Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Området f.o.m Rolvshus t.o.m Narum utgjorde det såkalla Nøreimvaldet(L) Bilde under viser den omtrentlege gamle grensa mellom Herad og Gol som går frå Lisbetnuten til Melhovd. Nøreimvaldet saman med bruka i Eiklesvaldet(L), Hoftun- og Frøysokvaldet(L), (medrekna Hagen) og Livaldet(L) utgjorde Herad, som i gamal tid skal ha vore eit sjølvstendig gardssamfunn med eigen tingstad(L).

https://admin.mekke.no/data/images/853/hv2/HG6b.jpgPå bilde over frå 1914, ser ein til venstre Robøle(B) som var eit bygselbruk til Viko. Husa vart rive 1914 eller næraste åra etter. Ein ser hustuftene når ein går traktorvegen frå Robølevegen og oppover mot Larshus(L). Bakerst i bilde ligg Hoftun, Frøysok, skulen og Liagardane. Bygginga av kyrkja starta først i 1932.

Bilde under er frå 1920

Framom Hahaug ligg Viko gard(16) som hadde skysstasjonen frå sist i 1870 åra til 1902(L).  Kinneberg/Breidok(15).  Søre Breidokk(14). Furuly,"villaen"(11) i Rolvshus(B)(L) bygd i 1912 som H. Edv. Berg flytta til etter at han selde Rolvshus Hotell(12) og krambua/telefonsentralen(13)(B) i 1913 til famelien Hyggen, som dreiv hotellet til 1942L).  Eit anna bygselsbruk under Viko var Robølehaugen(mellom 10 og 13) Det låg der Gol Hotell(B) vart bygd(L).  Broheim- Rustegarden(10).  Østli- Navrud(9).  Dokken(8).  Nordre Lagmannsdokken(7) som var ein gamal kvilarplass. Her tok lassekøyrerane inn og kjøpte kaffi(L). Naboen Søre Lagmannsdokken(B) som er utanfor bilde var eit gamalt bruk som måtte vike plass for Oslo Lysverker og Riksvegen. Stasjonsbrua vart bygd i 1909(B).  Gol Stasjon(4) vart offisielt opna i 1907 då Bergensbana vart teke i bruk på strekninga Bergen - Gulsvik. Då jernbanelina var bygd ferdig fram til Drammen vart  det offisiell opningen av Bergensbana den 27. november 1909(B).  Hesla Hotell(2) er frå 1910. Her bygde Asle Hesla d.e. opp Hesla Hotell(B). Asle og kona dreiv hotellet og Hjørnet(3) krambua(L). Nordre Narum(5), har gjeve tomt til jernbanstasjonen og bebyggelsen rundt stasjonen(L).  Fagerlund(6) gav hus til både postopneri og skysstasjon.  Sørheim(1), huset til Jens Arneson Søndreli er frådele Søre Narum. Lengre aust, utafor bilde ligg Søre Narum(B)(L).

Kor kunne ein leige hus for natta i 1914? Rolvshus Hotell(B) ved fam. Hyggen var i drift til 1942. Hesla Hotell(B) vart bygd i 1910. Skysstasjonen til Narum(B) ved Jernbanestasjonen var fortsatt i drift, og ved Heslabrua kunne ein overnatte ved Eidsgaars Hotell(B). Dessuten kunne ein leige rom på Golsfjellet. Peder E og Guri Narum bygde Oset Seterhotell(B)(B) i 1880. Det var det første hotellet på Golsfjellet. På Ørterstølen(B) tok Bjørn og Ingebjørg Rust i mot sommergjester frå 1907. Arne Bleiktvedt bygde i 1913 opp eit pensjonat på Golsfjellet vest. (Golsfjell fjellstue) På Kamben kom dei i drift omlag 1920(B). Sjå Erling Lae på historisk vandring på (B)

Skysstasjonar: I 1680 var det skysstasjon og gjestgjeveri ved Hovtun(B) (Hoftun) i Herad. Då Gol vart kommune i 1837, starta Ro opp med skysstasjon(L). Frå før var det ingen skysstasjon mellom Hovtun og Hemsedal. I 1852 var stasjonen i Herad komen til Haga. Skysstasjonane vart faste i 1860 åra. Stasjonshaldaren måtte då binde seg til å halde eit visst tal hestar til ei kvar tid, og det vart slutt på skyssplikta til bøndene. I staden måtte kommunekassa betale eit årleg tilskot til stasjonshaldaren. I 1873 var den faste stasjonen på Øygardane komen til Løstegard. Ola Løstegard hadde sett opp Båstadstove ved hovedlina i 1876, og her bytta dei skyss frå Hovtun og Eikre. I Herad var skysstasjonen atter komen til Hovtun. Då nyevegen vart bygd etter elva frå Robru til Hemsedal i 1880, vart det skysstasjon ved Kleva (Granheim)(B)(B) og Viko. Viko Skysstasjon(B) var i drift til 1902. Då vart stasjonen flytt til Eidsgaard Hotell og var der til 1913. Då kom det krav om at stasjonen måtte flyttast til jernbanestasjonen. O. Narum stelte i stand skysstasjon der ved Fagerlund. I 1924 kunne dei setje ned stasjonshaldet til ein hest. 1931 vart skysstasjonane lagt ned. Då hadde bilane teke over tenesta. Har funne nokon bilde som tyske soldatar tok under krigen med tittel Rolvshus Skysstasjon. Eit par av desse finn ein og i Gol DigitaltMuseum, men det er uråd å finne dokumentasjon på at det var skysstasjon her. Ved omtale av hotellet står det gjerne at Rolvshus Hotell ligg lagleg til i forhold til skysstasjonen på Viko.