HESLABRUA  I 2008 vart det montert rekkverk mellom gangfelt og køyrebane for å skjerme dei gåande.

Heslabrua er frå gammalt eit kjent namn, og vart etterkvart eit viktig vegkryss i dalen og sentrum i Gol.

Her kan du sjå korleis brua og husa omkring var i 1915-20 åra.

I eldre tid låg brua lenger ned og var ikkje til å lita på, t.d. i vårflaumen. Då kunne Hemsila fara hardt med henne, og det var eit spurlag oppover dalen om ho var farandes. Å koma over elva elles bar ikkje til. Frå 1826 og åra framover vart det bygt kjerreveg gjennom dalen, og  ein må rekna med at Heslabrua då vart sett i bra stand. Då ny gjennomgangsveg til Hemsedal, Sogn og Valdres vart bygd, auka trafikken på brua. Gol vart eit trafikkmessig knutepunkt der hovudvegar møttes frå fire retningar.

Den nye veglina mellom Heslabrua og Robru var bygd ferdig i 1875 og ombygginga til Tuv i 1880. Frå før gjekk det veg over Hemsedalsfjellet til Lærdal. Den vegen var ferdig i 1844.

Arbeidet med nyevegen (maksimumstigning 1:15) frå Heslabrua opp Åsgardane til Rust kom i gong våren 1879 og var ferdig i 1880. (Bilde frå Nedre Røysen syner spor etter ny og gamal veg i Åsgardane) Stølseigarane forlenga vegen 14 kilometer austover til Møne. Denne vegen gjekk om Kamben og var ferdig hit i 1890. Frå Kamben vart det arbeidd ein veg til Lislelie, gjennom Mønhaugane og til Møen og vidare til Langehaugane og Sanderstølen. Då hadde dei vagsamband med Valdres. Dei fastbuande ved Fosshaugane og Klanten var ikkje nøgd med dette og bygde sjølv ny veg omlag der vegen ligg i dag, og denne vegen var ferdig i 1914. Då hadde dei lånt kr. 1500 i Gol sparebank. Først i 1910 vart det opna ny veg frå Leira gjennom Åbjørdalen til Gol, ein veg som i 1937/38 vart ombygd. Vegen opp til Åsgardane og innover har vorte utvida og utbetra fleire gonger.

Gamlevegen gjennom Mo´o, det me i dag kaller Gol sentrum, gjekk frå Rolvshus og Viko over Dalabakken, gjennom tunet i Jupedalen og Eidsvall og opp til Heslabrua. På den andre sida av brua svinga Ålingsvegen ned att etter elva og ned på Glitre. Kom ned mellom Glitremoen og skøytebana og ned forbi husa på Glitre, gjennom tunet på Peronbråten og vidare oppover langs storelvi. Denne vegen vart bygd i 1820 åra. Før den tid var det berre kløvje og rideveg her. Frå Rolvshus til Heslabrua gjekk det ein beinveg omlag der sentrumsvegen ligg no. Vegen frå Nes gjekk på østsida av storelvi til Herad, Lagmannsdokken og opp til Rolvshus.

Den nye brua  der ho no er med dei fine mura kjera vart  ombygt for statsmidlar i 1879. Brua vart då ei spennverksbru. Me les i Golboka om at den fyrste bilen som køyrde hallingdalsvegen var den 7. juli i 1909. I 1912 vart det gjeve løyve til ei bilrute frå Gol jernbanestasjon og over til Borlo i Lærdal.

Under krigshandlingane i 1940 vart brua sprengt, og nytt dekke vart lagt ei tid etter.

Her ser du brua frå 1943.

Her ser du brua frå 1958

I 1958 vart brua oppgradert til Kl.1. Kraftutbygginga i Hallingdal krevde betre bruer og kostnaden vart forskuttert av Oslo Lysverker inntil midlane vart løyvd via statsbudsjettet. Køyrebana vart 7,5 m brei og fekk to fortau a 1.25 m. Den vart og senka noko for å unngå oppfylling av vegen forbi Eidsgaard sin eigedom. I 1987 vart det lagt nytt betongdekke på brua. Det måtte utførast ein flaumreparasjon ved brua i 1995. I 2008 vart det montert rekkverk mellom gangfelt og køyrebane for å skjerme dei gåande. Brua fekk ny asfalt i 2014 noko bygdefolket tykte var på tide. Bilde her viser at den nye brua er bygd på dei same brukara som brua frå 1879.

1976 vart riksvegen lagt ned mot Hallingdalselva og avlasta Heslabrua og trafikken gjennom Gol sentrum. (Meir her) men framleis er Heslabrua viktig i trafikken.