"Elskere" av lustranaturen sel basecampen sin på Indre Hafslo. 

Gnr. 98 bnr. 13, Tørvisvegen 70.  6873 Marifjøra. 4644 Luster kommune. 259.9 moh. Tomta er på vel 1 deka.

"Ein eigedom med personlege fotavtrykk, omkransa av Benkestokk-arv og soga om Tørvi og Bruvoll"


Bustaden er fordelt på to plan og har eit samla bruksareal (BRA) på 142,9 m². Dette er fordelt på 126,2 m² internt bruksareal (BRA-i) og 16,7 m² eksternt bruksareal (BRA-e). Inne i bustaden finn du 72,2 m² i første etasje, medan underetasjen består av 54 m² bueining og 16,7 m² eksternt areal. I tillegg har bustaden ei praktisk matbod på 5,4 m², men sidan takhøgda her er under 190 cm, er ho ikkje rekna som måleverdig areal. Det totale bruttoarealet (BTA) er på 175,8 m², noko som inkluderer ytterveggar, dei innvendige areala og ein stor og praktisk overbygd veranda på 20,95 m². 

Alle areal er rekna ut i samsvar med den nye bransjenorma for arealmåling frå 2024.

98/13 er fri for konsesjon og buplikt. Vegen forbi Brubakken er kommunal og vinterbrøyta. Bustaden er knytt til det kommunale vassverket.

Salsprosessen er det Hedda Njøs som tek seg av. Eiendomsmegler MNEF Eiendomsmegler Norge, avdeling Sogndal Mobil +47 947 86 772  hedda.njos@emvest.no   www.eiendomsmeglernorge.no