Sel Tørvisvegen 70
Gnr. 98 bnr. 13, Tørvisvegen 70. 6873 Marifjøra. 4644 Luster kommune. Tomta er på vel 1 dekar.
Me har kalla Tørvisvegen 70 for Brubakken, fordi eigedomen ligg i den vesle bakken opp frå brua over Tverrelva. Då me bygde huset i 1980/81, var det med full bustadstandard - med ein tanke om at me kanskje ein dag ville flytte heim og bli fastbuande her.
I over 45 år har Brubakken vore fritidsbustaden og samlingspunktet vårt. Me bygde staden for å kunna koma heim i helgar og feriar, vera saman med familie og vener, og ikkje minst for å utforske bre og fjell i Luster og nærområda rundt. Det har me gjort til gangs - Brubakken har for oss vore den perfekte basecampen. Unikt turområde
No er me komne godt opp i 80-åra og ser at staden blir mindre brukt enn før. Difor har tanken om å sleppe nye eigarar til vakse fram.
Som følgje av ein kommunal planvask i 2010 vart arealformålet for både tomta og bygningen omdefinert frå helårsbustad til fritidsformål. Når bruksendring frå fritidsbustad til bustad vert søkt i dag, kjem heile eller delar av gjeldande byggteknisk forskrift (TEK17) til anvending. Kommunen kan gje dispensasjon eller unntak frå einskilde tekniske krav dersom endringane vert uforholdsmessig kostbare og tryggleiken framleis er ivareteken (Plan- og bygningslova § 31-2), men eit fagleg grunnlag må liggje i botnen. Dette er eit søknadspliktig tiltak med krav om ansvarlege føretak. Det tyder at huseigar ikkje kan søkje sjølv. Ein byggmeister med tiltaksklasse 1 må stå for sjølve søknaden til kommunen, samordne prosjektet og sende inn teikningar, dispensasjonssøknader og dokumentasjon..
Når bygget opphavleg vart ført opp som fast bustad, stiller ein ofte sterkare når det gjelder å få unntak frå einskilde moderne krav (som f.eks. full universal utforming eller krav til ekstrem isolasjonstykkelse i eksisterande veggkonstruksjonar).
Plan- og bygningslova § 31-2 gjev kommunen høve til å gje godkjenning utan at heile kassa må ribbast, men føreset at sikkerheit mot brann, helse og miljø er fullgodt ivareteken.