Jakob Trondsen Tørvi dreiv både gard og hotell
Soga om Tørvi og Bruvoll
Jacob Trondson Tørvi (1822–1903) kom opphavleg frå Fet, men slo seg ned som gardbrukar på Tørvi då han i 1858 gifta seg med enkja Anna Eriksdotter. Jacob var ein framtidsretta mann med mange jarn i elden; han kjøpte sagveltet i Marifjøra i 1862 og starta landhandel, før han i 1875 vart postopnar og seinare dampskipsekspeditør. Han er likevel mest kjend for å ha drive gjestgiveriet i Marifjøra, som etter overtakinga i 1875 fekk namnet Tørvis hotell. Jacob og Anna dreiv Tørvisgarden livet ut og fekk seks born saman.
Eigedomane deira vart etter kvart delte mellom borna. Sonen Anders Jakobsson (1863-1903) tok over verksemda i Marifjøra, medan stesonen Trond Anderson Tørvi (1853–1910) fekk skøyte på heimebruket på Tørvi i 1904. Trond gifta seg i 1907 med Ragnhild Andersdotter frå Vang i Valdres, men ekteskapet var barnlaust. Trond sin lagnad vart brå og tragisk. Bygdetradisjonen fortel at han omkom etter eit fall ned ei loftstrapp under eit lag i bygda. Soga seier at hesten tok tapet av herren sin så tungt at han nekta å eta, og stura til han seig om og døydde.
Etter at Trond gjekk bort følgde ei tid med stillstand. Garden, som fram til 1906 hadde vore ein av dei største i Jørongo sokn, vart no stykka opp. I 1912 fekk Olai Ludvig Helgeson Reksdal (1863-1939) g. m. Karen Nilsdotter Joranger (1867-1937) skøyte på det som var att av hovudbruket, etter at ei rekkje parsellar og innmarksteigar var selde frå. Olai og Karen tok etter kvart namnet Tørvi og var drivarar fram til 1934 då Rasmus (1898-1979) og Johanna (1899-1994) overtok.
Ein av desse parsellane, Bruvoll (tidlegare Bruteigen) kjøpte Peder Anderson Høgi. Dottera hans, Bertha (1894-1988) g. m. Erik Høgi (1878-1919) fekk hand om parsellen Bøen. Erik døydde i 1919. Bertha gifta seg på nytt med son til Olai og Karen, Helge Tørvi (1890-1967). Dei flytta til Galleberg i 1924. Bøen vart då seld attende til hovedbruket. Peder Anderson Høgi (1871-1933) og kona Synneve (1856-1948), busette seg no på Tørvi og dreiv Bruvoll.
Då dei eldast, tok dottera Johanna (1899-1989) over ansvaret og fekk skøyte på Bruvoll i 1931. Sønene Per og Johannes vart fødde på Tørvi. Familien busette seg etter kvart på Jørongo i Trondastova. I nesten femti år, fram til 1978, vart Bruvoll driven som ein del av Trondagarden.
I 1978 selde Johanna eigedomen til dåverande eigar Olav Tørvi. Som ein del av dette salet vart tomta 98/13 skild frå til dagens eigar.

