å drive arbeidet frå ein fast arbeidsplass. Det vart verkstader. Dei tok til å nytte maskinar i arbeidet, og det vart då noko større produksjon av trevarer hjå desse. Ein av dei fyrste som fekk seg verkstad var Halvor Larson Stakebråten.Han bygde snikkerverkstad ved Robrune, like ovanfor kverna som var der då, straks etter 1900. Han fekk då nytte vasskrafta frå turbinen i kverna. Ei tid flytte han verkstaden til hi sida, burt på Brubakken. Der dreiv han maskinane med bensinmotor. Han dreiv verkstad der til han døydde i 1920-åra.

Noko på same tid fekk Kristoffer Stuvebakken seg til ein snikkerverkstad ved Liåne i Herad.

Då den elektriske krafta kom i bruk, vart det etter kvart fleire verksemder. Mindre trevarefabrikkar kom etter kvart, og fleire av dei har vakse og utvida gjennem åra, so dei no sysselet fleire arbeidarar.

Det er no desse verksemder i gong: Einar Kinnebergbråten, verkstad for reiskap og reparasjonar, Bratland og Ulsaker, Olav Berget, Guttorm Brenn, Faråsen og Gol, alle trevarefabrikkar. Alle har 5-10 mann i stadig arbeid. Dei fleste av dei som har reist desse verksemdene har gått på den arbeidsskulen som var i Gol til i 1940. Her kan ogso nemnast at fleire ungdomar i Gol som gjekk på denne skulen, vart flinke tømmermenn, og har hatt mykje arbeid med den store hyttebyggjinga som har vore driven i Gol.

Etter bilane overtoke og vart dei fremste køyreigreiene i bygda, har det vakse fram fleire reparasjonsverkstader i bygda. No er det 5-6 slike i gong, og dei gjev arbeid til ikkje få menneske.

Sag bruka og trevarefabrikkane hadde i 1960 ein samla omsetnad på kr. 3 146 641 Dette har då vorte ei grein av næringslivet i Gol, og det veg ikkje so lite i det økonomiske liv i bygda no.

Ei verksemd treng serleg omtale som den fyrste i sitt slag her i bygda: Rustberggard Skifabrikk. Det var Mikkel P. Rustberggard som starta skifabrikk i Gol. Når ein reknar fra 1899 då han gjekk i gang, var det berre 4 skifabrikkar før her i landet. Mikkel Rustberggard gjekk fyrst i hjulmakarlære i Kristiania, og dreiv deretter hjulmakarverkstad i 2 år. Så var han på Thorvald Hansens Skifabrik i Kristiania ei tid, og det var der han lærde skimakaryrket. I 1899 tok han til heime på Rustberggard og dreiv både hjulmakararbeid og skiarbeid nokre år. I 1911 slutta han med hjulmakararbeidet, bygde skifabrikken og tok til med skiarbeidet for fullt. Han kunne ha 5-6 mann i arbeid på fabrikken, og årsproduksjonen var kring 500-600 skipar i året, omlag berre handarbeid som dette arbeidet var den tid. Rustberggard Skifabrikk vart godt kjend, og hadde godt ord for svært gode ski. Han selde ikkje lite ski i utlandet og, so som i Sverige, Finnland og Østerrike. Ein spesialitet han fann opp og arbeidde med var dei lange fjellskia. Det gjekk ikkje lite av dei til reinsgjætarar og andre som hadde bruk for slike ski.På utstilling i Bergen 1910 fekk han gullmedalje for skiarbeid. I Wien, der han og stilte ut, fekk han sylvmedalje, og på jubileumsutstillinga i 1914 fekk han og sylvmedalje. Etter at Mikkel døde i 1921 overtök svogere, Johan Jensen, saman med Håvel Smedsgard fabrikken og dreiv denne fram over ei tid. I den tida fekk ogso fabrikken sylvmedalje ved ei utstilling på Kongsberg i 1924. I 1935 overtök sonen til Mikkel, Per Herbrand Rustberggard, fabrikken og dreiv han til i 1950. Då bygde han om fabrikken til ungdomsherberge. Han stilte og ut ski på Hallingdalsmessa i 1936 og fekk gullmedalje der.

Handel

Har funne sju krambuer- landhandleri i Gol kommune som starta opp sist på 1800 talet. Det var krambu ved Rolvshus, Breidokk, Donkemoen, Golreppen, Stajonsbrua og Heslabrua. Eit alvorleg problem for alle som dreiv handel på denne tida, var at mange av kundane ikkje greidde å gjera opp for seg. Etter 1900(L) kom det 20 nye daglegvareforretningar. 4 nye i Donkemoen, 4 på Rotneim, 3 på Øygardane, 2 ved Robru 1 på Tuppeskogen, 1 ved jernbanestasjonen og 5 i området mellom Heslabrua og Stasjonsbrua. Jamo Daglegvare frå 1976 i Hallingsenteret var den siste etablerte matbutikken før daglegvarekjedene overtok marnaden. Skotten lågpris som kom i 1988 var de første og  Rema 1000 frå 2008 den siste. Pr 1.jan 2026 er det 5 matvarekjeder i Gol kommune som konkurerer om kundane. 

