Gol skiheis(B) vart bygd seinhaustes i 1964(B) og hadde offisiell opning 24. januar 1965(B). I 2004 kunne ein lesa dette(B) I 2013 vart skiheisen selt(B) og namnet vart endra til Skagahøgdi skisenter. I Hallingdølen av 23. januar 2024 står det at Odin Gruppen AS(B) har kome inn på eigarsida(B) og har store planar for korleis destinasjonen skal utviklast(B). Namneendring: Gol fjellandsby og Gol skisenter.
Hallingdølen sept. 2026 
Gol fjellandsby jobbar vidare med utbyggingsplanane ved skisenteret. Politikarane er skeptiske til 20 meter høgt hotell.

Frå Gol sentrum kan ein sjå skibakkane snirkle seg nedover fjellsida ved Skagahøgdi. På toppen jobbar utbyggaren no med planane for å utvikle området. Hytter, hotell og chaletar ligg på teiknebrettet, og no har politikarane fått nye forslag på bordet.

Dei går i hovudsak ut på å auke utnyttingsgraden i området og gjere nokre justeringar for at planane skal bli meir tenlege. I tillegg er det foreslått å auke makshøgda for eit mogeleg, framtidig hotell til 20 meter.

Sistnemnde fekk Utval for natur og næring (UNN) til å bremse litt.

– Dette er eit av våre satsingsområde og eg trur det kan bli kjempeflott. Men 20 meter høgt hotell, det synest eg er i overkant, sa Karianne Østro (Ap).

Mykje bra - men...

Detaljreguleringa som er foreslått, må ut på høyring før noko kan skje. Før den tid får likevel politikarane høve til å kome med nokre signal.

Administrasjonen er i all hovudsak positive til endringane som er foreslått. Dei meiner planen i hovudsak er godt gjennomarbeidd, men har bedt politikarane ta stilling til forslaget om auka byggehøgde. Det er den tydelegaste endringa i forhold til planane som alt gjeld for området.

– Mange i vårt parti var tydelege på at 20 meter ikkje er noko me ønsker, sa Herbrand Jegleim (Sp).

Vil sjå illustrasjonar

Østro understreka at ho gjerne vil vite meir om korleis dette blir sjåande ut.

– Frå fleire stader i Gol, la ho til.

Det fekk ho støtte for i resten av utvalet. Utviklinga av området blir møtt med positive tilbakemeldingar, men politikarane ville vere tydelege frå start på at silhuetten betyr noko for dei.

Eit samrøystes utval vedtok å utsetje saka. Til neste behandling vil dei ha ei synfaring i området. Dei vil i tillegg sjå 3D-modellar som viser silhuetteffekten frå fleire stader i Gol sentrum, og ein modell som viser hotell i 20 meters høgde, 15 meters høgde og høgde som svarar til dagens grenser.