Vestportalen i Dale kyrkje

Steinen til vestportalen i Dale kyrkje er truleg henta frå Kleberseggi.

 Møtet med klebersteinsportalen i den gamle steinkyrkja gjer oss nesten mållause. Nidarosdomen har   slike  portalar, i større format sjølvsagt, og det er ikkje så rart. Men ei landsens kyrkje - ei slik   openberring?
 Dette "underverket" i Luster let seg faktisk forklare ganske enkelt, i alle fall når det gjeld tilgangen til   kleberstein, for det finst mykje slik stein i området. Steinen til vestportalen i Dale kyrkje er truleg henta   frå Kleberseggi, nordaust for stølen Dale på Indre Hafslo. Steinen har blitt transportert ned bakkane til   Fet, køyrt til Marifjøra og frakta vidare på fjorden inn til Luster. 

 Meir om kyrkja her.