Handelslagsfilialen ved Robru. Ei tid hadde handelslaget i tillegg til butikken (Gullhaug)(B) på Øygardane, filial på Robru i ei leigd stove(B). Denne stova(B) bygde Engebret Haugo(L) då han tok til med hjulmakarverkstad ved Robrune i 1903. Seinare bygde han ei stugu til, som det vart bygd på ein andre etasje. Der dreiv Barbo kafé. 

Bleiktvedt landhandleri1934-1961 (27 års drift)(B). Ola H. Bleiktvedt(B) byrja kjøpmannsforretning i nybygg på Robru 1934. Han vart styrar for Robru brevhus i 1947, som vart Robru postopneri i 1960. Ola døydde i 1960. Her kan du lesa minneorda etter han(B). Kari Bleiktvedt hadde sin siste annonse i Hallingdølen 27.05.1961(B)

Robru landhandleriA/S 1935- (til 2026 91års drift)(B). Eigedomen Bruflat(B) 48/71 vart utskild 1934. Eit forretningsbygg reiste seg, og i 1935 kunne den første styraren Bratland ynskje velkomen til "ein god handel" Litt historie: "Ødegård handelslag, eit aksjeselskap, vart skipa i 1913 og dei løyste handelsbrev same året. Først leigde dei lokale i krambua Gullhaug 41/17 til Knut Knutson Sørbøl på Øygardane. Gullhaug kom på sal i 1918 og handelslaget kjøpte eigedomen av Sørbøl. Ei tid hadde handelslaget i tillegg til Gullhaug, filial på Robru i ei leigd stugu(B)". 1934 kom samvirketanken på grunn av beskatning og kundeutbyte. I annonser frå 1952, 1957 og så seint som 1969 har namnet Robru samvirkelag vorte brukt.  Med åra vart Robru meir som eit sentrum på Øygardane og det vart bestemt å byggje nytt forretningsbygg her. Det kom i 1935 og då vart Gullhaug filial. Frå no av var Robru samvirkelag (landhandleri) avdeling I og Øygardane avdeling II. På årsmøtet 1963(B) vart det lagt vekt på at Robru Handelslag er eit reint privat andelsselskap som ikkje er tilslutta Norges Kooperative Landsforbund. Årsmøtet av 1978 stilte spørsmål om det var tid for å leiga forretninga bort. Frå 30. mars 1981(B) til og med 1988 var det Robru dagligvare A/S som styrte.  Frå i. november 1988 var det Robru Nærmat A/S(B) som reklamerte for varene sine. I mars 1998 kom Joker Robru(B) hit, og er her endå. Februar 2000 vart det  leiarskifte(B)(B) I 2025 vart Joker- butikken døgnopen(B).

Nokre snikkarar tok ved 1900 til å drive arbeidet frå ein fast arbeidsplass. Det vart verkstader. Dei tok til å nytte maskinar i arbeidet, og det vart då noko større produksjon av trevarer hjå desse.

Ein av dei fyrste som fekk seg verkstad var Halvor Larson Stakebråten(L) (1869-1926) Halvor og fam. nytta Solheim som familienamn. Han byrja fyrst med snikkarverkstaden på leigd grunn på Svello (seinare Fredly, 38-65), og budde då heime i Stakebråten. I 1899 hadde han kjøpt seg ei mekanisk snikkarmaskin (stemmaskin). Omkr. 1906 flytte han snikkarverkstaden fram åt Robrun, og den vart sett opp att litt ovafor Robru like ovanfor kverna som var der då. Han fekk då nytte vasskrafta frå turbinen i kverna. Ei tid etter flytte han verkstaden til hi sida, burt på Brubakken på grunn til Gløtten. Då nytta han bensinmotor. Han dreiv verkstad der til han døydde i 1920-åra. 

Elektrisitet

Embrik Eidsgaard bygde elektrisitetsverket i samdrift med mølla han hadde i elva ved Heslabrua straks etter 1900. Det var ikkje meir enn det gav lys til huset hans, og det gjorde mykje av seg. Oppé i Golreppen såg dei at det lyste ei lampe av seg sjølv nede ved Heslabrua, og det tente til å nøre kravet om at det måtte bli elektrisk kraft i bygda. Men i 1919 kom det ein storflaum og reiv med seg kvernhuset og dermed e.verket. E.verket vart då selt til Granheim, men huset stod til etter krigen(B).

Granheim bygde elektrisitetsverket ved Kleivafossen, og han vart forsynt med lys og kraft. 

