Jakob Trondsen Tørvi dreiv både gard og hotell
Soga om Tørvi og Bruvoll
Gift med to brør: Anna Tørvi (1830-1901) var oppvaksen på Tørvi der ho dreiv garden saman med foreldra. Ho vart i 1848 gift med Anders Trondson Fet (1812-1856), som då dreiv «klokkargarden» (bnr. 3) på Fet. Men i 1850 makebytte han garden med svigerfar sin på Tørvi og flytte dit. Men berre seks år etter, i 1856, døydde Anders. Anna og Anders fekk 2 born i lag: Susanna (1850-1926) vart gift på Nes i Luster og Trond Andersson (1853–1910) som i 1904 vart gardbrukar på Tørvi.
To år etter gifte Anna seg att, no med ein yngre bror til Anders som heitte Jacob Trondson Fet (1822-1903). I tillegg til å drive garden på Tørvi var Jacob også handelskar, og kjøpte seg opp i Marifjøra. Først kjøpte han i 1862 Marifjøra Sagvelte (gnr. 2) (der Per Jarle Molland bur) og dreiv landhandel der. I 1875 fekk han skøyte på Leirholen og Marifjøra Almenning (garden, hotellet, butikken, dampskipskaia og postopneri). Jakob er nok mest kjend for å ha drive gjestgiveriet i Marifjøra, som etter overtakinga i 1875 fekk namnet Tørvis hotell.
Jacob og Anna dreiv Tørvisgarden livet ut og fekk seks born saman.
Eigedomane deira vart etter kvart overtekne av borna. Sonen Anders Jakobsson (1863-1903) tok over verksemda i Marifjøra. Han vart gift 1894 med Thea Ragnhild Molland frå Røneid og dei dreiv dette saman til Anders døydde i oktober 1903, berre 40 år gamal. Thea heldt fram å drive til 1920 då ho selde til Hans Bugge Næss (1893–1962) som kom frå Hofslund i Sogndal. Ho sjølv flytte då tilbake til Røneid.
Anna Tørvi døydde i 1901. Berre to år seinare, i februar 1903, gjekk ektemaken Jacob bort, og same året døydde også sonen deira, Anders Jacobson. I 1904 tok Trond Andersson (1853–1910) over Tørvi. Han var Anna sin son frå første ekteskap. Trond gifta seg i 1907 med Ragnhild Andersdotter frå Vang i Valdres. Ekteskapet var barnlaust. Trond fekk ein brå og tragisk lagnad; bygdetradisjonen fortel at han omkom etter eit fall ned ei loftstrapp under eit lag i bygda. Soga seier at hesten tok tapet av herren sin så tungt at han nekta å eta, og stura til han seig om og døydde. Etter dette flytta Ragnhild Andersdotter attende til Vang, og lagnaden hennar etter dette er ikkje kjend. Slektsforholda i familien var tette: Trond var steson til Jacob, samtidig som Jacob var onkelen hans.
Anna Tørvi vart nemd i jubileumsboka til Joranger kyrke 2022 av di ho hadde vore bidragsytar av ein "messeserk". Det kom fram i eit notat om kyrkja i 1903 skreve av B. E. Bendiksen. På kyrjegarden står det framleis gravminne etter Anna, mennene hennar, Anders og Jokob og sonen Anders.
Etter at Trond gjekk bort følgde ei tid med stillstand. Garden, som fram til 1906 hadde vore ein av dei største i Jørongo sokn, vart no stykka opp. I 1912 fekk Olai Ludvig Helgeson Reksdal (1863-1939) g. m. Karen Nilsdotter Joranger (1867-1937) skøyte på det som var att av hovudbruket, etter at ei rekkje parsellar og innmarksteigar var selde frå. Olai og Karen tok etter kvart namnet Tørvi og var drivarar fram til 1934 då sonen Rasmus (1898-1979) og Johanna (1899-1994) overtok. Med dette utfallet var ei ny biologisk slekt etablert på Tørvi.
Ein av desse parsellane, Bruvoll (tidlegare Bruteigen) kjøpte Peder Anderson Høgi. Dottera hans, Bertha (1894-1988) g. m. Erik Høgi (1878-1919) fekk hand om parsellen Bøen. Erik døydde i 1919. Bertha gifta seg på nytt med son til Olai og Karen, Helge Tørvi (1890-1967). Dei flytta til Galleberg i 1924. Bøen vart då seld attende til hovedbruket. Peder Anderson Høgi (1871-1933) og kona Synneve (1856-1948), busette seg no på Tørvi og dreiv Bruvoll.
Då dei eldast, tok dottera Johanna (1899-1989) over ansvaret og fekk skøyte på Bruvoll i 1931. Sønene Per (1933-2007) og Johannes (1936-) vart fødde på Tørvi. Familien busette seg etter kvart på Jørongo i Trondastova. I nesten femti år, fram til 1978, vart Bruvoll driven som ein del av Trondagarden.
I 1978 selde Johanna eigedomen til dåverande eigar Olav (1941-2012) og Halldis (1947-2018). Som ein del av dette salet vart tomta 98/13 skild frå til sonen Ingolf (1940-).