Vestportalen i Dale kyrkje
Steinen til vestportalen i Dale kyrkje er truleg henta frå Kleberseggi.
Møtet med klebersteinsportalen i den gamle steinkyrkja gjer oss nesten mållause. Nidarosdomen har slike portalar, i større format sjølvsagt, og det er ikkje så rart. Men ei landsens kyrkje - ei slik openberring?
Dette "underverket" i Luster let seg faktisk forklare ganske enkelt, i alle fall når det gjeld tilgangen til kleberstein, for det finst mykje slik stein i området. Steinen til vestportalen i Dale kyrkje er truleg henta frå Kleberseggi, nordaust for stølen Dale på Indre Hafslo. Steinen har blitt transportert ned bakkane til Fet, køyrt til Marifjøra og frakta vidare på fjorden inn til Luster.
Meir om kyrkja her.![]()