I 1915 gjekk oppsitjarane ved Robrua saman og bygde eit lysverk. Kvernbruket der vart nedlagt då, og dei fekk det gamle kvernhuset til kraftstasjon. Verket gav lys til nokre heim ar på både sider av elva ei stutt tid.

 I 1919 tok ein storflaum det gamle kvernhuset, og verket gjekk til til grunnne. I 1919 bygde O. Narum, Knut Hesla, O. Slettmoen og Per Kinneberg eit noko større verk på 48 HK ved Myklefosse ovanfor Heslabrua. Det vart ferdig i 1913, og frå då fekk Golreppen og stroket ved Heslabrua, ca. 40 huslydar, elektrisk ljos. Verket produserte straum til noko over 200 lampar og drivkraft til eit stort møllebruk med kornturke. Olav Berget bygde eit verk i Hemsil ved Kroken. Det var i drift i 25 år og gav kraft til trevarefabrikken hans og ljos til grenda nærast ved. Desse småverka hjelpte til å fremja kravet frå folk flest i bygda at heile bygda måtte få elektrisk kraft. Men det drygde lenge før bygdestyringa ville gå inn for kraftutbyggjinga. I 1911 fekk heradstyret spurnad frå amtet kor mykje kraft kommunen ville få bruk for om Norefalla i Numedal vart utbygde. Styret svara at dei torde ikkje uttala seg om kommunen kom til å ta kraft frå Nore «på Grund af Herredets Beliggenhed». I 1912 sende heradstyret søknad til departementet om å få kyndig hjelp til gransking og utrekning av fossefalla i bygda. Dei nemnde då at heradstyret hadde tenkt å ekspropriere fossekaft til eit elektrisitetsverk. Frå då av har då kraftsaka teke til å verta ei sak som måtte løysast kommunalt. Men året etterpå kom Myklefossverket i gang, og dermed slo bygdestyringa seg til ro att for ei tid. Same året kom tilbod frå advokat Hustad om at kommunen kunne få kjøpe Personfossen for kr. 15 000,—. Men det ville ikkje styret gå med på. Det var altfor høg pris, meinte dei. Hustad slo prisen ned til kr. 12 000. men dei sa likevel frå at dei ville ikkje kjøpe. Ola Brøto spurde og same året om kommunen ville nytta retten sin til å erverve Heslafossen med kvernbruk og utbyggjing. Dei svara nei då og. Burti 1920-åra tok krava om elektrisk kraft i bygda til å presse på so kommunen måtte til å arbeide med saka. I 1923 hadde heradstyra frå Gol, Nes og Flå sammøte på Nes. Då var det på tale at fylket kanskje tenkte på å byggja ut Hallifossen nedanfor Sverkerudbrua. På dette sammøtet vart dei samde om å sende eit framlegg til fylket om at dette måtte byggja ut kraftverk ved Hallifossen so snart råd var, so dei tri kommunane kunne få kjøpe kraft til den pris fylket heldt. Men goliingane ville ikkje binde seg til å kjøpe kraft lenger enn til dess Aker hadde bygt ut falla sine i Hemsil og Storelva. Det vart ikkje noko av at fylket kom til å byggja noko kraftverk i Hallingdal. Ei tid etterpå kjøpte likevel Gol og Nes kommunar fossen for kr. 75 000. Dei tok halvparten kvar. Det var då med tanke på at dei kanskje kunne koma til å byggja kraftverk saman. I 1929 og 1931 purra kommunestyret på Aker at det var på tide dei skaffa Gol den krafta dei var kontraktbundne til å levere. Dei truga med å gå til sak mot Aker kommune med påstand om at denne måtte yte vederlag for den krafta dei ikkje hadde levert. Sjælve om det ikkje var fastsett ei viss tid krafta skulle leverast, kunne det vel ikkje vera i samsvar med vanleg rett at Aker kunne skyte ut leveringa «evindelig» 1931 sette heradstyret ned ei nemnd til å ta seg av elektrisitetsaka. I nemnda var Østen Blakkestad, Asle Hesla og Ola Håvelmoen. Då tok det endeleg til å verta fortgang i arbeidet med kommunal kraftutbyggjing.kraft frå Ål, og anleggsstyre vart valt. 15. januar 1935 fekk anleggsstyret fullmakt til å ta inn anbud og setja opp kontrakter om levering av høgspentline og av transformatorer gjennom Gol frå Ål til Nes grense, ledning til Åsgardane og levering av material til lågspentnettet. Arbeidet kom straks i gang, og frå hausten 1935 har Gol Elektrisitetsforsyning vore i gang. I 1936 vart det vedteke å byggja høgspentline frå Golreppen til Hemsedalsdelet, utbyggjing av lågspentnettet på Øydgardo og i Grønlio og