Bustaden er fordelt på to plan og har eit samla bruksareal (BRA) på 142,9 m². Dette er fordelt på 126,2 m² internt bruksareal (BRA-i) og 16,7 m² eksternt bruksareal (BRA-e). Inne i bustaden finn du 72,2 m² i første etasje, medan underetasjen består av 54 m² bueining og 16,7 m² eksternt areal. I tillegg har bustaden ei praktisk matbod på 5,4 m², men sidan takhøgda her er under 190 cm, er ho ikkje rekna som måleverdig areal. Det totale bruttoarealet (BTA) er på 175,8 m², noko som inkluderer ytterveggar, dei innvendige areala og ein stor og praktisk overbygd veranda på 20,95 m².
Alle areal er rekna ut i samsvar med den nye bransjenorma for arealmåling frå 2024.
98/13 er fri for konsesjon og buplikt. Vegen forbi Brubakken er kommunal og vinterbrøyta. Bustaden er knytt til det kommunale vassverket.
