Frå Gol sentrum kan ein sjå skibakkane snirkle seg nedover fjellsida ved Skagahøgdi. På toppen jobbar utbyggaren no med planane for å utvikle området. Hytter, hotell og chaletar ligg på teiknebrettet, og no har politikarane fått nye forslag på bordet.
Dei går i hovudsak ut på å auke utnyttingsgraden i området og gjere nokre justeringar for at planane skal bli meir tenlege. I tillegg er det foreslått å auke makshøgda for eit mogeleg, framtidig hotell til 20 meter. Utviklinga av området blir møtt med positive tilbakemeldingar, men politikarane ville vere tydelege frå start på at silhuetten betyr noko for dei. Eit samrøystes utval vedtok å utsetje saka. Til neste behandling vil dei ha ei synfaring i området. Dei vil i tillegg sjå 3D-modellar som viser silhuetteffekten frå fleire stader i Gol sentrum, og ein modell som viser hotell i 20 meters høgde, 15 meters høgde og høgde som svarar til dagens grenser.