innløysing av lågspentnettet til Olav Berget. Ål hadde bygt ut eit kommunalt kraftverk på 200 HK i 1914. Det gjekk godt, og verket måtte straks til å byggja ut meir, so i 1919 kunne det yte 600 HK. Men krava om kraft ogso til oppvarming og teknisk bruk steig stadig, og i 1930-åra måtte verket i Ål stadig utvide. I 1939 disponerte det 3400 HK. Då var Ål heilt forsynt, og verket kunne ogso levere kraft utanfor bygda. I 1934 tok kraftnemnda i Gol opp tingning med Ål kommune om kjøp av kraft frå Ål kraftverk. Det kom til ei avtale hausten 1934 om levering av straum frå Ål, og med Myklefoss om innløysing av ledningsnettet dei hadde bygt ut. Heradstyret vedtok so å skipa kommunalt kraftverk med leigd Då både Hemsedal, Nes og Flå ogso kom til å leige kraft frå Ål, vart høgspentlina Ål Svenkerud, med transformatorstasjon ved Svenkerud, bygd ut i fellesskap av alle fire kommunane. Lina kosta kr. 1 339 673. Av dettemåtte Gol ta kr. 473 522. Denne lina står under eit felles styre. I det er formannen i Gol Kraftforsyning formann og medlemmene er formennene i dei andre kraftforsyningane. Gol kommunale kontor står for kasserararbeidet for denne lina. Heile kommunen har fått elektrisk ljos og kraft. Det høgspente fordelingsnettet er nære på 40 km, og det lågspente på lag ca. 120 km. Det er 30 transformatorer i bygda. Anleggsutgiftene var kr. 731 929. Til 30. juni 1957 var denne kapitalen nedskriven med kr. 382 580. Av dette kjem fram at verket har drive godt. Heilt frå starten og til 1960 var Bjørn Lagmannndokken driftstyrar. I 1940 åra vart Åbj øra utbygd. Tesleimfjorden vart då regulert opp med 11,5 meter. Som vederlag for skogen og beitet som vart sett under vatn fekk kvar støl som hadde rettar ved fjorden tildelt gratis straum. Etter kontrakt frå 1948 mellom Foreningen til Begnavasdragets regulering og Gol, skal det leverast fritt 1 kw til kvar støl som har fått neddemt skog. Dette er: Til Guristet 15 kw, Audnhaugli a 21 kw, Lauvsjø 10 kw, Hjartingstø 15 kw og Oset 1 kw. Dertil har Oset hotell som vederlag for neddemming og andre ulemper under og etter reguleringa fått 15 kw. serskil. Soleis har stølslaga på nordre Golingsåsen ogso vorte forsynte med elektrisk lios. Dei av stølane som ikkje kunne få gratisstraum fær kjøpt straum frå Åbjørå kraftlag. Det same gjer dei fastbuande folka på bruka burte i Åsen. Gol og Hemsedal saman fekk ogso rett til å ta ut 600 kw frå Åbjørå, til kostnadspris. Dette har ikkje vore aktuelt enno, og det vert truleg ikkje til at denne krafta vertnytta. Då Oslo Lysverker i 1958 bygde ut Hemsilvassdraget, kunne alle som hadde selt fallrettane i elva, ta i bruk den gratisstraumen dei hadde venta på i vel 40 år. Det vart i alt 306 kw. Når falla i Usta- og Storelva nedover til Nes vert utbygde av Buskerud Fylke, Akershus Fylke og Oslo saman, skal Hallingdalskommunane ha rett til å ta ut opptil 1/3 av den kraftmengda Buskerud fylke får tildelt, nedtransformert ein stad i Hallingdal, til kostnadspris. Då skal det til kommunane i Hallingdal bli ca. 40 000 kW til fordeling millom dei.

Gjennom 100 år har Norge endra seg frå å vera eit av dei fattigste til eit av dei rikaste i verda. Elektrisiteten har vore ein av dei viktigaste årsakene til veksten i samfunnet vårt. To ting har betydd særleg mykje for Hallingdal. Først bygginga av Bergensbanen som vart opna i 1909. Deretter kraftutbygginga i Hallingdal. Kraftutbygginga førte til hundrevis nye arbeidsplassar i anleggstida. Seinare strøymde inntektene til kommunane i form av konsesjonskraft og avgifter og til slutt eigedomsskatt av kraftleidningar og kraftstasjonar. Al Kraftverk leverte rimeleg kraft til el-forsyningane i Nedre Hallingdal i mange år. Men etter at storparten av vassføringa i Hallingdalselva vart ført i stortunnelen frå Al til Nes, måtte Al Kraftverk redusere produksjonen mykje. Den vesle produksjonen til kraftverket vart berre eit supplement til straumforbruket i bygda. I staden vart det skipa eit Hallingdal Kraftlag, der alle el-forsyningane i dalen vart med.