NØREIMSVELDET

Nøreimsveldet omfattar heile Nøreim med Viko og strekkjer seg frå Eikleseign og til det gamle dele mellom Herad og Gol (Mjelhøvd, Kvernhushaugen, Hahaug og Lisbetnøbbe).

9/1 Søre Nøreim  ligg på vestsida av Hallingdalselva og grensar til Eikle i sør (øst) og Nørdre Nøreim ved Gol jernbanestasjon i nor (vest). I Vestlia eig bruket eit skogsområde opp til Nøreimstølen og vidare opp til grensa med Nesbyen kommune. På Søråsen er det fleire skogteigar. Bustadtomta 9/22 Sørheim vart i 1918 seld til Jens Arneson Søndreli. 9/96 Tomta til Gol Sag og Høvel A/L vart utskild frå Søre Nøreim i 1957 men kjøpt attende i 2004. 9/24 Fredheim er eit lite bruk som er skild frå Søre Nøreim i 1919. 9/2 Endefjellstølen vart selt til Hagen i 1843.

5/12 Nørdre Nøreim ligg i hellinga i Vestlii, like bak Gol Jernbanestasjon. Husa 2015.  Bustadtomter utskilt frå Nørdre Nøreim: 5/63 Hesla Hotell, 5/145 Hjørnet, 5/66 Fagerlund, 5/170 Nørstad, 5/169 Elvestad, 5/97 Rud og 5/79 Nordheim.

9/3 Viko ligg på austsida av Hallingdalselva, ovafor Nøreim og er opprudd i utmarka til Nøreim omkr. 1600. Du kan lesa om Viko her. Bustadtomter utskilt frå Viko i nedre Gol (øvre Herad): S. 801 - 823. 9/4 Rolvshus var bygselbruk til Nørheim/Viko omlag år 1700: s. 823. Bustadtomter utskilt frå Rolvshus: s. 827.  9/9 Petterbråten s. 660 var husm.pl. til Viko, og 9/20 Tronderud/Løvlia var bygselbruk (leigebruk) til Viko. I 1916 vart 9/20 Tronderud/Løvlia skyldelt frå Viko s. 667. 

I 1634 var det strid om Viko høyrde til Nøreim eller Krona.

(Krongods er en jordeiendom som tilhører kongemakten kronen). Det var Ole Knutson Garnås som møtte i retten for Mikkel Asak, Skedsmo, som var fullmektig over  kanikkgodset (canonigods) til Oslo Kapital.

Les om kyrkjegodset i Hallingdal her. Les om kongegodset i Hallingdal (gyrvoldgodset) her. Du kan lesa om det lokalkyrkjelege godset her.